Torsdag 23.02.2012 UKE 08
Laster

Frå Mexicogolfen til Lofoten

Publisert: 15.06.2010 07:20
Den store ulukka og oljeutsleppa i Mexicogolfen har gjort stort inntrykk. Det har nok vore lett å gløyme at oljeverksemd fører med seg risiko. Den risikoen har vi vorte minna om no. Vi har opplevd ei tragisk ulukke med 11 døde oljearbeidarar. Men óg problema med å stanse utsleppa og dei store områda med alle menneska som vart ramma av utsleppa gjer grunn til ettertanke.

Ulukka kjem til å få politiske konsekvensar - i Noreg og i andre land. President Obama og amerikanske styresmakter har alt satt i gong ein storstila gjennomgang av regelverk, prosedyrar og forvaltinga, først og fremst knytt til tryggleik ved oljeboring til havs. Den kunnskapen vi no vil hente frå BP-ulukka vil leggje grunnlag for standard på sikkerheitsnivået også i Noreg. Vår petroleumspolitikk vil bli endra som følgje av ulukka. Tildelingar av nye leiteareal i 21. konsesjonsrunde er mellom anna satt på vent.

Ulykka i Mexicogolfen vil óg leggje føringar for arbeidet med forvaltningsplanen Barentshavet - Lofoten. Dessmeir sårbare område vi vurderer olje- og gassaktivitet i - dess viktigare blir det å ta med ny kunnskap - særleg frå negative hendingar som i Mexicogolfen.

Eg meiner at ulukka i Mexicogolfen gjer det mindre aktuelt å opne Lofoten og Vesterålen for olje - og gassverksemd. Også den ferske ringverknadsstudien, som syner at det vil bli mindre arbeidsplassar som følgje av opning av desse områda enn det ein har trudd før, er med på å styrkje argumenta mot ei opning. Det er gode moglegheiter for å skape nye arbeidsplassar knytt til petroleumsverksemd i Nord-Noreg dei neste tiåra, men vi må ikkje opne dei mest sårbare områda Nordland 6 og 7 og Troms 2 for å få det til.

For Senterpartiet er føre-var-prinsippet grunnleggjande i all politikk. Vi går imot å opne for utvinning av olje og gass i Lofoten og Vesterålen fordi det er midt i det ressursrike matfatet vårt. Her finn vi særs viktige gyte - og vekstområde for fisk. Partiet sitt standpunkt er basert på klare råd frå landet sine tyngste forskingsmiljø på det marine miljøet. Vi må ta forskarane sine råd på alvor. Fiskerinæringa er viktigare enn nokon gong i ein situasjon der ein milliard menneske svelt kvar dag, og vi har ei internasjonal matvarekrise. Vi kan ikkje sette desse ressursane på spel. Fisken må ha forkøyrsrett.

Både ulukka i Mexicogolfen og Langesund-ulukka i fjor gjer at det no er naudsynt å gå gjennom oljevernberedskapen langs kysten. Som ein stor oljenasjon må vi vere heilt sikre på at vi har ein god nok kapasitet og utstyr som vil fungere i alle situasjonar. Med boring på djupare vatn og i kaldare strok er det viktig at vi ligg heilt i front på å utvikle ny teknologi og metodar som kan fungera om vi skulle oppleve ei ulukke i norske farvatn.

Med Senterpartiet sitt standpunkt er det ikkje naturleg å starte ein opningsprosess med ei konsekvensutgreiing no. Eg vil ikkje utelukke at Senterpartiet ein gong i framtida vil kunne opne for petroleumsaktivitet i Lofoten og Vesterålen. Men det er mykje som gjenstår for at dei teknologiske løysningane er så sikre at det er forsvarleg å opne opp for petroleumsaktivitet i Lofoten og Vesterålen. Olja ligg trygt der den ligg - og vi har tid og råd til å vente. Og aller først må vi ta oss tid til å læra av det som har skjedd i Mexicogolfen.

Liv Signe Navarsete

Leiar i Senterpartiet

Temaord til denne artikkelen:

Les også

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT