Åslaug Haga seier til Nationen 23. januar at det er uaktuelt å legge ned små studiestader i distrikta. Ho vil heller styrke høgskulane, seier ho. Haga går ut mot Stjernø-utvalet for høgare utdanning, som foreslår å legge ned eit par av dei i alt 51 studiestadene ved dei statlege høgskulane og universiteta i Noreg. Da lurar nokre av oss på korfor Haga og Regjeringa kutta 274 millionar kronar i basisløyvingane til høgskular og universitet i 2007, og vidareførte dette kuttet i 2008. Vil Haga styrke eller svekke høgskulane?
Eitt av dei største problema for utdanningar som sjukepleiar, ingeniør og allmennlærar, er at for få tilsette har forskarkompetanse og at fagmiljøa er for små. Det kjem fram av evalueringar Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (Nokut) har gjort på dei to første og er i ferd med å gjere på ingeniørutdanningane. Stjernø-utvalet foreslår å samle sårbare fagmiljø for å styrke dei. Vi er glade for at Haga bryr seg om høgskulane, men da må ho sørge for at dei har gode nok fagmiljø.
Om olje- og sjølvtitulert klimaminister Haga vil vere på å gjere Kunnskapsnasjonen mindre avhengig av det svarte gullet hennar eige departement pumpar opp av Nordsjøen, må ho bidra til at Regjeringa aukar satsinga på høgare utdanning. Om Haga har tenkt å levere eit like dårleg budsjett for høgskulane og universiteta i 2009, bør ho samtidig halde seg for god til å kategorisk avvise forslaga frå dei som ønskjer å betre kvaliteten i norsk høgare utdanning.
"Vil Haga styrke eller svekke høgskulane?" Olav Øye, leiar for Studentenes Landsforbund
29.01.2008 09:10
