Lars-Henrik Michelsen er leiar av Unge Venstre "Eit liv under jorda er trass alt betre enn tvangsretur til eit land i krig, men det er inga langsiktig løysing."

05.06.2007 09:12
Laurdag 19. mai tok 43 afghanske flyktningar beina fatt på den 650 kilometer lange pilegrimsruta mellom Trondheim og Oslo. Målet er å bli sett. Mange av afghanarane har fått endeleg avslag på asylsøknaden sin, men fordi dei ikkje vil tilbake til krigen har dei vald å gå i skjul. Eit liv under jorda er trass alt betre enn tvangsretur til eit land i krig, men det er inga langsiktig løysing.

Vi veit ikkje nøyaktig kor mange som lever i skjul i Noreg i dag, men det vi veit er at over 20.000 asylsøkjarar har forsvunne frå norske mottak dei siste fem åra, og at ein del av desse framleis er i landet. Liva til dei som bur i Noreg utan lovleg opphaldsløyve - dei illegale innvandrarane - går heilt enkelt ut på å ikkje bli oppdaga av myndigheitene. Det betyr at dei ikkje kan oppsøke lege når dei blir sjuk, at borna ikkje får gått på skule, og at dei ikkje kan gå til politiet når arbeidsgjevaren bryt arbeidsmiljølova.

Du kan prøve å sjå for deg følgjande: Du jobbar 16 timar i døgeret. Arbeidet er hardt og løna er låg. I tillegg skjer det rett som det er at arbeidsgjevaren din held lønsutbetalinga tilbake. Når du oppsøker sjefen du han ribba for pressmiddel. «Kva skal du gjere då?»spør sjefen hånleg. «Vil du gå til politiet?»Sjølvsagt ikkje, og det veit sjefen godt. Går du til politiet risikerer han å bli kasta ut av landet, og det er trass alt det verste som kan skje.

Afghanarane sin marsj er viktig fordi han rettar fokus mot eit samfunnsproblem som regjeringa openbert ikkje vil ta tak i. Kva gjer ein når tusenvis av menneske lever rettslaust i det norske samfunnet?

Formelt sett er det rett å krevje at personar utan lovleg opphald må sendast ut av landet, men menneskeleg sett er det ikkje alltid så enkelt. For spørsmålet blir langt meir komplisert når asylsøkarane har budd i Noreg i seks-sju år før utlendingsmyndigheitene fekk behandla ferdig asylsøknaden. Eller når personen med endeleg avslag kjem frå eit land i krig, slik som Afghanistan.

Politikk handlar om å velje, og arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen står no overfor tre val.

1) Han kan anten ignorere det faktum at det bur tusenvis av rettslause personar i norske kjellarar og loftsbodar, men det vil i så tilfelle vere tidenes ansvarsfråskriving frå ein ansvarleg fagstatsråd.

2) Han kan gå saman med justisminister Knut Storberget og starte ein gigantisk politijakt med sikte på å kaste så mange illegale innvandrarar som mogleg ut av landet, men då vil han gå inn i historiebøkene som vondskapsministeren.

3) Eller han kan ta konsekvensen av at Noreg fører ein lite liberal innvandringspolitikk (for mange menneske er det umogleg å kome til Noreg på andre måtar enn å søke asyl), og difor gje dei som lever under jorda amnesti. Det er dette siste alternativet Hanssen bør gå for.

Amnesti vil ikkje vere eit nytt fenomen. Det er ikkje lenge sidan Spania gav amnesti til nesten 600.000 illegale innvandrarar. Italia har varsla at dei vil gje amnesti til 500 000 personar utan opphaldsløyve, og i USA går det no føre ein levande debatt om å gje amnesti til nesten 11 millionar illegale innvandrarar. Så kvifor ikkje i Noreg?

Debatten om amnesti vil tvinge seg fram, mellom anna fordi dei marsjerande afghanarane no set fenomenet «illegale innvandrarar»på dagsorden. Eg oppmodar deg som bur på strekninga Trondheim - Gudbrandsdalen - Oslo om å slå følgje med dei afghanske flyktningane eit lite stykke på vegen, eller på andre måtar vise at du støtter dei. Går det som planlagd vil afghanarane nå Oslo 16. juni, og då skal vi som bur her møte mannssterke opp for å gje ei røyst til ei gruppe som liten eller ingen røyst har i den norske samfunnsdebatten. Dei som bur rettslause under jorda.

Emneord
Les også