20.10.2009 09:07
Øystein Dahle har gjennom mange år vori ein kunnskapsrik, reflektert og sentral deltakar i debatten om korleis samfunnet kan meistre miljøkrisa, og som styreleiar i Den Norske Turistforening var han ein engasjert talsmann for dei verdiane som knyter seg til friluftslivet og landskapet - ikkje minst det landskapet som er prega av menneskeleg hausting og bruk gjennom fleire tusen år. Tydelegare enn dei fleste andre i denne posisjonen har Øystein peika på samanhengen mellom fjellet og dei små bygdesamfunna i kring fjellet. Slik har han vori - og er sikkert framleis - ein viktig alliert for alle oss som dagleg kjempar for framtida til fjellbygdene.

Når Øystein Dahle som styreleiar i Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) no omtalar røynslene frå prøveordninga om motorisert ferdsle i utmark og kommenterer særskilt det han kallar Vinje-modellen (Nationen 13.10), lyt eg likevel taka til motmæle. Ikkje fordi eg har eit anna utgangspunkt enn FRIFO («rekreasjonsverdien og hensynet til naturen»), men fordi FRIFOs framlegg til lov utvilsamt vil ha den motsette verknaden av det ein ønskjer å oppnå.

Vinje kommune dekkjer eit areal større enn Vestfold fylke. Det aller meste er skogsheiar og fjellvidder, og bygdene har til alle tider vori vende mot denne utmarka slik kystfolket er vendt mot havet. Snøskuteren var etablert som framkomstmiddel i vegløysa lenge før staten innførte restriksjonar på slik ferdsle;og då lova kom i 1978 og utfordra denne praksisen, møtte ho ikkje like stor forståing hjå alle. Sjølve rettsoppfatninga - synet på legal plikt i høve til legitim rett eller skilnaden på kva som blir oppfatta som rett og rettferdig - er ein hovudfaktor i diskusjonen om motorferdsle, slik det også er i ei rekkje vernesaker.

Tradisjonell skiløyping har alltid stått sterkt både blant bygdefolk og hyttefolk, og auken i bruken av snøskuter var sjølvsagt til sjenanse for mange i Vinje òg. Mellom utmarksbrukarar med og utan motor utvikla det seg etter kvart ein konflikt det var vanskeleg å finne løysing på, heilt til kommunen som ein del av prøveordninga fekk høve til å leggje ut løyper for fritidskøyring med snøskuter. Ein lang, brei og krevjande prosess tufta på Plan- og bygningslova gav som resultat ei ordning som kunne godtakast av alle med interesse i saka, og som framfor alt har skapt ein vesentleg betre tilstand i utmarka om vinteren.

Derfor er det merkjeleg å lesa at FRIFO refererer til «hovedkonklusjonene i motorferdsleforsøket, nemlig at den totale trafikk- og støybelastningen økte i forsøkskommunene». Forsøket viste ikkje dette, fordi omfanget av trafikk og støy aldri blei registrert i perioden før forsøket tok til. Den opplevde verknaden for alle oss i Vinje er tvert om at den trafikken skiløyparane tidlegare risikerte å møte over alt, også i høgfjellet, blei samla i trasear som bind grendene saman. Mange går nærast parallelt med bilvegane. Ved at snøskuterklubbane fekk ansvar for gjennomføringa av ordninga, er det etablert ein streng indre justis i miljøet - ein langt meir effektiv måte å sikre ønskt åtferd på enn gjennom politi og kontroll utanfrå.

Dette vil ikkje seia at det ikkje skjer regelbrot også her. Dei bileta av snøskuterspor som leiinga i DN synte fram i triumf og som Øystein Dahle no brukar som fellande prov på at forsøksordninga har vori mislykka, er utvilsamt dokumentasjon på ulovleg køyring. Men i motsetnad til tidlegare er slike hendingar no eit unnatak, og blir oppfatta som ein provokasjon i snøskuterklubbane like mykje som i ålmenta elles. Lensmannen i Vinje er i sine uttaler klar på at det såleis er ein vesentleg skilnad på tilstanden før og etter forsøksordninga tok til - og han fryktar konsekvensane av å gå attende til det gamle regimet.

Kjernen i konflikten om bruk av snøskuter gjeld naturopplevinga gjennom friluftslivet. Denne opplevinga er ein viktig kvalitet for oss som bur i ein kommune som Vinje eller er knytte til bygdene og landskapet her som fritidsbuarar. Eg har trudd at den måten me i eit lokalt fellesskap har løyst denne konflikten på og våre vurderingar av resultatet, må vega tungt både for DN og dei som representerer det ikkje-motoriserte friluftslivet. DN har så langt ikkje vist seg interessert, men eg har ein ståande invitasjon til FRIFO om å koma til Vinje for å drøfte både dette spørsmålet og andre saker av felles interesse. Eg har stor tru på at Øystein Dahle seier ja til ein slik dialog.

Arne Vinje, ordførar i Vinje

Emneord
Les også