Då me for nokre år sidan flytte frå hovudstaden til ei lita vestlandsbygd under breen, var det ikkje på grunn av jobbar, eller fordi me ville leve billigare eller i pakt med naturen. Me flytte ikkje ein gong «attende», ettersom ingen av oss er vaksne opp her. Me flytte rett og slett til ei venleg og vakker bygd som me hadde eit forhold til, og som me hadde lyst til å prøve å bu i. I så måte var me livsstilsflyttarar. Urban refugees. Ein liten, men signifikant straum mot straumen. Ikkje så mange at me snur sentraliseringa, men kanskje så mange at me kan vere med på å halde oppe ein del norske lokalsamfunn som kjekke stader å bu.
Men kvar skal me bu, me som kjem utan odel og arv, og som har lyst til å prøve bygda? Det er vrangsida av problemstillinga som Bergens Tidende og Aftenposten serverer oss denne veka: «Boplikt virker ikke», slår båe aviser fast. Like lite overraskande som agurktida på kjerringa, kjem denne sommarlege kampanjejournalistikken mot buplikt, også denne gongen utan ein einaste sitatstrek eller eit aldri så lite spørsmålsteikn. Berre dette: «Boplikt virker ikke». Her snakkar sanninga.
Sanninga viser seg etterkvart å tilhøyre eit par forskarar ved Noregs Landbrukshøgskule, Normann Aanesland og Olaf Holm. Desse to står bak ein sju år gamal publikasjon som kritiserer bupliktordninga, og desse to vert framleis alltid oppringde når urbanmedia har spørsmålet om buplikt oppe. Så òg denne veka. Virker ikke, virker ikke, påstår Aanesland og Holm, eller som Holm seier til Bergens Tidende: «Det er ikke dokumentert noe sted at boplikt hjelper».
Men kva tyder «virker»? Mange vil hevde at buplikta ikkje verkar fordi ho ikkje vert handheva, og fordi staten stadig vatnar henne ut ved å heve arealgrensene for konsesjon. Mange vil altså hevde at buplikta ikkje verkar fordi ho manglar , og at dette fører til absurde bustadmarknader i mange norske småbygder. I bygda eg bur i, til dømes, står om lag 25 prosent av husa tomme. Det melder seg stadig skirennarar og småbarnsforeldre som har lyst til å prøve seg eit år eller to, og det manglar ikkje på dei som har lyst på eit småbruk. Men bruka er ikkje til sals. Dei er i drift, som ferieparadis. For mange bulystne vert inngangsbilletten til bygda altså å byggje seg eit hus, og det vert ofte ein for høg pris. Naboane vert færre, ferieparadisa fleire.
Ein skal ikkje vere mykje til forskar for å kunne fastslå at mykje ikkje kan dokumenterast. Det er sjølvsagt vanskeleg å dokumentere at bupliktreguleringa fører til heilårsbusetnad. Like vanskeleg er det å dokumentere at ho ikkje gjer det - ettersom lassevis av andre faktorar er med på å avgjere flytting til eller frå ei bygd. Me snakkar om vurderingar, ikkje dokumentasjon. Difor er det påfallande at avisene ikkje ser til forsking som vurderer annleis enn Aanesland og Holm, som til dømes ein rykande fersk rapport frå Norsk senter for bygdeforsking. Der er ei av oppsummeringane at «...det å fjerne prisreguleringen på landsbrukseiendommer og boplikten først og fremst [vil] bidra til mindre lokalt eierskap, uten at (helårs)bosettingen vil øke.»
Plikt er ikkje politisk korrekt. Difor kjem nokon alltid pesande med klisjéen og motomgrepet bulyst når buplikt står på dagsorden. Men buplikt står ikkje i motsetnad til bulyst. Buplikt fremjar bulyst. Ein vil jo ikkje tvinge ulystne huseigarar til å bu, som nokon ser ut til å tru, ein vil tvinge dei til å selje - til folk med skikkeleg heilårsbulyst.
Eli Bjørhusdal, driv bloggen jostedalsrypa.no og er tidlegare nestleiar i Noregs Mållag
25.07.2009 11:53
