Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster

Levande bygder?

Jon Ingebretsen, naturrettleiar

Publisert: 25.02.2008 07:54
Kjære alle dykk som av ulike grunnar er glade i snøskuteren og illsinte på rovdyra: Ikkje gå så langt som å framstille det slik at det nærast vil bety distrikta sin undergang dersom ein ikkje kan få køyre fritt som ein vil med snøskuter, og dersom ein ikkje får utrydda dei store rovdyra.

At desse faktorane kan vera med på å bidra til mellom anna høgare livskvalitet og tryggleik, og vera positive for sider av næring og annan nytte i visse bygder, skal me ikkje underslå. Men hadde det verkeleg vore slik at fri bruk av snøskuter både i rekreasjons- og nyttesamanheng, og at ein rovdyrfri natur er dei viktigaste vilkåra for Bygde-Noreg si framtid, ville det vore enkelt.

Diverre må me kunne slå fast at det er sterkare krefter og styringsmekanismer som i stor grad er med på å bestemme om det skal vera liv laga i Noreg sine utkantstrøk i framtida. Sjølvsagt kan snøskuter- og rovdyrfaktorane vera det som som får karet til å renne over. Da vil det vera like viktig å prøve å opne tappekrana i botnen som å lage ei skår i karkanten øverst.

Når det er sagt: Bruka med fornuft, omsyn og måtehald, er snøskuteren ei velsigning i nærings- og annan nyttesamanheng, og i ordna og planmessige former også til fritidssføremål. Men ulovleg villmannskøyring må alle, også entusiastane, ta sterk avstand frå. Det vil ikkje vera av det gode for snøskuterbruken sin legitimitet å protestere uhemma nærast på alle sider ved framlegget til ny lov om motorferdsel i utmark. Her fins både positive og negative element. Men hovudgrunnen til at det blei vurdert som naudsynt å få ein gjennomgang med innskjerping av lova, kan me nok takke dei alt for mange lovlause verstingane i snøskutermiljøet for. I denne saka, som i dei fleste andre, er sakleg og konstruktiv dialog med styresmaktene den beste vegen å gå, i staden for kompromisslaus protest mot alt som i utgangspunktet er gjort i beste meining. Da vil truleg prutningsmonet i lovframlegget bli monaleg større. Å påstå at ikkje gjeldande rovdyrpolitikk er demokratisk forankra blir feil. Sjeldan har me sett eit så breidt tverrpolitisk forankra forlik som det som la grunnlaget for gjeldande rovviltmelding.

Å gå tilbake til tidlegare tiders totale utryddingsstrategiar av ville rovdyr som til alle tider, og lenge før husdyra inntok utmarksarenaen, har hatt tilhald i norsk natur, kan me ikkje vera bekjente av i eit moderne samfunn i respekt både for utmarksnæringane og for miljøansvaret vårt.

Temaord til denne artikkelen:

Les også

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT