12.02.2010 10:43
Statssekretær Lisbeth Rugtvedt vil ikkje tilbake til gamle rutinar for godkjenning av lærebøker. Dette seier ho i eit intervju i Nationen 15. januar, som ein kommentar til ei undersøking som viser at nynorsken er på sterk retur i lesebøker i norskfaget etter at godkjenningsordninga for lærebøker vart oppheva i år 2000. Rugtvedt opnar likevel opp for at det går an å lage retningslinjer for fordeling av bokmål og nynorsk i lesebøker. Dette er eit synspunkt vi støttar. Departementet ville gjere mange lærarar og lærebokforfattarar ei teneste om dei lagde slike retningslinjer for lesebøker og for fellesspråklege lærebøker. Ein lærebokredaktør med tretti års røynsle frå yrket vurderer situasjonen slik når det gjeld fordeling mellom nynorsk og bokmål i lærebøker:

«Min erfaring er at dette flyter. Jeg har nettopp hatt ansvaret for ei fellesspråklig bok for videregående skole. Ingen i forlaget kunne gi klart svar og heller ikke Språkrådet. De ba meg ta kontakt med Utdanningsdirektoratet. Jeg må innrømme at jeg ikke orket å gå lenger med saken, men vi endte opp på ca. 40 prosent. Det hadde vært greit med en prosentfordeling, så slipper vi å vurdere dette i hvert enkelt tilfelle. Det blir også lettere å argumentere i forhold til skolene, og kommunikasjonen med forfatterne blir enklere når de vet hva de må forholde seg til.»

Rugtvedt viser god vilje til å forstå kva saka dreier seg om når ho seier: «Det viktigaste vi kan gjere er å følgje opp slik at elevane får den norskopplæringa dei har krav på». Det er eit utgangspunkt vi støttar. Men så seier ho: «Det er vel så viktig at nynorskelevar får lærebøker på nynorsk til skulestart». Her lurer vi på kva «vel så viktig»betyr. Problemet vi diskuterer er at elevar som har nynorsk som hovudmål, ikkje får tilstrekkeleg litteratur på nynorsk, altså på sitt eige hovudmål, i fellesutgåver av læreverka i norsk. Vi peiker også på at tilfanget av tekster på nynorsk i bokmålsutgåver av norskverk ser ut til å ha blitt sterkt redusert etter at godkjenningsordninga vart oppheva.

Vi minner om at elevar i norsk skule har hatt rett til å få lærebøker på eiga målform heilt sidan tidleg i 1970-åra, gjennom lovvedtak i 1969 og 1974. Etter opplæringslova skal parallellutgåver ligge føre til same tid og same pris, men nynorskutgåvene har som regel komme etter bokmålsutgåvene, og svært ofte for seint til skolestart. At styresmaktene endeleg har fått auga opp for dette systematiske lovbrotet som har pågått i meir enn 30 år, er bra. Det er jo ein skandale at det ikkje har skjedd noe med dette tidlegare. Men vi kan ikkje forstå at å gripe inn mot dette lovbrotet skal settast opp mot å sørgje for at det er nok tilfang av tekstar på nynorsk i lesebøkene i norskfaget, slik Rugtvedt gjør i intervjuet.

Rugtvedt seier at departementet ikkje vil styre innhaldet i opplæringa. Men så enkelt kan ein ikkje sjå det. Departementet styrer innhaldet i opplæringa gjennom kompetansemåla, og departementet må også gjere det mogleg for læraren å leggje opp undervisninga slik at elevane har ein sjanse til å nå desse måla. Departementet kan gjere det gjennom å kome med retningslinjer for fordeling av målformer i fellesutgåver og i tekstsamlingar/lesebøker, både i norskfaget og i andre fag.

Opplagte innvendingar kan vere: Kva skal vi med retningslinjer når vi ikkje har godkjenningsordning? Kva om retningslinjene ikkje blir følgde? Får brot på retningslinjene konsekvensar? Inntil vidare meiner vi at norske forlag vil følgje slike retningslinjer frå departementet. Om ikkje anna så av omsyn til sitt eige omdømme. Her byggjer vi på eigne røynsler som lærebokforfattarar i møte med kompetanse i forlag. Sitatet frå lærebokredaktøren ovanfor er eit døme på slik kompetanse. Situasjonen er alvorleg for nynorsken, og det må handlast. Vi minner om at departementet har forplikta seg i saker som gjeld språk og læring, blant anna i Stortingsmelding 23 (2007-2008): Språk bygger broer:

«Departementet ønsker derfor å legge til rette for at barn og unge skal få muligheter til å etablere en sikrere identitet, kulturelt og språklig, og at nynorsk skal bli en mer naturlig del av den språklige hverdagen for barn og unge i barnehage og skole.»

Retningslinjene for bruk av bokmål og nynorsk i lærebøker finst som del av den tidlegare godkjenningsordninga. Nye retningslinjer kan bygge på desse, og dei vil vere til hjelp for elevar, lærarar, lærebokforfattarar og forlagsredaktørar. På sikt bør retningslinjene også innarbeidast i opplæringslova.

Norunn Askeland

Førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Vestfold

Benthe Kolberg Jansson

Førstelektor i norsk ved Høgskolen i Østfold og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Synnøve Skjong

Førstelektor i norsk ved Høgskolen i Oslo

Emneord
Les også