Kommentar Politikerne bør tale Den norske kirke midt imot. Den 12. biskopen hører naturligvis til i Nidaros.Les Kato Nykvist
Nye innlegg | ||
| Publisert 26.01.2009 kl 12:10 Oppdatert 26.01.2009 kl 12:28 |
Seniorforskar Pausewang ved Chr. Michelsens Institutt tyr til nedlatande personvurdering for å imøtegå min kronikk i Nationen. Dersom han hadde orientert seg før han skreiv, ville han visst at eg har arbeidd for nordisk bistand i Afrika i til saman 8,5 år. Vi får berre vone at manglande evne til å orientere seg ikkje er karakteristisk for hans analyse av jordbruket si rolle i den økonomiske utviklingsprosessen.
Han har ikkje fått med seg at det artikkelen min dreiar seg om er jordbruket si rolle i ein tidleg fase av økonomisk utvikling. I staden for å imøtegå det som er hovudtemaet skriv han om matvaretryggleik. Den jordbruksmodellen som Lønning og Pausewang skildrar, kan vere bra under ein tidleg fase i utviklingsprosessen, men den er ikkje verneverdig. Det går fram at lokalbefolkninga har god tilgang på mat i normale år, men når regnet sviktar kan det bli hungersnaud. Skal vi først diskutere matvaretryggleik, må vi komme inn på fattigdomen som er den primære årsaka til hunger og feilernærte barn. Dei som har tilstrekkeleg med økonomiske ressursar treng aldri svelte.
Vi må akseptere at afrikanarar på same måten som vi søkjer etter meir pengar som kan gje dei høve til personleg utvikling og større tryggleik i tilværet. Politisk eller forvaltningsmessig fordeling av jord til dei store og ressurssterke ligg langt frå det som eg ville gå inn for.
På det stadium som Etiopia er i, er det heilt fint med småbønder som har 7 dekar jord. Men vi må vere opne for at dei kan gjere seg nytte av kunstgjødsel og meir høgtytande sortar slik at dei kan få meir ut av arealet og arbeidskrafta si. Teknologisk utvikling innanfor ei marknadsøkonomisk ramme er heilt sentralt for økonomisk vekst og utvikling.
Tidleg i prosessen har det vist seg gunstig at jorda er fordelt på mange små familiegardsbruk, og at det blir lagt til rette for at dei kan utvikle seg vidare ut frå eigne val.
I denne prosessen kan det godt vere at småbøndene treng eit tryggingsnett slik at dei ikkje blir utnytta av dei meir kapitalsterke.
Dersom vi dømmer eit folk til å bruke nesten all arbeidskrafta si på å produsere mat til eiga befolkning, så har vi også dømt dei til bli verande fattige og sårbare i framtida. På den måten kan den minimale levestandarden som er kjenneteikna ved tusenårsmåla bere oppretthaldast ved varig tilførsel av ressursar utanfrå.
Eg er heilt samd med Pausewang i at land som Noreg og Østerike bør satse på virkemiddel som ikkje berre er baserte på prisar og marknader. Det gjeld for så vidt fattige afrikanske land og. Men å trekkje parallellar mellom t.d. Etiopia og Noreg er å gå for langt.
I Noreg er jordbruket sitt bidrag til nasjonalproduktet mindre enn 2 prosent, og det vi gjer med jordbruket spelar ikkje lenger så stor rolle for vår totale økonomi. Dei viktigaste måla for jordbruket vårt er kanskje ikkje lenger at det skal bidra til økonomisk vekst og utvikling? I Etiopia er situasjonen heilt annleis, og jordbruket er ein avgjerande faktor i den økonomiske utviklinga.
Afrika treng ein grøn revolusjon på same måten som asiatiske land gjekk igjennom ein slik fase for meir enn 30 år sidan. Avlingane vart meir enn dobla medan avlingsnivået i afrikanske land ikkje har auke på fleire tiår. Små familiebruk viste at dei kunne bli veldig produktive. På den andre sida er Afrika er det einaste kontinentet der produksjonen av mat pr. innbyggjar har gått tilbake i denne perioden.
Noko av skilnaden mellom asiatiske og afrikanske land er følgjande: Ein stor del av asiatisk jordbruk blir vatna og det er god infrastruktur for transport. Bøndene får hjelp med å skaffe seg innsatsfaktorar og med å selje produkta sine og asiatiske bønder har nytt godt av mange produksjonssubsidiar.
I afrikanske land er det liten utbygging av vatningsanlegg og der er dårleg infrastruktur for transport. Etter innføring av strukturtilpassings politikken vart dei afrikanske bøndene overlatne til dei frie marknadskreftene for å skaffe seg innsatsfaktorar og for å få selt produkta sine. I Asia vart det eit auka kjøpekraftig behov for matvarer, medan Afrika har sett lite av det som følgje av svak økonomisk vekst.
Det har skjedd endringar dei alle siste åra som gjer at vi nordbuar kanskje i større grad skal lytte og registrere. Fleire afrikanske land har oppnådd ein vekst i nasjonalproduktet som overskrid det vi ser i dei fleste andre land. Det nye er også at utanlandske investorar satsar mykje meir i Afrika. Denne endringa skuldast nok ikkje endringar i offentleg utviklingsbistand. Snarare er det eit resultat av at asiatar kjem til Afrika for å gjere forretning.
Satsinga på jordbruket har fått ein oppsving. Fleire land med Malawi i spissen har vist at dei er villige til å bruke ein større del av stasbudsjettet på jordbruket. Den frittståande organisasjonen AGRA (Alliance for Green Revolution in Africa) har som mål å løfte millionar av menneske ut av fattigdom og hunger ved å auke produktivitet og lønsemd for småbønder i Afrika. Tidlegare generalsekretær Kofi A. Annan er styreformann i organisasjonen. Han var pådrivar for vedtaket om tusenårsmåla som for ein stor del fokuserer på å redusere fattigdomen, og han ser på jordbruket som det viktigaste satsingsområdet i den samanheng.
For Noreg som har ein fattigdomsorientert bistand og går sterkt inn for at tusenårsmåla skal oppfyllast, må det vere naturleg å støtte opp om jordbruket som eit dynamisk element i utviklingsprosessen.
Ola Dvergsdal, dr. scient., landbruksøkonom og bistandsekspert
Skal vi først diskutere matvaretryggleik, må vi komme inn på fattigdomen som er den primære årsaka til hunger og feilernærte barn.
Samferdsel Lørdag ble to personer lettere skadd da isblokker falt ned fra fjellet og traff en bil i Sauda. Les mer
Få nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.
| i dag | i morgen | |||
| Oslo | 4.8° | 2.6° | ||
| Bergen | 2.5° | 2.4° | ||
| Trondheim | 1.2° | 0.6° | ||
| Stavanger | 2.5° | 1.6° | ||
| Lom | -1.8° | -1.7° | ||
| Oppdal | -3.8° | -3.7° | ||
| Røros | -3.7° | -4.0° | ||
| Jølster | -0.9° | -1.2° | ||
| Karmøy | 2.6° | 2.1° | ||
| Bryne | 3.0° | 1.7° | ||
| Gvarv | 5.8° | 3.2° | ||
| Stokke | 3.3° | 2.1° | ||
| Rakkestad | 2.6° | 1.3° | ||
| Fagernes | 0.2° | -0.6° | ||
| Stange | 2.3° | -0.2° | ||
| Snåsa | -0.5° | -1.3° | ||
| Beiarn | -1.8° | -2.8° | ||
| Bardu | -5.4° | -3.9° | ||
| Alta | -8.2° | -5.6° | ||
Siste kommentarer