Fagfolk frå arkeologimiljøet opplyste i romjula i ein kronikk i Aftenposten om at kvinna var jeger også i steinalderen. Dei tilbakevisar at steinalderen kan brukast som argument for at dagens kvinner skal være mindre aktive som jegerar enn dagens menn. Ein ser tydeleg frå arkeologiske undersøkingar at mange kvinner også har delteke aktivt som jegerar. I dette innlegget vil eg prøve å framheva kvifor dagens kvinner kan vera like gode jegerar som menn, men kvifor dei ikkje like ofte deltek på storviltjakt.
Norsk Hjortesenter er ei kompetanseverksemd (mellom anna knytt til jakt og viltforvaltning) innan interessefeltet hjort og hjortevilt, og vi ser det som veldig positivt at kvinna si rolle som jeger vert kasta lys på. Hjorten er i dag det mest talrike storviltet i Noreg og er i ferd med å spreia seg til det meste av landet. Gjennom erfaring opplever vi at dagens kvinne heller ikkje står tilbake for mannen i evne til å utføre hjortejakt, eller anna storviltjakt, på ein god måte.
Det fins utallige måtar å jakte hjort på, noko som kjem godt fram i den nye boka til journalist Egill Danielsen, «Hjortejegerne». Under jaktformar der postering vert nytta vil det stilla strenge krav til jegeren sin evne i skyting, og eventuell evne til å halde att skotet! Ved smygjakt stiller det krav til jegeren om å røre seg stille og usett i terrenget og kome seg i ein posisjon der ein trygt kan felle ein hjort. Kjennskap til hjortens åtferd og biologi ligg i botnen for all god jaktutøving. Etter utøvd jakt skal jegeren behandla det felte viltet på ein god måte for vidare bruk til mat.
Det er ingen grunn til å tru at ei kvinne skal vera dårlegare utstyrt enn menn med nokon av desse sentrale eigenskapane for å utøving av storviltjakt. I visse jaktsituasjonar, til dømes der det er langt til veg, kan fysisk styrke vera viktig for å ta vare på kjøtet i ettertid. Det er den einaste situasjonen vi kan sjå at nokre kvinner, men og mange menn, kan kome til kort. Då må ein hugse at flokken (jaktlaget) er der for å hjelpa til.
Kva er så grunnen til at såpass få kvinner likevel deltek aktivt på storviltjakt? Av biologiske og fysiske årsaker ser vi berre ein substansiell grunn: At kvinna føder og ammer barn og at dei difor i periodar ikkje kan vera like aktive på jakt. Dei klart viktigaste årsakene må likevel, etter det vi kan forstå, vera av kulturell og tradisjonell art. Ansvaret for skeivskapen fell likeverdig på menn og kvinner. Noko kan skuldast at den norske kvinna ikkje alltid er så likestilt som ho hevdar (jf. yrkesval), og ikkje er flink nok til å kome seg ut i fjell og skog på jakt.
Kanskje må det ei haldningsendring til blant kvinner, kanskje handlar ikkje likestilling berre om likeløn? Apropos løn så er det verdt å merke seg at ei viss kommersialisering av jakta kan vera positivt fordi det gjev nye jegerar mulegheiter tilgang på jaktområde som før har vore stengt for utanforstaåande. Kvinner kan gripa denne sjansen om dei vil.
Mannen må likevel ta ein stor del av ansvaret for at det er få kvinner som jaktar storvilt;For det første må det oftast mannsdominerte jakt- og skyttarmiljøet stilla seg meir open for å inkludera folk uavhengig av kjønn (og for den saks skuld alder, legning og etnisitet). Den andre åtferdsendringa menn må gjennomgå heng nøye saman med farsrolla. Veldig mange jegerar kjem inn i jaktmiljøet gjennom opplæring frå sine foreldre, jakta går altså i arv.
Dagens jegerar er som oftast fedre! Då er det ekstremt viktig at etablerte jegerar på lik linje tek med seg døtrer som søner under jakt for opplæring av framtidas jegerar. Sjølvsagt må dagens kvinnelege jegerar vera seg minst like bevisst dette ansvaret. I vår rolle som nasjonalt kompetansesenter for hjort prøver vi å formidle dette når diskusjonen kjem inn på rekruttering av nye jegerar. Det vil nemlig bli behov for fleire storviltjegerar i åra framover noko som også kjem fram i den nye nasjonale hjorteviltstrategien som Direktoratet for Naturforvaltning lanserte like før jul. Sidan kvinner utgjer halve befolkninga så er dei ei naturleg målgruppe for jegerrekrutteringa!
Jakt er internasjonalt sett ein aktivitet under press med delvis manglande oppslutning i befolkninga i mange land. I Noreg står jaktkulturen framleis sterkt, men dersom ein i framtida vil at det skal vera samfunnsmessig aksept for jakt, spesielt storviltjakt, er det viktig at eit tverrsnitt av befolkninga, uavhengig av til dømes kjønn, deltek i denne aktiviteten. Jakt er særs viktig som ein del av ei aktiv naturforvaltning med forankring i lokalmiljøet, for utmarksbasert næringsutvikling knytt til sjølve jakta, og til dei ressursane vi får som resultat av ei godt utført jakt med tilhøyrande god kjøtbehandling: fantastisk kortreist, sunn og velsmakande mat!
Stein Joar Hegland, FoU-leiar ved Norsk Hjortesenter
26.01.2010 09:02
