Miljøpolitikken er i fokus no om dagen, og Norge set seg høge mål som det vil verta vanskeleg å oppfylla.
Det er mange syndarar ute og går, og bilen er ein av dei, men vegane er verre. Bilen blir stadig meir økonomisk i drift, mens vegane her i landet går frå vondt til verre.
Eit 50-tonns vogntog brukar 1 liter diesel berre for å akselerera frå null til 90 km/time, litt meir eller mindre etter stigningen. Då skjønar me at alle 40-, 50- og 60- sonar er sterkt fordyrande. Smale og svingete vegar krev og reduksjon av farten med tilsvarande auka forbruk. Det same gjeld ved malplasserte avkjøringar der ein lyt vera serleg aktsam. På strekningen Haugesund-Drammen er det 4720 avkjøringar ifølge Statens Vegvesen, men dei kallar det stamveg.
Erfaring frå andre land viser at det er billegare å byggja nye vegar enn klattvis utbetring av dei eksisterande.
Mon tru det ikkje er på høg tid no at me får 4-felts motorvegar mellom dei største byane, slik det er i alle andre vesteuropeiske land. Med 120 kilometer i timen vil me kunna kjøra Haugesund-Oslo på vel 3 timar, og vegen får stor kapasitet slik at det blir slutt på dei endelause køane omkring byane i rushtida.
Lyntog er ein interessant tanke, men me skal til og frå toget også. Bilane går frå dør til dør og er eit nyttig og nødvendig alternativ. Som ordføraren her vest sa det: «tog er viktig, men vegar er livsviktige.»
Skal norsk næringsliv ha ei framtid, er effektiv infrastruktur eit must. I dag blir 10-tals milliardar kroner i året skusla bort på grunn av eit håplaust forelda vegnett. Dessutan har me omlag 100 unødvendige dødsulukker på vegane kvart år av same grunn. Det er på høg tid at politikarane skjønar at me må ha vegar som er til å leva med - ikkje til å døy av.
Johannes Sørli, dagleg leiar i Haukeliveiens Venner
11.06.2007 15:47
