Akkurat no er hundretals bygder døyande. Dei er råka av ein tærande mangelsjukdom: Underskot på barnefamiliar og fødslar. Avgjerande årsaker til sykja:
Tidsanda er kjøvd av ein global epidemisk medieinfluensa. Alt som er kult og moderne og wow og jøss, tilhøyrer det urbane. Puls og piazza. Postrock og Prada. Det er byen sin, det. Sneakers og bloggar, ikkje mjølkerampe og kloggar. Du høyrer ikkje Hellbillies på iPod, lissom. For dei som fell inn i den merkevarestyrde røyndomen, er det umogeleg å leve på bygda. Ved sin opphøging av ny teknologi og konsum, tek denne verda avstand frå det naturlege og økologiske. Det gjer rurale verdiar mindreverdige i den urbanprega ålmenta. Eit nytt studium ved Universitetet i Oslo syner at det var dei sterke som drog til Amerika under emigrasjonsbølgja. Dei gode hovuda, med pågangsmot og entreprenørskap, forlèt bygdene. Dagens Amerika er storbyen i Norge. Bygdene misser alt for mykje gode folk til byane. Hjerneflukta er oftast relatert til utdanning. Utdanning er springbrett til ei karriere. Karriere er ein føresetnad for suksess. Og suksess er øvst på verdistigen i den gjeldande røyndomen. Har du ambisjonar ut over odelsplikt og einmannsføretak, vel byen.
Nytenking og omstilling er mangelvare i mange døyande bygder. Om det då ikkje kjem pålegg frå styresmaktene, trumfa gjennom ei gytje av motstand. Sett til side alle gode unnatak - desse bygdene er underernært på offensiv
nok idéskaping. Eit gamalt, men aktuelt døme, oldefar min, han Johannes, hadde sagbruk borti fossen her. Han lagde tønnestavar og tønner for sal, slik mange i Sunnfjord gjorde. Då plasten kom, vart tønnefabrikkane nedlagde. Korkje Johannes eller dei andre byrja utvikla nye trevarer. Dei la ned og byrja å kjøpe kunstgjødsel i staden. Skogen står større enn nokon sinne.
Trass i overgang til kjemikaliejordbruk, vaks ikkje lønsemda. Bønder er like fattige no, som då dei betalte sin skatt med smør. Hovudnæringa i bygdene har ikkje kasta av seg kapital til nyskaping, men gjort seg avhengig av Yara, Innovasjon Norge, importert kraftfôr og 150 hestekrefter med slep. Utkome som før: Lettmjølk, brunost, kjøtdeig og poteter. Mange bønder er som deltakarane i dataspelet Sim City, der innbyggarane svirar rundt, prisgitt det som kjem frå tastaturet ovanfrå.
Prisane på naturressursar er lågare enn at bygdene torer satse på dei. Trevirke er billegast øst for Åland. Fôrsoya frå Brasil er billegare enn rundballegras. Fallande tollmurar og subsidiar i fare, gjer utnytting av lokale ressursar enno vanskelegare. Nytting av landets største ressurs og kjelde til verdiskaping - fotosyntesen - er altså ikkje lønsamt. Slik knekk landbruket som bærebjelke for bygda .
Distriktspolitikken er med å forsterke fenomena skildra ovanfor. Den legg til grunn at nokon område er utkantar, perifere, altså mindreverdige. Og den gjev definisjonsmakta til sentrum, som dikterer kven som treng krykkjer. Slik politikk er med å lære bygdene hjelpeløyse.
Så skrik vi som svoltne slogmåsar etter meir, meir, meir!
Her eg bur, i Viksdalen, har vi byrja å kurere oss sjølve. Vi skipa
tilViksdalen, ei dugnadsgruppe som skal arbeide for å auke folketalet i bygda. Målsetnaden er ti nye familiar innan 2007, ei folketalsauke på sju prosent. Gulle god førstehjelp, men eg trur det hjelper lite på lang sikt. Det må noko større til. Vi i bygdene treng å ta att definisjonsmakta over oss sjølve, og grave fram att sjølvkjensla vår.
Dette gjer vi ved å utvikle overlevingsstrategiar for det rurale Norge. Ein god start er formelen eldsjeler + nettverk + samarbeid =vekst. Den er formulert av operasjef i Nordfjord, Kari Standal Pavelich.
La oss difor finne alle eldsjelene som arbeider med å få til folketalsvekst i sitt lokalsamfunn, bygge saman nettverka våre og samarbeide. Den som føler kallet, lagar ei liste, og kallar inn til ei arbeidssamling med kollektiv dugnadsånd.
Eg trur vi må byrje no. Eller så døyr vi.
Publisert lørdag 05.11.2005 kl. 10:50 (sist endret lørdag 05.11.2005 kl. 10:50)
