Erlend Vold Enget er sjølvstendig næringsdrivande naturfor valtar og samfunnsplanleggar "Steinsettinga av stien over Besseggen vitner om at ei ny tid med ein meir aktiv forvaltning av nasjonalparkane vil kome"

29.08.2005 07:23
Den nye naturmangfaldlova (NML)(NOU 2004:28) skal erstatte dagens naturvernlov og delar av mellom anna viltlova., og vere stat og kommunar sin redskap for naturvernet dei neste tiåra. Utvalet bak forslaget har gjort eit godt arbeid, og komme med mange viktige endringar og tilføyingar i forhold til dagens lovverk.

Kommunane skal få større ansvar for forvaltninga av naturmangfaldet, og det blir innført heimel for automatisk fredning av enkelte naturtyper. Dei fortener all honnør for sine visjonar. Likevel føler eg at lova ikkje fullt ut ivaretek dei utfordringane vi står overfor i framtidas naturvern.

I første rekkje saknar eg kommunanes miljøvernkonsulentar. Dei har falle bort i budsjettsaneringar og innsparingstiltak det siste tiåret. Samstundes er stadig meir ansvar for naturvernet, herunder forvaltning av naturreservat og landskapsvernområde delegert til kommunane.

Kommunane skal sikre verneverdige område og førekomstar som fell utanfor nasjonale og regionale verneplanar, men det finst i liten grad midlar å hente til dette. Det trengst både finansiering, og ein lovheimel for kommunale verneområde i NML. Svenske kommunar kan opprette naturreservat. Våre kommunar bør i tillegg kunne opprette landskapsvernområde og miljøparkar.

Trass min skepsis har erfaringane med frivillig vern av barskog vore positive. Grunneigarar og næring viser ansvar.

Eigarane for eksempel i Finden ved Sognefjorden tok initiativ til å få sin grunn med i Stølsheimen landskapsvernområde. Fleire private grunneigarar har egenfreda delar av sin eigedom. Eg merkar meg den positive trenden, og meiner denne må fangast opp i den nye lova ved at det innførast ein heimel for private verneområde.

Vernereglar og forvaltningsplan kan utarbeidast i eit samarbeid mellom grunneigar og kommune, og munne ut i ei avtale med Miljøverndepartementet. Det bør også finnast midlar til blant anna næringsutvikling, tilrettelegging og informasjon i tilknytting til eit privat verneområde.

Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdal er eit friskt pust i Norge. Kommunar, grunneigarar, fjellstyrer, reiseliv, Fylkesmann og fylkeskommune er saman om å skape næringsutvikling og aktivitet knytt til parkar og nærområde. Eit delmål er ei politikkendring slik at innfallsportar og område med vegar og tilretteleggingar kan bli del av nasjonalparkane våre. Naturmangfoldmeldinga hoppar dessverre glatt over dette.

Endringa vil vere i tråd med korleis folk opplever natur, og ser på nasjonalparkane som ein stad dei også kan reise til og få naturkunnskap og

-opplevingar utan å måtte ta seg ut i villmarka. Den pågåande steinsettinga av stien over Besseggen i Jotunheimen vitner om ei ny tid er på gang, der ein meir aktiv forvaltning av nasjonalparkane vil kome.

Fossbergom, kommunesenteret i Lom, blir «inneklemt»mellom tre parkar. Kommunen ser derfor for seg at tettstaden blir del av ein nasjonalpark, som landets første nasjonalparklandsby. Dette er eit heilt nytt og spennande konsept. Kva innhald landsbyen vil få, vil framtida vise, men her er alt stein- og fjellmuseum, Statens naturoppsyn har kontor, og kommunen har alt ei positiv haldning til nasjonalparkane som eit aktivum for framtida.

Mi største overrasking i naturmangfaldmeldinga var at dei ikkje ser nødvendigheita av ein heimel for bynasjonalparkar. Kvar tredje nordmann bor i og omkring Oslo og Oslofjorden Her og i andre urbane område er det eit aukande press på naturområda og areal for friluftsliv. Ein heimel vil gje vår veksande urbane befolkning moglegheit til naturopplevingar og -kunnskap i bynære natur- og kulturlandskap, samstundes som dei mange naturfaglege verneverdiane i områda kan sikrast og utviklast. Bygdøy kongsgård er nemnt som vår første bynasjonalpark, Bøkeskogen i Larvik og Byfjella i Bergen er andre område. Politikarar i SV og Ap har heldigvis tatt tak i denne saka.

Område skal kjøpast inn for naturvern og friluftsformål, det trengst midlar til forvaltningsplanar, skjøtsel og tilretteleggingstiltak, og erstatningar i vernesaker skal utbetalast. I dag er det budsjetta som bestemmer kva som kan gjerast, og når. Eit lite fleksibelt system, som fører til tap av naturmangfald, og at erstatningsoppgjer dreg ut. Eit naturvernfond kan uavhengig av budsjettrammer behandle søknader om støtte og finansiering, samt gjere utbetalingar. Både statlege, kommunale og private verneområde og tiltak i desse kvalifiserer til støtte.

Tilsvarande melder det seg eit behov for eit naturvernregister for å halde oversikt over slikt som verna område, nøkkelbiotopar, verna naturtypar og hekkeplassar, medan ei nasjonalparkteneste kan legge forvaltninga av den einskilde nasjonalparken lokalt, og skape arbeidsplassar og utvikling.

NML må ta i bruk slike positive virkemidlar, og staten trekke med lokalsamfunn og grunneigarar, samt sikre natur- og friluftsområde både i distrika og sentralt. Framtidas naturvern står og fell på lokal deltaking, i utvikling og verdiskapning, og på ei aktiv forvaltning av naturmangfald og verneområde!.

Emneord
Les også