Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster

Ein brei front

Arne Myrvang, Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk.

Publisert: 14.03.2008 00:05
I Soria Moria-erklæringa vart det fabla om at nødvergeretten skulle få ei oppdatering, men som vanleg var det ingenting som skjedde. Den 25. oktober i 2007 kom Trond Lien i Frp til å etterlyse kva som hadde skjedd med den. 1. desember same år svarte miljøvernminister Erik Solheim (SV) at denne nødvergeparagrafen skulle ut på høring ein eller annan gang.

Er det ikkje anna enn bløff med denne nye regjeringa? Den lover, men ingenting skjer. Hadde vi hatt nødvergeparagrafen, så kunne ein ha plukka ut lystmordarane blant rovdyra, men nei. Rovdyra skal gå, for er du så vill at du forsvarar husdyra dine, så er det verre enn om du knertar naboen din.

Så er det beiteretten. Der har Høgsterett dømt retten til fordel for landbruket. Og i stortinget 2004 vart det understreka betydningen av eigendomsretten herunder beiteretten. Dette betyr at grunneigarane er dei beste til å forsvara denne retten.

Men kva skjer? Før jul kunne Nationen opplyse at fleire tusen beitebrukere kom til å miste beiteretten, for alle må forstå at rovdyra må ha ein plass.

Det er her at ein forstår at det held på å surre seg for enkelte. Dei som meiner dette, er dei ikkje klar over at rovdyra går dit maten er?

Men kven er det som får i gang alt dette surret? Også her må politikerne bli såpass vaksne at dei tek nokre tå desse gamle-sure byråkratene og sender dei på smilekurs, eller aller helst sett dei på vedahogging. Det burde dei klare.

Kanskje landbruksdepartementet take med seg ein del miljøvernere for å sjå på at skogen helt på å overtek fjellet. Det er iallefall noko, men fredninga av Trillemarka, det var å vise makt.

Tenk på at hvis denne gjengen tenkt på å få til litt bedre miljø. Ein kunne tenkje på jernbane, små kraftverk, varmepumper og mange andre ting. Men feilen er vel at ein del politikere, miljøvernere og byråkrater har tenkt mest på lommeboka og gitt blaffen i distrikta.

Det er synd at slik som Bonde- og Småbrukarlaget er så svake. Bondelaget er ikkje anna enn ein dårleg etterligning av ein organisasjon.

Temaord til denne artikkelen:

Les også

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT