NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

09.12.2003leder

Framsteg på vidda

"Det er ikkje ofte statlege organ legg seg så flate for kritikk frå grasrota som på rabaldermøtet om Hardangervidda. "

Det er mykje trist og leit, men rapporten her i avisa frå rabaldermøtet om villreinforvaltinga på Hardangervidda i helga kunne ein bli i godt humør av. Etter langvarig strid og aukande mistru til sentrale styresmakter frå lokale forvaltarar av vidda, kom toppleiinga i Direktoratet for naturforvaltning (DN) kritikarane i møte på punkt etter punkt. Det same gjorde Norsk institutt for naturforskning (NINA).



– Dette er jo reine eventyret, sa ein av grunneigarane etter møtet i Ullensvang. Andre vil vente og sjå korleis praksis i framtida blir før dei feirer. Uansett var det vaksent gjort av DN-direktør Janne Sollie og forskningsdirektør Norunn Myklebust i NINA å leggje gamal prestisje til side og innfri ei rekke krav frå grunneigarar og jegarar rundt Hardangervidda for større lokal innverknad over reinforvaltinga. Det er ikkje ofte statlege organ legg seg så flate for kritikk og krav frå grasrota.



Villreinstammen på Hardangervidda har dei siste åra vorte redusert til eit historisk lågmål, men likevel overprøvde DN lokale fredingsvedtak og sette årets jaktkvote til 1000 dyr. På møtet i Ullensvang sa direktør Sollie at dette ikkje ville vorte gjort om DN hadde visst det dei no veit, og ho gjekk langt i å love at ein vinterstamme på rundt 10.000 dyr i framtida vil bli akseptert av direktoratet. Dette er ein sterk fagleg sjølkritikk frå DNs side, som også lover at lokale forvaltarar skal bli betre høyrt for framtida.



Men skjerpinga av striden i haust skuldest meir enn fagleg usemje om reinstammen. Etter at Nationen sette søkelys på mogleg samrøre mellom personlege jaktinteresser og fagleg ansvar, kom sinna for alvor i kok. For å fjerne mistanke om inhabilitet eller det som verre er, har DN og NINA no skifta ut både sakshandsamarar og forskarar med ansvar for villreinen på vidda. Ved å skifte ut nøkkelpersonar vil institusjonane rydde vekk alle skuldingar om ureint trav, sjøl om påstand har stått mot påstand. Vi får tru at både samarbeidsklima og forvalting blir betre etter haustens oppvask.



Publisert tirsdag 09.12.2003 kl. 07:30 (Sist endret tirsdag 09.12.2003 kl. 11:43)
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative