Av Henning A. Hellebust, student og skribent
"Dette er eigedomar som held på å bli verdilause av vanskjøtsel."
Nye innlegg | ||
| Publisert 18.03.2006 kl 10:09 Oppdatert 18.03.2006 kl 10:29 |
I vinter har vi køyrt rundt og leita etter fråflytta småbruk å flytte inn i. Krava var ikkje særleg store, det skulle berre vere nokre mål dyrka mark, og nok skog til å forsyne familien med ved. Helst ein gamal fjøs, og eit hus å bu i. Ikkje noko slott. Det kunne gjerne vere hakket før nedfalls - berre tømra på huset var intakt. Og det skulle helst ikkje stå i kanten av Europavegen.
Det gjekk på tomgang i tredje gir. Inn på stikkvegar vi ikkje hadde sett før, gjennom små grendesamfunn. Vi sat der med auga på stilk. Var det eit møne øvst der oppe i buskaset? Der det ikkje var lys, og snøen ikkje var brøyta, rekna vi det som folketomt. Der det vaks kratt midt i oppkjørselen, var det vel heller ikkje ein fritidseigedom. Spesielt om det hang bleike gardinfiller ut knuste vindauge. Der hadde ingen brytt seg på tiår.
Vi oppdaga fort at det krydde av slike små gardar. Enkelte stader kunne det vere ti bruk på mila. Det var alt frå sterkt salande torvtak, til strunke sveitserhus. Verneverdige tømmerhus eller kalde etterkrigsklossar. Knekte flaggstenger. Solbærbusker i kjellarstrupen. Dei mest aude stadene luska vi oss bort til vindauga. Strakk oss på tå og fekk små gløtt av livet slik det såg ut i 1962, 1970 eller 1981. Små museum med eller utan vasskade. Museskit på voksduken. Haugar med gule aviser.
Ingen av småbruka hadde noko plakat med «til sals», slik ein ser på bygdene i USA. Om noko skulle seljast, måtte vi først finne ein seljar. Vi byrja å bla i bygdebøker, på leit etter eigarar eller arvingar til bruk vi likte. Vi fann fram til eigaren av ein gard der det vaks hegg i trappa. Det var berre åtte personar med odelsrett etter han. Om han hadde vurdert å selje garden? «Neeeeei». Han drog på det. «Bror min kjem no heim til påske,» sa han. Ante vi fortviling i stemma til kona i bakgrunnen? «Det går no an å ringe han!» ropte ho frå siderommet. Då vi tok kontakt att etter ei veke, hadde han snakka med broren. Ein av sønene hans ville kanskje ha bruket, så nei. Neste aktuelle bruk hadde 32 personar med odelsrett, og då var piffen vår gått ut.
Samtidig med bygdesightseeinga, las vi annonser på nettet. Zett.no, tuntorget.no, finn.no, gardsbruk.no. Innafor vår pendleavstand på fire mil, var det ingen ting. Det står sikkert mellom 100 og 200 småbruk der i indre Sunnfjord, men ingen er ute på marknaden. Til slutt annonserte vi i lokalavisa. «Kjøper småbruk. Gjerne oppussingsobjekt.» Fem innrykk. Vi fekk fire telefonar. Eitt av dei var perfekt. To veker seinare var vi forventningsfulle eigarar av eit småbruk i Jølster. Takk!
Vi hadde flaks. Du skal ha flaks for å finne ein seljar av eit småbruk i Norge. Om så taksperra knekk, jorda vert dekka av sprake, hellene på tunet brotne opp av hyll, jordkjellaren står under vatn, skiferen er knust, ljoren har dutte av, muren sklidd ned bakkane, skal det ikkje seljast. Aldri.
Dette er eigedomar som held på å bli verdilause av vanskjøtsel. Kulturelle skattar, historia om småkårsfolk og slit, rotnar. Få tek ansvar. Omsetnaden av landbrukseigedomar er på sitt lågaste på ti år. 26 prosent av landbrukseigedomane står tomme. I år 2000 utgjorde dette 34.000 tomme bustadhus. Paradokset er at landets største møteplass for kjøp, sal og utleige av gardsbruk i landet, gardsbruk.no, hadde rekordbesøk i januar. 26.000 treff. Titusenvis er på jakt etter draumebruket.
Tre ting må skje straks.
A) Eigarar av desse bruka må ta ansvar for det forfedrane deira har bygd opp, og få folk i husa.
B) Odelen på ein landbrukseigedom vert fjerna eitt år etter at bruket vert ståande folketomt, eller eitt år etter at drifta vert lagt ned.
C) Det må innførast ein periode med omsetningstilskot, for å gjere det meir attraktivt å selje fråflytta bruk, slik oppskrudd vrakpant fekk folk til å vrake gamle bilar.
Henning A. Hellebust er student og skribent
Få nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.
| i dag | i morgen | |||
| Oslo | -3.4° | -5.8° | ||
| Bergen | 0.1° | -0.2° | ||
| Trondheim | -1.5° | -2.7° | ||
| Stavanger | -0.5° | -2.4° | ||
| Lom | -5.9° | -5.4° | ||
| Oppdal | -6.4° | -6.1° | ||
| Røros | -7.9° | -9.6° | ||
| Jølster | -3.7° | -3.1° | ||
| Karmøy | 0.3° | -1.5° | ||
| Bryne | -0.9° | -3.0° | ||
| Gvarv | -3.3° | -4.7° | ||
| Stokke | -3.0° | -5.3° | ||
| Rakkestad | -5.2° | -7.6° | ||
| Fagernes | -6.4° | -8.0° | ||
| Stange | -4.9° | -9.1° | ||
| Snåsa | -7.2° | -6.8° | ||
| Beiarn | -9.0° | -5.0° | ||
| Bardu | -10.2° | -6.7° | ||
| Alta | -11.0° | -11.9° | ||
Siste kommentarer