"Skolevalet kan ta nattesvevn frå den mest hardbarka SV-strateg."

08.09.2005 07:27
SV kan valnatta snuble på oppløpssida på veg mot verdsrekorden. Partiets synkande kurve kan velte heile den raud-grøne regjeringsdraumen. Det er ikkje rart at nervetrådane går som piggtråd gjennom partileiinga.

Vår meiningsmåling frå Sentio i dag er som eit politisk jordskjelv i høve til styrkeforholdet som har vore ganske stabilt gjennom den lange valkampen. Den raud-grøne leiinga er drukna i eit blått skred, der særleg SVs tilbakegang og Venstres framgang gjer store utslag i mandatfordelinga. Alle parti forsyner seg stort eller lite av SV denne gongen.

Fagfolk åtvarer sterkt mot å leggje for stor vekt på enkeltmålingar, som det kryr av rett før valet. Dagens utslag er så store at det er god grunn til å setje spørjeteikn i margen. Men det dramatiske for dei raud-grøne, og særleg for SV, er at tala stadfestar ein langsiktig tendens i høgresidas favør.

Skolevala var langt betre for dei raud-grøne, fordi Ap og Sp gjorde det framifrå. Men for SV-leiinga må resultata vera like nedslåande som dagens måling, fordi dei syner at partiet har mista mykje av taket på sin viktigaste stemmereserve - ungdommen. Og dette er harde fakta - ikkje meiningsmålingar.

Aftenposten viste i går forholdet mellom SVs resultat ved skoleval og stortingsval sia 1993, og tala kan ta nattesvevn frå den mest hardbarka partistrateg. I 1993 fekk SV 18,8 prosent ved skolevalet, og 7,9 på valdagen. I 1997 var tala 14,2 og 6,0. Før gjennombrotet med 12,5 prosent ved valet i 2001, hadde SV fått 23,5 prosent ved skolevalet. Når SV ved skolevalet dratta ned på 16,7 prosent, treng ein ikkje vera reknemeister for å sjå skrifta på veggen.

Fram til valkampinnspurten tok til, lurte dei fleste på kor stor framgang SV ville få. Partiet kniva lenge med Frp og Høgre om å vera landets nest største. Før kommunevalet for to år sia fabla Kristin Halvorsen om å få SV som største parti i storbyane. Ho kom fort ned på jorda, og tidene skiftar. No står kampen om å forsvare resultatet frå 2001, som vel å merke var svært godt. Dette skal halde hardt, og det skal ikkje store fråfallet til før stortingsgruppa på 23 skrumpar monaleg.

Eit sterkt SV har vore blant bærebjelkane i det raud-grøne byggverket, både politisk og målt i stortingsmandat. Kristin Halvorsen har fått eit samla parti med på vegen mot regjeringsmakt, og ho har i tillitsfull dialog med Jens Stoltenberg lagt opp løpet gjennom fleire år. Men det er fleire grunnar til at partiets motgang i valkampen ikkje burde overraske.

Partiet møter sterkare politisk press enn nokon gong sia Ap la SF og Finn Gustavsen for hat under Kings Bay-krisa i 1963. Vegen frå rolla som permanent opposisjonsparti eller støttehjul for Ap til realistiske regjeringsplanar er både historisk og kontroversiell, og det låg i korta at SV ville bli utsett for det tyngste skytset frå høgresida og delar av media. Kampanjen mot SV har dels vore grisete, med Høgre i spissen, men også det måtte ein vera budd på. Det blæs på toppane, også for velmeinande SV.

Med Ap i kneståande, Kristin Halvorsens popularitet, ei ung og spenstig stortingsgruppe, det folkelege engasjementet mot Irak-krigen og utbreidd misnøye med Bondevik-regjeringa, har SV dei siste åra nådd eit nivå som viser seg vanskeleg å forsvare. Også SV har sine populistiske trekk. Men sia partiet speler på andre instinkt enn framandfrykt og hangen til billig børst og bensin, er det ikkje å vente at det skal hamle opp med Frp i det lange løp.

Det beinharde ytre presset forsterkar veikskapar i SVs organisasjon, som dei siste åra har segla i ein medvind som ikkje kunne vare. Det ser vi når landsstyremedlemer går ope ut mot Kristin Halvorsen i utanrikspolitikken og andre døme på at intern misnøye bryt fram til overflata midt i valkampen, jamvel frå veteranen Stein Ørnhøi. Vi har sett korleis dei garva maktspelarane i Ap og Sp opptrer med ein heilt annan disiplin når det dreg seg til.

Når ein utfordrar makta, går makta til motåtak med alle middel. Difor måtte dette bli ein vanskeleg valkamp for SV, og det er overraskande kor dårleg førebudd partiet har verka. Jamvel skolepolitikken har vore framført vaklande og upresist. Hovudstrategien for å møte køyret frå høgre har vore å oppgje store delar av SVs politikk og å leggje seg tett opp til Ap. Då kjem den gamle devisa til nytte: Kvifor røyste på eit lite, sosialdemokratisk parti når det finst eit stort?

Kristin Halvorsen og hennar raud-grøne kampfellar har heile tida åtvara mot å ta sigeren for på forskott, og det går troll i ord. Kanskje kan elendige meiningsmålingar mobilisere reservar innspurten, slik høgresida har greidd. Alle klisjear om thriller og dødt løp er på sin plass.

Emneord
Les også