Kronikk

Grisgrendtfylke nummer ein

Siste mening

Kommentar

Frivillighet er et regnskap uten tall

Kommentar Vi har måttet bidra og bli enige. Dugnad er øvelse i tillit og demokrati.

Les Drude Beer

BILDESERIER

Rive gamlelåven?

Budeiekalender'n 2010

Bondepiker fra Trøndelag

Småbrukeridyll

Publisert 30.01.2010 kl 15:29 Oppdatert 30.01.2010 kl 15:29

Tips en venn på e-post:

Kronikk

Eg har i dag offisielt gravlagt «motstraumsstrategien» i Sogn og Fjordane. Den har altfor lenge hemma utvikling og vekst i fylket vårt! Slik sette ein twitrande Tor Bremer ord på den rådande trenden i Sogn og Fjordane-debatten, nokre dagar før han kom inn på Stortinget. Omgrep som motstraumsfylket, annleisfylket, småskala og distriktspolitikk har dei siste åra vore som skjellsord å rekna når framtida til Sogn og Fjordane skal diskuterast, som i norsk distrikts- og regionaldebatt meir allment. Er det klokt?

Ein sentral premiss for debatten er at det går den vegen høna sparkar med Sogn og Fjordane. Folketalsnedgang, forgubbing og mangel på attraktive arbeidsplassar er sentrale stikkord når det heller dystre biletet av fjordafylket vert teikna. Dei demografiske domedagsprofetiane tener eit klart føremål: Å devaluera utviklingspolitikken som er ført i fylket og legitimera nye og drastiske grep. Eit par døme frå dei siste vekene: «Eg forstår ikkje at sjukehus-, skule- og kommunestrukturdebatten heile tida tek utgangspunkt i korleis ting var før», bloggar fylkesbanksjef Arvid Andenæs. «Fylket har stått i ro i dei siste 50 åra», oppsummerer Reiel Haugland, kultursjef i banken til Andenæs, i Firda.

Det vert framført mange og sprikjande framlegg til korleis ein skal unngå domedag i Sogn og Fjordane. Konklusjonane er likevel variantar over temaet sentralisering: satsing på fylkesbyen Førde eller i høgda eit knippe regionsenter, kommunesamanslåing og nedlegging av småskular og lokalsjukehus. Dessutan: tung satsing på kysten, for i alle normale fylke er kysten vekstmotor og tyngepunkt.

Ein annan viktig premiss for debatten om Sogn og Fjordane, er at alt er ute om ein ikkje får «snudd» folketalsutviklinga. Denne folketalsfikseringa kjem det lite godt ut av. Sogn og Fjordane er slett ikkje i ferd med å bli avfolka. Det bur like mange her som for 20 år sidan, men fylket har ikkje teke del i folkeauken i dei meir folkerike og sentrale fylka.

Her er det to klare utfordringar for fylket. Viktigast: 60 prosent av folkeauken i Noreg for tida kjem av innvandringsoverskotet, men få kjem til Sogn og Fjordane. Dessutan har fylket relativt sett fleire eldre enn landssnittet, altså færre i økslefør alder enn folketalet skulle tilseia. Når fanden skal målast på veggen, vert det gjerne framheva at fylket har tapt terreng for dei andre vestlandsfylka. Men dette er ei meiningslaus jamføring. Hordaland har Noregs nest største by som vekstmotor. Rogaland er det fylket i landet som sidan 1970 har hatt den største prosentvise folketalsauken (60 prosent), sjølvsagt på grunn olje og gass. Stavanger og Sandnes i hop har forlengst passert Trondheim som Noregs tredje største tettstad etter kriteria til SSB. I nord finn me Stor-Ålesund på 11. plass på den same lista.

Fylkesdebatten går i grøfta om ein let att augo for særpreget til Sogn og Fjordane og dei historiske utviklingsdraga som har forma fylket. Sogn og Fjordane er Noregs grisgrendtfylke på ein delt fyrsteplass med Hedmark og Oppland, som alle hadde 44 prosent av innbyggjarane sine i «spreiddbygde strok» i 2009 etter SSB sin definisjon. På ein sterk fjerdeplass kjem Nord-Trøndelag med 42 prosent (landssnittet er 21 prosent). Slik sett er det desse og ikkje dei andre meir urbaniserte vestlandsfylka som liknar mest på Sogn og Fjordane. Men i Hedmark-Oppland har mjøsregionen Lillehammer-Ringsaker-Hamar-Gjøvik meir folk enn heile Sogn og Fjordane. Vekstmotoren i Nord-Trøndelag er Stjørdal, tre mil frå Trondheim, med 21.350 innbyggjarar. Sogn og Fjordane liknar altså ikkje på noko anna fylke, berre på delar av andre fylke, som Hardanger. Det kan ein alltids sutra over. Men dei norske statistikkane er berre variasjonar over eit velkjent tema: Urbaniseringa og sentraliseringa går sin gang, globalt som nasjonalt og lokalt, og i Noreg har det no vore slik i 200 år. I perioden 1990-2009 hadde alle fylke folketalsnedgang i spreiddbygde og folketalsoppgang i tettbygde strok (minus Finnmark). Det er ingen som har «skulda» for at Sogn og Fjordane ser slik ut, korkje Senterpartiet, bunadseliten eller bygdedyret.

