Kulturlandskapssenteret i Telemark, ved dagleg leiar Ingvill Marit Buen Garnås "Vaaland Burkeys innlegg ber preg av akademisk arroganse overfor landbruksnæringa."

21.09.2007 09:36
Tormod Vaaland Burkey hadde eit innlegg i Nationen den 10. september, der hovudpoenget var å få slutt på det «uinformerte gnålet»om at rovdyrpolitikken er til hinder for å oppretthalde biologiske mangfald knytt til kulturlandskap. Han skuldar landbruksnæringa for vikarierande motiv. Dinest stiller han spørsmålsteikn ved verdien av det biologiske mangfaldet i kulturlandskapet i Noreg i global samanheng.

Kulturlandskapssenteret ynskjer på ingen måte å gå på barrikadane i rovdyrdebatten, korkje på den eine eller andre sida. Det me derimot ynskjer, er å oppfordre fagfolk og andre deltakarar i debatten om å øve seg i kunsten å ha to tankar i hovudet samstundes. Kva er det ein oppnår ved stadig å framheve dei tilsynelatande uoverkomelege motsetjingane mellom levelege vilkår i landbruksnæringa, ivaretaking av kulturlandskap og/eller rovdyr? Ville det ikkje vera meir føremålstenleg å fokusere på kva for verkemidlar som trengst for at det i framtida skal vera mogleg å kombinere desse tinga?

Problemet er ikkje at det blir sett spørsmålsteikn ved rollen til kulturlandskapet for det biologiske mangfaldet i global samanheng. Debattar er til for å høgne kunnskapsnivået. Problemet er vinklinga og typen argumentasjonen som blir lagt til grunn. For det fyrste ber innlegget preg av akademisk arroganse overfor landbruksnæringa. For det andre er innlegget fullt av forenklingar og direkte feilinformasjon.

Vaaland Burkey påstår at sau på utmarksbeite ikkje kan ha noko som helst å seia for å stagge attgroinga i fjellet. Han meiner sauen blir slept «fritt ut i utmark, spredt over stokk og stein, hvor de ikke gjør annet enn skade». Det er riktig at attgroinga i fjell og stølslandskap fyrst og fremst skuldast opphøyr av setring og alt dette førte med seg av beitebruk, slått, sanking av ved til varme og ysting og så vidare. Klimaendringar spelar òg inn, men i liten grad i forhold til opphøyr av bruk. Endring av driftsformer har vidare, som Vaaland Burkey skriv, mest med ytre sosioøkonomiske forhold å gjera og sjølvsagt ikkje auke i rovdyrbestandane. Men kva har det med «bøndenes makelighet»å gjera? Meiner Vaaland Burkey at bøndene skulde ha halde seterlandskapet i hevd av rein idealisme?

Ein del av argumentasjonen gjev nesten assosiasjonar til diskusjonen om innvandringspolitikk: «De artene som trenger kulturlandskapet i Norge har historisk hovedutbredelse andre steder, typisk lenger sør i Europa. Det er vel i så fall der man skal gjøre noe for å opprettholde dem - ikke her, hvor de antagelig undertrykker lokale arter som er mer utsatt globalt».

Det er veldig lett å snu Vaaland Burkey sin argumentasjon på hovudet. Om det verkeleg er nordleg villmark ein skal verne, bør ikkje dette primært skje i Alaska eller Russland? Dette er sjølvsagt ikkje vårt standpunkt, men viser måten Vaaland Burkey argumenterer på. Noreg har like stor plikt til å ta vare på biologisk mangfald og genetisk variasjon innanfor kulturlandskapet som i rovdyrfaunaen.

Til skilnad frå mange land elles i Europa, har Noreg framleis mykje att av det gamle jordbrukslandskapet. Til dels tøffe naturtilhøve har gjort delar av landet dårleg eigna for utstrakt modernisering av landbruket. Såleis har store og samanhengande tradisjonelle jordbrukslandskap fram til no nærmast fått eit naturleg vern. Trugsmålet i desse områda er ikkje modernisering, men snarare opphøyr av bruk. Desse kulturlandskapa utgjer ein vesentleg del av den unike naturarven Noreg har å forvalte, og som me har forplikta oss til å ta vare på.

Det tradisjonelle landbruket la grunnlaget for ein variasjon og eit biologisk mangfald dei fleste ikkje er klar over. Ein stor del av dei truga og sårbare artane og vegetasjonstypane i Noreg er knytt til kulturlandskap. Den tradisjonelle slåtteenga er faktisk vår mest artsrike naturtype. Dei gamle lauvingstrea spelar òg ei viktig rolle for biologisk mangfald, og husar ofte sjeldne insekt- og lavartar.

Ifølgje Vaaland Burkey er det elles ingen manko på kulturlandskap her i landet i dag;«Omtrent 100 prosent av landet må regnes som kulturlandskap». Viss kulturlandskap definerast som alt landskap påverka av menneskje, er dette riktig. Men dette kulturlandskapet er i stadig mindre grad same sak som det «gamle»kulturlandskapet, skapt gjennom tradisjonelle driftsformer.

Dagens einsretting av landskapet er eit like stort trugsmål mot biomangfald knytt til det «gamle»kulturlandskapet som mot biomangfaldet i «upåverka»natur. Utfordringa ligg i å finne løysingar som kan ivaretaka båe delar.

Emneord
Les også