"Nokre små velstandsland, og mellom dei Norge, deler alt for ofte ukritisk standpunkt med USA og ein del av dei andre rike landa." Jon Ingebretsen, rådsmedlem FN-sambandet Sør

24.10.2008 05:00
På FN-dagen i 2008 er det ein sterkare grunn enn elles til å reflektere over desse edle og ærlege målsetjingane hjå ein organisasjon der fredsfana skal haldast høgt, og der krig som konfliktløysing ikkje skal aksepterast.

At FN har spela og fortsatt har ei viktig og avgjerande rolle på mange område rundt om i verda, er heva over tvil. Difor gjeld det å ha tiltru til og støtte opp om denne bærebjelken for fredeleg, rettferdig, likeverdig og bærekraftig sameksistens med kvarandre og med naturgrunnlaget på denne vår felles og sårbare klode.

Samtidig må vi også vedkjenne oss at dei gode verkemidla for å nå måla ofte blir satt til side fordi meiningane og interessene innetter i organisasjonen ikkje alltid er samstemte mellom medlemslanda. At store og mektige statar, og i serleg grad USA, alt for ofte meiner å ha monopol på sanninga og den rette oppskrifta på konfliktløysing, fredsresultat og stabilitet, og som da ofte heilt eller delvis er på kollisjonskurs med FN sin ideologi og grunnleggjande haldning, svekkar organisasjonen si styrke som internasjonal brubyggjar og nøytral fredsskapar og forsonar.

Nokre små velstandsland, og mellom dei Norge, deler altfor ofte ukritisk standpunkt med USA og ein del av dei andre rike landa. Med desse eigennyttige strategiane og formåla utsett «superland»og deira «allierte»seg for raskt aukande trugsmål og terrorfare frå stadig større og fleire grupper av ytre og ukjente fiendar.

Skal FN kunne bli eit nøytralt og truverdig talerøyr til alle, ein globalt fredsskapande aktør, og ein likeverdets forkjempar, må store og små medlemsstatar ha dei same rettar og moglegheiter til å få gjennomslag for sine meiningar og syn i FN si uttala rette ånd og sterke røyst.

Emneord
Les også