Kva kan ein så gjera, ut over å ynskja seg mange fleire innvandrarar til fylket? Draumen til fleire fylkesdebattantar er at Sogn og Fjordane skal bli eit «normalt» norsk fylke gjennom satsing på ein eller ei handfull tettstader, i von om at dette vert vekstmotorar som skapar ein sterkare folketalsvekst.

Men drøymarane er minst 150 år for seint ute, om ikkje 300. Dei byane og tettstadene i Noreg som er vekstmotorar som monar, er anten byar grunnlagde ein gong mellom 871 og 1600-talet, til naud på 1800-talet, eller tettstader i nærleiken av gamle byar, eller folkerike klyngjer av byar og tettstader. Dette er grundig underbygt i fleire kapittel i Vestlandets historie (2006).

Ein kan fyrst som sist leggja vekk den historielause draumen om Fylkesbyen. Dei spreiddbygde områda i Sogn og Fjordane har altfor mange folk og er altfor viktige for fylket som heilskap til at ei einsidig satsing på dei puslete regionsentra våre kan føra fram.

Fylket har ikkje, og vil heller ikkje få, vekstsentra som er sterke nok til å fanga opp eller kompensera for ein enno sterkare folketalsnedgang i bygdene. Sogn og Fjordane er ein lagnadsfellesskap mellom sentrum og periferi, og i regional og nasjonal samanheng er heile fylket, også Førde, Sogndal og Måløy, periferi. Vil ein ha folketalsauke, finst det ingen veg utanom ei balansert satsing både på dei tettbygde og spreiddbygde stroka i fylket. Ein god start kan då vera å slutta å syta over at fylket har den busetnadsstrukturen det har. Ta heller ta utgangspunkt i det fylket faktisk er og alltid kjem til å vera: grisgrendtfylke nummer ein.

Oddmund L. Hoel Fyrsteamanuensis i historie, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Sp: - Utrolig arrogant av Ap

Landbruk Sps stortingsgruppe er i harnisk over Aps parlamentariske leder Helga Pedersen oppfordring til moderasjon i jordbruksoppgjøret. Les mer

Tar ingen kraftomkamp

Næring Senterpartiet er uenige med regjeringsfleirtalet, men vil ikkje stemme med opposisjonen på Stortinget i saka om småkraft og grøne sertifikat. Les mer

Sp: Ingen bråhast med kutt

Politikk I Sp er det redsel for at det skal bli for lite penger til samferdsel, landbruk og kommunene om innstrammingen kommer for fort. Les mer

13 meieri godkjent for eksport

Landbruk Russland har godkjent 13 norske meieri for eksport av mjølk og mjølkeprodukt. Les mer

snøskred, snøras, ras, rasulukke, rasulykke, skredulykke, skred, dødsulykke, dødsulukke, rasfarleg, rasfarlig, rasvei,

Stadig nye ras på ulykkesvei

Samferdsel På bare to døgn er riksvei 13 i Ryfylke rammet av tre snøras. En mann er omkommet. Les mer

Nyeste medlemmer med bilde

MEST SETT AKKURAT NÅ

SMAK

Landbruksstøtten

Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Akershus
Vær- og føreforhold:
Vinteraksellast er innført.
Ev 6 Oppegård - Karihaugen
Vær- og føreforhold:
Bart og vått.
Ev 6 Karihaugen - Langeland
Vær- og føreforhold:
Bart.
Ev 6 Langeland - Strandlykkja
Vær- og føreforhold:
Bart.
Ev 6 Oslo - Minnesund, ved Stensby Sykehus, avkjøringsveg, i retning mot Minnesund
Midlertidig stengt:
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid. Arbeidet ventes avsluttet 30.09.2011.
Flere meldinger Kilde: Statens vegvesen

VEIVISEREN

Finn veien

Trenger du hjelp til å finne fram? Bruk vår veiviser!

Beregn kjørerute

PDF OG MOBIL

Nationen på mobil

nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.

Været
  i dag i morgen
Oslo   3.9°   4.0°
Bergen   3.3°   3.0°
Trondheim   1.1°   0.5°
Stavanger   2.6°   2.8°
Lom   -0.4°   -1.3°
Oppdal   -2.2°   -3.6°
Røros   -2.6°   -3.8°
Jølster   -0.6°   -0.7°
Karmøy   3.2°   3.0°
Bryne   3.1°   3.4°
Gvarv   4.6°   6.1°
Stokke   2.8°   3.0°
Rakkestad   3.1°   3.2°
Fagernes   0.8°   1.0°
Stange   2.0°   1.7°
Snåsa   -0.3°   -0.8°
Beiarn   -1.9°   -2.3°
Bardu   -3.8°   -4.8°
Alta   -5.6°   -6.5°

Nationen

Schweigaards gate 34
Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo
Tlf.: 21 31 00 00
Fax: 21 31 00 90

Tips Nationen

Tlf. 21 31 00 67 / 21 31 00 25
SMS: Kodeord NATTIPS til 2005
Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Webredaksjonen

Sjefredaktør: Mari Velsand
Konstituert nyhetsredaktør / nettansvarlig:
Pernille Huseby
Webjournalister:
Lars Johan Wiker
Janne Grete Aspen
Bjarne Bekkeheien Aase
Sigbjørn Høidalen

Annonseavdelingen:

Markedsansvarlig internett:
Hans Jørgen Zambrano
Tlf.: 21 31 00 73 / 480 27 310
Fax: 21 31 00 91

Redaktøransvar