Jon Ingebretsen, Vrådal, naturrettleiar
Eg bad rett nok om svar, og har likevel registrera hovudtrekka i det lange svaret Tronsmoen gjev meg. For min del vil eg altså avslutte debatten på dette temaet nå, i vedkjenninga av at vi ikkje har same oppfatning, og byggjer argumenta våre på ulike verdigrunnlag, som ikkje heilt ut kan sameinast. Derfor nøyer eg meg med desse avslutningsorda, i respekt for at vi ikkje er einige, og med ønskje om eit godt nyttår:
La det ikkje vera nokon tvil - som eit bygde- og landbruksmenneske, men også som ein naturens talsperson, vil eg alle utmarksbeitande husdyr og alle husdyrbønder alt vel. Men dersom det skal bli slik at om vi framleis vil ha nokre store rovdyr i norsk natur, så må vi la desse gå i innhegningar, fordi dei elles kan gjera skade på folk og fe og ta del i beskattinga av det jaktbare viltet saman med oss - ja, da er vi ikkje verdige til å ha ekte forvaltaransvar for desse ville dyra, som faktisk bør ha krav på eit fritt liv i naturen.
Ingen kan vel meine noko anna enn at det er å snu opp ned på deler av økosystemet slik det naturleg skal fungere, dersom vi nær sagt må setje rovdyra på «bås», for at husdyra våre, og vidare rovdyras naturlege ville byttedyr, skal få boltre seg fritt i utmarka utanfor rovdyrinnhegningane? Vi kan ikkje innføre fleire Langedrag-modellar og liknande «dyreparkar» både her og der i landet vårt, og føre naturarven vidare til barna våre med utgangspunkt i at det er slik, og bare slik, dei store rovdyra skal ha det.
Da er det faktisk meir ærleg å seie rett ut at det diverre ikkje er plass til store rovdyr i norsk natur. Vi kan da ikkje leggje opp til at ein gjennom arv og miljø også skal gjere rovdyra om til ulike slags «husdyr» etter kvart.












