Uavhengig av kampanjen til Norges Miljøvernforbund mot oppdrettslaks, er det naudsynt med offentleg openheit om plantegiftene som no vert tilsett laksefôr. Dei to dominerande aktørane i fiskefôrmarknaden, Skretting og statens EWOS, sel no fôr tilsett teflubenzuron (Ektobann) og diflubenzuron (Releeze). Bruken er truleg større enn då stoffa vart fasa ut for 10 år sidan.
I 1999 ba Statens legemiddelkontroll om uttale frå Statens forurensingstilsyn (SFT) om Ektobann. I svaret, hemmelegstempla, stod det mellom anna fylgjande: «Nye feltundersøkelser viser, at det aktive stoffet teflubenzuron er lite nedbrytbart i sediment selv etter 6 måneder. Bruk av Ektobann vet som fôrtilsetning vil kunne føre til store utslippsmengder av et toksisk, lite nedbrytbart og akkumulerende stoff til miljøet. Utslippet representerer særlig en fare for krepsdyr og bunndyrsfauna som er viktige organismer i næringskjeden. Faren for human eksponering gjennom kontaminerte næringsmidler (blåskjell, kreps) kan heller ikke utelukkes. Bruk av Ektobann vetfører til utslipp av stoffet til miljøet, enten direkte som fôrspill eller indirekte utskilt via fæces fra fisken. Undersøkelser viser at laksens opptak av teflubenzuron fra mage/tarm er liten. De nødvendige dosene. er derfor høye, og mesteparten av stoffet vil bli tilført miljøet. Teflubenzuron er lite vannløselig og kan lett absorberes til sediment og organisk materiale. Konsentrasjonen er derfor lav i vannfasen, men stoffet kan opphopes i sedimentet. De nye feltundersøkelsene indikerer at særlig kreps og hummer kan akkumulere teflubenzuron fra kontaminert sediment. Den nye feltundersøkelsen viser dødelighet på hummerlarver i opptil 100 meter avstand fra et oppdrettsanlegg. I tillegg var bunndyrsfaunaen mindre artsrik og påvirket av teflubenzuron 6 måneder etter behandlingen. Ektobann vetkan på bakgrunn av tidligere informasjon karakteriseres som giftig for krepsdyr, lite nedbrytbart og akkumulerbart i miljøet. I tillegg kan det være risiko for akkumulering og spredning av stoffet i næringskjeden og i miljøet. SFT kan ikke anbefale bruk av Ektobann vet.» SFT, som no heiter Klima og forureiningsdirektoratet (KLIF), har nyleg uttala at dei står ved vurderinga.
Oppdrettsnæringa, Mattilsynet og Folkehelseinstituttet fokuserer berre på at laksen ikkje er giftig som mat. At det går hardt utover livet utenfor merdane og alle høgt verdsette krepsdyr som skifter skal, som hummer, kreps og krabbe, er mindre viktig. I Noreg vert ein fritidsfiskar dømd for å vatne teiner i hummerfredningstida medan fiskeoppdrettarane kan drepe hummeryngel i vid omkrins kring anlegga støtta av statlege institusjonar. Slik er likskapen for lova. Mattilsynet har til og med argumentert med at dei har teke vannprøver i åtte år utan å finne spor etter teflubenzuron. Det er ikkje så rart. Stoffet var ikkje i bruk på ti år før lusepanikken i haust. Og leiter dei enno vil dei framleis ikkje finne noko fordi det er lite vannløyseleg, men fell rett til botnar.
Mattilsynet argumenterer òg med mattryggleik ved å vise til at laksen skal haldast tilbake i 93 døgngradar før slakting slik at det skal vere sikkert at gifta er ute før eting: «For å sikre at fisken ikke innholder farlige stoffer som kan overføres til mennesker, er det også regler for hvor lang tid det skal gå mellom medisinering og slakting. - Det er øvre grenser for hvor stor restmengde medikamenter det kan være i fisken når den slaktes. Vi har også et overvåkingsprogram hvor vi tar prøver av fisken for å sjekke for fremmedstoffer. Mattilsynet har ikke funnet ulovlige stoffer eller ulovlige mengder legemiddelrester i norsk oppdrettsfisk, sier (Friede) Andersen. (seksjonsjef for fisk og sjømat.)»
Men KLIF har påvist at det meste av gifta fèr ut av merden med avføringa saman med lekkasjen på 100.000 tonn med fôrpellets jamfør Havforskingsinstituttet, sjå www.pelletssei.no. Og der står seien, gjennomsnittleg ti tonn rundt kvar merd og èt på plantegiftfôret. Og den seien vert fiska og omsett til menneskemat utan at Mattilsynet har nokon øvre grenser, prøvetaking eller kontroll i det heile. Eg spurde om svar 5. desember i fjor på kva tilsynet vel gjere med det, men Mattilsynet svarar ikkje. No ventar eg svar på purringa.
Miljøpartiet de grøne meiner at oppdrettsnæringa, Mattilsynet og Folkehelseinstituttet er altfor snever i haldingane sine til giftfôret når dei ikkje tek omsyn til verknadene utanfor merdane. Oppdrettsnæringa skal bruke ein milliard kroner mot lakselus i 2010. Forskningsrådet har løyvd 40 millionar. I tillegg er tapa berre på sjukdomen PD, som delvis skuldast smittespreiing via lakselus 1,2 milliarder til. Brakklegging vil koste dyrt. Så dyrt at til dømes lakseslakteriet i Kvam i Hordaland risikerer konkurs. Dyr er også brønnbåtbadinga av laksen i giftoppløysing. Alt dette er på grunn av verknadene av oppdrett i notmerdar. Og dei kan mislykkast. Det er mykje meir framtidsretta å bruka milliardane på å fjerna årsaken til lus og sjukdom ved å ta i bruk ny teknologi; lukka oppdrettsanlegg.
Frode Strønen, rådgjevar marin sektor Miljøpartiet dei Grøne
Publisert onsdag 03.03.2010 kl. 08:50 (sist endret onsdag 03.03.2010 kl. 08:50)
