NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

25.07.2007leserbrev

Trendy med økomat

Anja K. Fjellvang, sivilingeniør, offshore-miljøteknologi "Det er ingen dokumentasjon på at økomat er sunnare og meir miljøvenleg."

Staten brukar i år minst 43 millionar for å fremje produksjon av økomat. Kvifor denne voldsame satsinga på økomat?

I jakta på svaret har eg blant anna lest stortingsmeldingar, og det næraste ei grunngjeving var dette utdraget frå Landbruks- og matdepartementet si nettside: «Regjeringa har som mål at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket i 2015 skal vera økologisk. Vidare seier regjeringsfråsegna at Noreg heng etter andre land når det gjeld å gjera økologiske varer tilgjengelege for forbrukarane, og at regjeringa vil styrkja dette området. Regjeringa ynskjer at det offentlege går føre som ansvarleg forbrukar og etterspør miljøvenlege varer og varer som er tilverka med høge etiske og sosiale standardar».

Ut frå denne teksten seier dei at vanleg norsk landbruk er mindre miljøvenleg og produserer etter mindre etiske og sosiale standardar enn økologisk. Korleis kan dei påstå noko slikt? Kva slags bondegardar har dei vore og inspisert som kan gje grobotn til slike påstandar?

På garden vår driv vi mjølkeproduksjon. Vi har lausdriftsinnhegningar, kumadrassar, kraftfôrautomat, som gjer at kyrne får maten fordelt i små posjonar utover døgnet, dei får tilgong på gras så mykje dei vil ha, får beskjæring av klauvene og medisin når det er behov (overdreven medisinering er lite vanleg i norsk små- og storfedrift, slik nokon synast å tru). Minstekalvane har stor binge med mjølkeautomat. Jorda vert berre sprøyta mot ugras når ugraset tek fullstendig overhand (i snitt kvart femte år). For mykje ugras reduserar fôrkvaliteten og fortreng vanleg gras.

Ja, det blir brukt mineralgjødsel og møkk for å auke produktiviteten. Når jorda blir dyrka tek plantane næring frå jorda. Så for å erstatte næringa plantane forbrukar, vert det nytta mineralgjødsel om våren og etter førsteslåtten. Det finst gjødsel som er tilpassa sur jord, leirjord med meir, for å betre dyrkingsforholda og hindre utarming av jord ved produksjon i næringsfattig jord.

Meiner staten at vi ikkje driv dyrevennleg, bærekraftig og miljøvenleg nok sidan dei diskriminerar oss økonomisk og kjem med antydingar som nemnt i argumentasjonen for økomat?

Det er ingen dokumentasjon på at økomat er sunnare og meir miljøvenleg eller at dyrevelferda er høgare på økogardsbruk. Korleis kan staten og departementa drive diskriminering og økonomisk forskjellsbehandling av ei heil yrkesgruppe utan å ha underlag i form av resultat frå forsking og dokumentasjon? At forbrukarane etterspør økologisk mat, er jo ikkje rart når det vert framstilt frå regjering og departement som at denne maten er meir skånsam for miljøet og at dyra har det betre. Dei har skapt eit kunstig behov, som har gjort økomat trendy og den vanlege gardbrukar «annanrangs» i forbrukarane sine auge.

Økobøndene får større tilskot og betre betalt for produkta sine enn vanlege bønder og i tillegg få dei kjøpe mjølkekvote til ein tredjedel av det vanlege bønder må betale. Dette er jo ei direkte oppmuntring til stordrift på økogardane. Allereie no er snitt-mjølkekvota (og dermed antall kyr i driftsbygningen) større hos økobønder enn hos vanlege gardbrukarar.

Nationen uttalar i på leiarplass 17. juli, at økomjølkproduksjonen må sikrast ved at økobønder skal få unntak om kravet om lausdriftfjøs. Kvifor skal dei det? Det er ingen som lid naud om dei ikkje får økomjølk, og det er vel ingen som smakar forskjell likevel. Kva slags dyrevelferdsikring er det å krevje at økobønder skal sleppe krav om lausdrift? Det er jo det som er eit av hovudargumenta til økorøyrsla.

Her er nokre argument for at tradisjonelt landbruk er minst like bra som økologisk:

  • Krav om kumadrassar, lausdriftsfjøs, utebeiting og dyremerking gjeld også her.
  • Meir solidarisk med tanke på verdas matmangel, då ein utnyttar jorda betre og får større avling per arealeining.
  • Tilførar jorda næring i form av fullgjødsel (gjev næring over lengre tidsrom enn møkk) som tilfører jorda mineral som betrar vekstvilkåra og hindrar utarming av jorda.
  • Økologisk landbruk forbrukar meir drivstoff i produksjon, då det krevjast større areal og meir mekanisk bearbeiding av jorda (meir traktorkøyring).
  • Det er minimal bruk av sprøytemiddel i tradisjonelt norsk landbruk i dag, og sprøytemiddel som kan nyttast har vore gjennom strenge godkjenningsprosessar. Og fordelen ved tradisjonelt landbruk er at ein har muligheit til å bruke det når ein får tørråte eller insekt- og soppangrep i avlinga.
  • Mindre andel mat (avfall på produksjonstad og i butikkar) må kasserast, fordi ein har betre muligheiter til å forsvare seg mot ugras, insekt, sopp og sjukdomar.
  • Sikrar kjøt- og mjølkekvaliteten, då dyra får fôr med høgt næringsinnhald.
  • To ulike produksjonslinjer (økologisk og tradisjonelt) krev meir transport.
  • Kortreist mat er minst like kortreist i vanlege landbruksprodukt.
Hadde ikkje næringa drive bærekraftig og tilpassa dei lokale forhalda, hadde det ikkje vore mulig å drive landbruk på jorda - generasjon etter generasjon. Sjølv om norsk mat allereie er sunn og trygg, brukar likevel staten enorme ressursar for å fremje økomat. Berre av di nokon trur det er betre, og fordi det er blitt så «trendy».



Publisert onsdag 25.07.2007 kl. 10:35 (sist endret onsdag 25.07.2007 kl. 10:35)
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative