01.09.2004 08:55
Noreg må stå på vidare for å få til eit handelssystem som tener både norsk landbruk og utviklingslanda på ein god måte.

Eg er ikkje eit sekund i tvil om at WTO-forhandlingane gjev Noreg tøffe utfordringar: Maktar vi å sikre landbruket vårt gode vilkår? Svaret på denne utfordringa er ikkje å avvise heile prosessen, slik senterpartileiar Åslaug Haga gjer. Det ville vere eit tapsprosjekt. I staden må vi arbeide offensivt for å oppnå det beste mogelege resultatet innanfor WTOs rammer.

Noregs representantar må arbeide for at dei vidare drøftingane i WTO kjem norsk landbruk til gode. Samstundes skal vi kjempe like hardt for at dei fattige landa vert sikra handelsvilkår som dei kan tene på.

Det er berre ved å vere offensive at vi kan trygge norsk landbruk. Svartmaling hjelp ingen. Thorbjørn Jaglands har lagt fram ideen om ein brei, nasjonal arbeidsgruppe som kan arbeide for at norsk landbruk får utnytta mogelegheitene i WTO-drøftingane. Dette er eit svært konstruktiv innspel.

Ein slik arbeidsgruppe kan vere ein av fleire reiskapar som kan skape nasjonal konsensus om handelsreglane, og det er grunn til å rose Jagland for framlegget.

Rammeavtalen som kom ut av drøftingane i Geneve teiknar eit grovt kart over vegen vidare. Det er for tidlig å vite kva avtalen vil ha å seie for Noreg og for utviklingslanda. Rammeavtalen inneheld prinsippformuleringar, ikkje tal. Mange viktige sider ved handelsregelverket skal det forhandlast vidare om.

Dette gjeld mellom anna spørsmålet om tollvern. Det er viktig å skape eit system for tollvern som tener interessene til både dei fattigaste landa (MUL-landa) og dei nest fattigaste på ein god måte. Når det gjeld tollvern har dessutan Noreg og mange u-land felles interesser. Tollvern vil gi norsk landbruk tid til naudsynt omstilling, og det vil gi varer frå u-landa preferansar framfor varer frå rike land som USA og EU. Samstundes vil u-landa få tid til å byggje den infrastrukturen dei treng for å verte i stand til å eksportere varer.

Mange u-land seier seg godt nøgde med resultatet frå Geneve. Men mykje arbeid står att før vi kan vere sikre på at WTO-forhandlingane vil tene utviklingslanda. Det er likevel stor grunn til glede over at rammeavtalen legg opp til eksportsubsidiane skal avviklast. Desse subsidiane har tatt frå dei fattige landa inntekter fordi rike land har hatt høve til å dumpe billeg mat på verdsmarknaden. Å verte kvitt desse er ein viktig siger for u-landa! Samstundes veit vi at dette vil råke to tusen norske mjølkebønder. Her må vi òg finne gode omstillingstiltak.

For Noregs del vil dei vidare forhandlingane verte vanskelege og krevjande. Eg er glad for at regjeringa vil halde fram arbeidet med å skape forståing internasjonalt for norsk landbruks spesielle utfordringar. Eg har god tru på at dette vil lukkast. I Geneve fekk Noreg gjennomslag for ei særordning når det gjeld areal- og dyrestønad som gjer det mogeleg for oss å behalde høgare stønadsordningar enn det låg an til i Cancun-forhandlingane.

I Geneve gjekk dette under namnet den norske paragrafen

Emneord
Les også