Solveig Horve Bergsholm er leiar i ungdomsutvalet i Norsk Bonde- og småbrukarlag "Skal du leva opp til idealet i samfunnet i dag, kan du i grunnen bare gløyma å leva. Det er det ikkje tid til."

05.12.2005 07:31
Kva har eigentleg skjedd med samfunnet vårt?

Dette er eit spørsmål eg stiller meg sjølv frå tid til annan. Alle har det så utruleg travelt heile tida!

Eg treng ikkje sjå lenger enn til meg sjølv: Tidleg opp om morgonen for å stella dyra før eg skal på arbeid. Åtte til ni timars dag på kontoret hjå Bøndenes Innkjøpslag. Full fart heim og laga middag og ta kveldsstellet før eg fresar avgarde til korøving, studieringar, klubbkveld i mc-klubben, kollokviegruppe, møter eller liknande.

Dersom det ikkje står noko spesielt på tapetet, er det alltid tusen ting som ventar på å bli gjort heime på garden heile året: Beskjæring av frukttre og bærbuskar i januar og februar. Lamming og vårvinne i mars, april og mai. Juni og juli er det slåttonn, ugrasbekjemping og alt anna som må gjerast når dagane er lyse og lange. August, september og oktober er haustemånader for frukt og bær, og dessutan er det høgsesong for ålefisket. I november og desember er det løpetid for sauene, einer må klippast og buntast, det skal skjerast granbar for levering, og juletresesongen er like kort og hektisk kvart einaste år. Gjerder skal reparerast, og kratt skal ryddast. Det skjer noko heile tida, og innimellom er det jo gildt å ha litt tid i lag med ektefellen òg!

Og eg er ikkje åleine om å ha det slik. Tidsegoisme tykkjest å vera eit aukande problem i samfunnet vårt. Det stillast stadig høgare krav til effektivitet og rasjonalisering. Ei vellukka mor har flotte, veloppdregne ungar og ein perfekt, alltid ryddig og nyvaska heim. Ho har god jobb med bra løn - er karrierekvinne helst, ho klarar å ha middagen klar til heile familien kvar ettermiddag, og ho har tid til å køyra ungar til og frå fritidsaktivitetar, i tillegg til å sitja i x antall styre, og delta på y antall møte kvar veke. Og sjølvsagt brukar ho tid til å halda seg slank, veltrent og velkledd.

Kort sagt: Skal du leva opp til idealet i samfunnet i dag, kan du i grunnen bare gløyma å leva. Det er det ikkje tid til!

Me har det så travelt med oss sjølv og vårt, at me ikkje lenger har tid til kvarandre. Sanneleg ikkje så rart at skilsmissestatistikken er så høg. Mange sit einsame i kvart sitt hus, eller på kvar sin gard. Der ein tidlegare hadde tid til å stikka innom naboen for ein kopp kaffi og ein drøs, blir det nå bare med tanken. Ofte har ein ikkje tid til å tenkja på det ein gong.

Eg trur det er på høg tid at me alle tek fatt i det stadig aukande problemet med tidsegoisme og tidsklemme. Lat oss prøva å kutta ut litt av alt det som gjer livet så frykteleg travelt, og heller bruka litt meir tid på kvarandre. Både familie, venner og naboar.

Lat oss gjera opprør mot effektivitetspresset, prestisjejaget og kavet etter pengar og materielle ting som kan visa kor vellukka me er. Lat oss heller bruka tida på dei immaterielle verdiane som det er så lett å gløyma: Ein god nabo me ikkje har prata med på lenge, ein kveld i godt vennelag, ein roleg rusletur i skog og mark, dans på lokalet, eller dugnad for korpset eller idrettslaget i lag med andre. Berre for kosen og velværet si skuld. Fordi me har lyst.

Eg trur jammen eg vil starta ei ny røyrsle sjølv! Røyrsla for prioritert tidsnyting.

Så kan eg nyta at tida kjem, i staden for å halsa avgarde på ein måte som gjer at eg brått vaknar i gyngestolen ein dag, og oppdagar at gebisset ligg i glaset på bordet ved sida, samstundes som eg lurar på kor i all verden det vart av livet mitt.

Emneord
Les også