NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

21.12.2004leder

Veit dei best på toppen?

"Ein sjokkert barnefamilie og ein toppbyråkrat har heilt ulike perspektiv på eit ulvedrap."

Då ulven i Aurskog-Høland drap ein elghund like ved ein leikeplass, kom sanneleg miljøvernminister Knut Arild Hareide på Dagsrevyen for å fortelje at ulven ikkje er farleg for menneske. Ved monaleg større ulveherjingar har han helst gøymt seg bak embetsverk og forvaltning. Men det er ikkje større vilje enn før til å gje fellingsløyve når ulven blir så pass nærgåande som dette. Direktøren i Direktoratet for naturforvaltning seier at ulv innafor ulvesona har «fortrinn».

Slike episodar illustrerer kor ulikt perspektiv ein sjokkert barnefamilie og ein toppbyråkrat kan ha på ei og same hending. Det oppstår ustanseleg konflikt mellom lokale og sentrale nivå i verne- og miljøsaker og spørsmål om naturforvaltning, som vi no ser i striden mellom Miljøverndepartementet og fylkespolitikarane i Oppland om den regionale rovviltnemnda.

Bør meir av forvaltninga av natur og miljø leggjast til lokale styresmakter, eller må ressursar som dette alltid forvaltast på nasjonalt nivå? Eit stort mindretal i Distriktskommisjonen går inn for ein rovviltpolitikk som langt betre enn i dag tek vare på bygdenes behov for å utnytte lokale utmarksressursar. Dette får professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Trondheim, Anders Skonhoft, til å fyre av ei breiside mot tankar om lokal rovviltforvaltning.

Når det gjeld forvaltning av rovvilt, veit vi at haldningane er mest negative på lokalt plan. Å føre forvaltninga over på lokale hender, vil føre til utrydding. Storsamfunnet si høge verdsetjing av rovdyr kjem bort ved lokal forvaltning, seier Skonhoft til nettstaden forskning.no.

Det er stort politisk fleirtal for å oppretthalde ein nasjonal rovviltpolitikk, og det er gode argument mot at lokale interesser skal få avgjera kva slags ville dyr vi skal ha. Men det er ei gjennomgangstone blant byråkratar og ekspertar om at berre dei på toppen har forstand på slikt. Dette aukar konfliktnivået og avstanden mellom styresmakter og folk flest. Difor bør lokale instansar få større innverknad på rovviltforvaltninga.



Publisert tirsdag 21.12.2004 kl. 07:32

Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative