Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster

Farleg forenkling

Ola Tronsmoen, Alvdal

Publisert: 05.11.2007 09:08
«Bjørnen er ikke farlig, dersom du farer varlig». Ja, sanneleg så naivt går det an å presentere for alt folket ei læresetning som bjørnen slår i gjel rett ofte. No sist i Sverige, først ein mann som opnar døra, og går ut nærmast i nattøyet for å kalla inn hunden sin. Båe drepne av bjørn.

To forskarar i Canada skulle forske på bjørn og plasserte seg ute i skogen med telt og forsyningar. Dei hadde lært korleis dei skulle omgås dette store og til tider farlege dyret. Svært trygge på seg sjølve, og med all kunnskap inne om korleis dei skulle handtere ein situasjon.

Men så kom det ein rugg av grizzly (gråbjørn) og ville undersøke teltet. Mannen gjekk ut, og hadde vel meint å skremma bjørnen bort. Bjørnen angrep, kona som var med, stod med middagsmaten, og drog ut med steikepanna for å prøve å få udyret på flykt. Ho vart offer nummer to. Dagen etter kom eit helikopter til åstaden for å henta dei to forskarane. Han fekk oppleva det grufulle som hadde hendt.

Naturfotografen Nevra var i Russland og tok opp film om korleis russiske bjørneelskarar og forskarar levde saman med bjørn. Ein som hadde isbjørnar inntil hytta si fortalte om pepparspray som eit brukbart middel for å driva bjørn bort når dei vart for nærgåande. Dette vart lagt fram som noe storvegs nytt i samværet med bjørn. Stor reportasje i «Ut i naturen» på TV, på radio og resten av pressa.

Eit halvt år etterpå vart denne mannen funnen død i nærleiken av hytta si. Ved sida av liket låg ein tom pepparsprayboks. Hendinga vart ei lita rute på ei halvspalte skriven med lita skrift.

Astor Furseth har skrive bok om rovdyr og kalla boka «Drept av bjørn og ulv». Boka finst i bokhandlane rundt omkring, og vil og vera tilgjengeleg i mange bibliotek. Hendingane er godt dokumentert, og derfor verdifull kunnskap om korleis desse dyra opptrer i ymse høve. Mennesket blir liten og ynkeleg i klørne og kjeften til desse dyra. Boka er eit godt svar på forskinga som no blir driven av verneinteresse.

Politikarar utformar fredingslover, og strafferammer for folk som bryt fredaingslover og vedtekter. Dette blir eit press mot folket i norske bygder, det presenterar kor lite verdt folket ute i bygdene er for dei, og for det mangfaldet desse menneska vernar om til samfunnet sitt beste.

I Sverige no for nokre dagar sidan kom to elgjegere ut for bjørn, heldigvis kom dei frå angrepet i live, men sterkt skadd. No går debatten på dette om at det var jegerane som hadde gjort feil og vart offer for angrepet. Rasmus Hansson i WWF sa i radiodebatt at det døyr mange menneske ved drukning utan at det blir noe serlig oppslag av det. «Derfor er det ikke noe uvanlig at noen blir drept av bjørn. Man må vurdere situasjonen. Man går ikke ut på farlige områder som dårlig is, snøskred etc. Slik må man også ta sine forbehold ute i naturen, så man kan unngå å komme opp i farlige situasjoner».

Ved fleire høve er det hevda at det har ikkje vore bjørneangrep på folk i Noreg i nyare tid. Sjølvsagt ikkje, når det har vore så å seia reint for bjørn. Men no i dag er det annleis. Skader på menneske som følgje av rovdyr har tredobla seg etter 1995 ifølgje Nationen.

Å forenkla rovdyrangrepa er å laga falske føresetnader som kan lokka folk ut i farlege situasjonar. Det bør offentlege personar og organisasjonar halda seg borte i frå.

Temaord til denne artikkelen:

Les også

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT