NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

23.01.2007gjestekommentar

Fridom til å tru

Vibeke Lauritsen er organisasjonssekretær i Human-Etisk Forbund i Vest-Agder og lektor ved Kristiansand Katedralskole "Kyrkja vil vere herre i eige hus, og da må kyrkja og få velje leiarane sjølv"

Statskyrkjeordninga vår inneber ei diskriminering av den delen av befolkninga som har ei anna tru enn den evangelisk-lutherske, eller som ikkje har noen tru i det heile. FNs overvakingsorgan er bekymra for ordninga vår med reglar om religiøs tilhøyre for regjeringsmedlemmar og bindinga staten har til eit trussamfunn.

No er høyringsfristen for ei eventuell endring i forholdet mellom til mellom stat og kyrkje ute, og det er opp til politikarane på Stortinget å bestemme kva utfallet blir. Og det skal vere politikarane på Stortinget som bestemmer. Visse parti og politikarar meiner dette er ei sak som eignar seg for folkeavrøysting.

Statskyrkjedebatten er også ein debatt om verdiar. Om vi skal ha eit statskyrkje eller ikkje, er altså eit verdival. Folket skal da eventuelt røyste over kva verdiar som er betre eller dårlegare enn andre. Viss naboen min og fleirtalet av Noregs befolkning vil halde på systemet med statskyrkje, seier dei indirekte til meg at verdiane mine som humanetikar ikkje er like gode som deira. Og sjølv om fleirtalet av Noregs befolkning er medlemmar i statskyrkja og kanskje vil røyste for å halde på ordninga, betyr det at dei da har rett?

På Stortinget er det berre to parti som ikkje går inn for eit skilje, Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Sistnemnte er splitta i synet sitt, men det synet blir avgjerande for korleis denne saka vil ende. Tidlegare har vel ikkje akkurat Arbeidarpartiet vore bestevenn med kyrkja, og eg trur årsaka til splittinga er usemje om makt. Partiet vil ha kontroll med kyrkja. Og her «røpte» i alle fall Rolf Terje Klungland frå Ap seg i Fædrelandsvennen like før jul. Eg har ikkje sett andre seie det så tydeleg som han.

For å setje det litt på spissen, verkar det som om dei som er mest redde for avvikling, er dei som har minst personleg tilknyting til kyrkja. Det er dei som bruker kyrkja til jul, konsertar og seremoniar, men aldri går til gudsteneste eller røyster når det er val i den lokale kyrkjelyden.

Kva er det dei er så redde for? Sjølv om vi humanetikarar vil skilje stat og kyrkje, betyr det jo ikkje at vi vil ta frå folk kyrkjene. Det har vi ingen intensjonar om, og kvifor skulle vi det? Vi vil la folk tru på kva dei vil, men vi vil ikkje at staten skal blande seg inn i kva folk trur på. Og det gjer staten gjennom ein kristen føremålsparagraf i skulen. Vi er imot å blande religion og politikk. Og vi er imot ei ordning som er i strid med menneskerettane.

Mangeseier at dei er redde for at kyrkja ikkje skal halde fram med å vere ei folkekyrkje kor det er høgt under taket. Dei er redde for mørkemennene. Men kven er desse mørkemennene? Er det dei som er mot likestilling, kvinnelege prestar, abort, prevensjon og homofile? Statskyrkjemedlemmar treng jo ikkje vere redde, for desse har jo allereie danna sine eigne kyrkjelydar.

86 prosent av befolkninga er medlemmar av statskyrkja, men mange av medlemmane bruker ikkje sine eigne seremonitilbod; dei bruker våre. Human-Etisk Forbund har kvart år ca 10.000 konfirmantar, og 80 prosent av konfirmantane har foreldre som er medlemmar av statskyrkja.

Kyrkja vil vere herre i eige hus, og da må kyrkja og få velje leiarane sjølv. Då hadde vi kanskje ikkje fått Rosemarie Køhn, Fiske eller Gunnar Stålsett hevdar fleire. Og kva så? Ein kan jo berre melde seg ut (sjølv om det har vore litt vanskeleg. Eg har meldt meg ut to gongar utan at foreldra mine nokon gong meldte meg inn). Men ein kan ikkje melde seg ut av samfunnet. Og det har eg ikkje tenkt å gjere, men vil arbeide for full likestilling av alle borgarar uansett kva for livssyn dei måtte ha, og utan ein religion med særordningar. For det har vi dessverre enno ikkje i Noreg.



Publisert tirsdag 23.01.2007 kl. 07:30 (Sist endret tirsdag 23.01.2007 kl. 07:40)

Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative