Haustens Germanwatch-rapport, som plasserte Noreg på ein miserabel tjuandeplass målt etter kor verknadsfull klimapolitikken er, var definitivt eit hardt slag i andletet for miljøvernministeren og andre som gjennom teori og tale har vore med på å lyfte fram landet som miljøstormakt. Det er såleis forståeleg at regjeringa no kjenner trong til å markere seg, men noka god orsaking for å velje overforenkla løysingar, er det neppe.
Etter at EU skaut fram brystkassa med sitt påstått ambisiøse mål om å redusere CO2-utsleppa med tjue prosent innan 2020, synest det å vere viktig for ein del politikarar at Noreg følgjer opp, og då helst med ein noko høgare prosentsats. Dei meiner visstnok at dette vil prove at vi tek klimaendringane på alvor.
I iveren etter å gjenreise miljønasjonen Noreg, ser ein likevel ut til å gløyme at det er handling, og ikkje flotte ord, som fører til utsleppsreduksjonar. For ein ambisiøs miljønasjon, som heilt naturleg bør ta sikte på å minimere utsleppa, vil eit klimamål i verste fall kunne fungere som ei kvilepute.
Det finst ikkje vitskapleg grunnlag for å talfeste nøyaktig kor store kutt som må til for at vi skal unngå massive klimaforandringar. Tjue eller tretti prosent reduksjon innan 2020 er altså ingen garanti for noko som helst, men det kan lett verke slik, viss styremaktene set seg presise mål.
Erfaringane vi har gjort oss med Kyoto-protokollen, syner dessutan at slike målsetjingar ikkje naudsynlegvis er særleg sterke insentiv. Noreg har knapt gjort eit forsøk på å få utsleppa ned på det avtalte nivået, og det er heller tvilsamt om vi ville ha vore verre stilt dersom vi ikkje hadde underteikna protokollen.
Om regjeringa verkeleg ynskjer å gjere noko med CO2-utsleppa, bør dei difor, i staden for å innføre dekadente prestisjemål som ikkje hjelper på anna enn det allereie oppblåsne sjølvbiletet til norske styremakter, konsentrere seg om den praktiske politikken.
Mats Indrefjord Høllesli, nasjonal talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne "For ein ambisiøs miljønasjon, vil eit klimamål i verste fall kunne fungere som ei kvilepute "
05.02.2007 08:09
