Bondelagets leiar Bjarne Undheim tolkar Petersen slik at innsatsen for å forsvare dei utsette norske landbruksinteressane er sterkt svekka for å få fortgang i forhandlingane. Statsminister Kjell Magne Bondevik seier at Petersen ikkje ville skape for store forventningar. Dette, om ikkje anna, har han lukkast med.
Vi har før sett at regjeringa reagerer med raseri når slik kritikk blir fremma. Vi vil i staden tilrå å gå ut med grundigare og meir overtydande informasjon om Norges strategi og eventuelle intiativ enn utanriksministeren og også statsministeren har gjort. Bondevik bør lytte til sin partifelle Jon Lilletun, som legg vekt på at Norge også bør forsøke å alliere seg med dei fattigaste u-landa for å sikre støtte til retten til å verje nasjonal matvareproduksjon.
Godt nytt
Dei lærde stridest om det var fornuftig å setje ned renta nok eit hakk, slik Norges Bank gjorde onsdag. Det går ei nedre grense for kor låg renta bør vera for å unngå ny jappetid med uforsvarleg lånefest og forbruksvekst, med den bakrusen som følgjer for mange når renta går opp att.Men for næringslivet, og ikkje minst landbruket, er det nye rentekuttet godt nytt. Det låge rentenivået lettar gjeldsbøra, det kan gje ny optimisme for eksportindustrien og von om nedgang i arbeidsløysa. Det er forståeleg at statsminister Kjell Magne Bondevik innkasserer dette som resultat av ein vellukka økonomisk politikk frå regjeringa si side, sjøl om han på si vandring mot vestibylen til tenkeboksen ikkje vil slå fast at denne politikken har vore lettare å føre på utsida av EU.
