Kan slitet vere til fånyttes? Kan livet vere til fånyttes?
Tja, til ei viss grad må ein vel kunne seie det.
Eg har krongla meg fram i tett oreskog. Trea er tjukke som låret mitt alt. No sit eg øvst på stranda. Sit på ein attliggande stein etter nybrotstida. Stør ryggen mot kanten som vart mellom den dyrka marka, der steinen i si tid vart broten ut, og det udyrka arealet. Framleis er det ein markert kant.
Rart å tenkje på. Ikkje det at 40 år er så lang tid. Men alt er vorte så annleis. Det som var høgt verdsett då, veg liksom ikkje i det heile i dag. Då var slitarane, nybrotsfolk, sett på som dei som bygde landet. I dag - nei, eg veit ikkje&
Jorda han braut, som han la alle sine krefter i. Han trudde den skulle vere til velsigning for mange generasjonar, kanskje for all framtid. Så varde det i knappe 40 år. Godt han ikkje ser korleis det ser ut her i dag. Eg kjenner at samvitet tek til å gnage. At vi ikkje har teke betre vare på livsverket hans. At vi ikkje har greidd å halde det nasjonale hovmodet meir i age, slik at ein kunne halde fram med å produsere her på stranda. Men vyrnad for matproduksjon, kor er den vorten av?
Det er lett å falle i tankar når eg sit slik. Eg hugsar det, som det var i dag. Siste dagen det var brote jord med hand her. Eg ser det for meg, alt saman, Gamle Johan og Johan &43 år sidan:
Johan slengde sykkelen i vegkanten og rusla oppover strandabøen. Her hadde det vore brote jord med hand i ein mannsalder. Torva spadd opp og velta fram. Steinen rulla ut med spett, mykje stein. Når steinen var sortert ut, seig terrenget med opptil ein meter.
På frosen mark vart steinen køyrd bort, med fjording og slede. Kulturgras nokre få meter lenger opp kvart år.
Timoteien frå dei to siste åra, står alt frodig og grøn, no midt i mai.
Utan om onnene, så lenge det er telefritt, har Gamle Johan halde fram å bryte jord, no har han runda 80 år.
I dag var han ikkje attende til nonsmat. Bestemor sende han Johan å sjå etter.
Johan får auge på Gamle Johan. Han sit på ein stein øvst oppe, ser han stør seg mot nybrotsreina. Såfrøposen ligg samanbretta på eine sida, hatten på den andre. Johan får visse i korleis det står til, når han rører ved skuldra hans. Veit ikkje om Gamle Johan har kjent noko var på gong, eller om han alltid hadde eit rituale for seg sjølv på sådagen. Ei slita salmebok ligg i fanget. Han merkar at hendene er vorte tynnare no, ikkje klubber, slik som før. Forsiktig opnar Johan boka og ser kvar fingeren peikar.
«Han såg ut på dei steinute strender. Der var ingen som der hadde bygd. Lat oss ryddja og byggja oss grender, så eiga me rudningen trygt.»
Johan tek riva, moldar frøa forsiktig ned, klappar med rivehovudet. Leiar sykkelen roleg attende til tuns. Besta står på trappa ved gamlestova.
- Det var dags i dag, ja, seier ho og ser ned.
- Eg høyrer i Øvsttunet, om dei kan ta ut traktoren, svarar Johan.
Ei stund seinare kjem traktoren durande inn på tunet. Ho ser gjennom kjøkkenglaset. Dei har lagt han på silosvansen, breidd over eit roseåkle, hatten på brystet. Frøsekken samabretta, under nakken.
Den siste hand-nybrots-mannen til tuns på moderne vis.
Steinar Dvergsdal er bonde og styreleiar i Felleskjøpet Øst Vest "Vyrnad for matproduksjon, kor er den vorten av?"
23.08.2005 07:24
Emneord
Les også
