Resultatet er at rovdyrdistrikta i Oppland ikkje er representert i nemnda, medan alle dei fem medlemene kjem frå område utan rovdyrkonfliktar. Fagleg solide kandidatar er sett til sides.
Det var store ord om styrka lokal innverknad i rovdyrforvaltinga då Stortinget vedtok rovdyrpolitikken i sommar, og no ser vi resultatet. Seniorrådgjevar Øyvind Holm i departementet avviser all kritikk, og seier det er opp til departementet å oppnemne dei regionale nemndene etter innstilling frå fylkeskommunane. Han har sikkert sitt på det tørre reint formelt, men kva med å vise litt fingerspisskjensle for lokale prioriteringar?
No seier Arbeidarpartiets fylkesleiar og gruppeleiar, Espen Johnsen, at fylkesutvalet bør vurdere å vedta at ingen andre enn dei som vart foreslått frå Oppland skal tiltre rovviltnemnda. Her kan det altså bli sivil trass frå eit viktig rovdyrfylke i protest mot byråkratisk overstyring. Dette verkar som ein heilt unødvendig, men dessverre typisk konflikt.
I granskauen
En skogeier i Nord-Trøndelag er dømt til et halvt års ubetinget fengsel. Grunnen er at han har hogd i sin egen barskog, som var midlertidig fredet som naturreservat. Frostating lagmannsrett mener at skogeieren bevisst har ødelagt og vandalisert kjerneområdene for vern for å hindre endelig vedtak om fredning av skogen.Vi vil ikke anbefale vandalisering av skog som kampmiddel mot omstridt vern, men reagerer kraftig mot straffeutmålingen i denne saken. Et halvt års ubetinget fengsel er en straff som ellers brukes mot for eksempel uaktsomt drap, bildrap eller grov svindel. Det hører ingen steder hjemme å sidestille hogging i vernet skog med slike forbrytelser. Dette må være sterkt i strid med den alminnelige rettsoppfatning.
