NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

03.11.2009kronikk

Den noble allmenning

Ved årets Nobelpris i økonomi peikar det svenske Kungliga Vetenskapsakademin ut ei ny retning for økonomifaget med klar relevans for praktisk politikk, ein relevans som strekkjer seg langt inn i norske bygdesamfunn og forvaltinga av rurale ressursar.

Ved å gi prisen til den amerikanske statsvitaren Elinor Ostrom, tok ein ikkje berre steget utover skuleøkonomanes rekkjer, ein tok også eit steg vekk frå den neoliberale økonomiske tenkinga og absoluttismen som pregar dei enkle ideane kring eigedom og ressursforvalting. Med tverrfaglege perspektiv og omfattande empiriske prov utfordrar Elinor Ostrom den rådande ortodoksien. I den no klassiske studien «Governing the Commons» frå 1990, set ho punktum for ein 20 år lang debatt utløyst av biologen Garrett Hardin si tese om allmenningens tragedie. Ei tese som har gitt næring til den blinde trua på kor fortreffeleg den private eigedomsretten er og, paradoksalt nok, ei tilsvarande naiv tru på kor naudsunt og fortreffeleg statleg styring og forvaltning er.

Ostrom stilte spørsmål ved grunnlaget for denne enkle styringstenkinga og dokumenterte at verken privatisering eller kollektivisering utan vidare ville fungere bra. For medan privatisering ser ut til einast å føre med seg meirkostnadar og ineffektiv ressursbruk, slit dei statlege forvaltingsregima med omfattande informasjonsvanskar og svake overvakings- og sanksjoneringsmekanismar.

Ostrom introduserer eit tredje alternativ: Det sjølvstyrte lokale kollektivet. Her til lands kan det best representerast med bygdesamfunnet. Ho syner oss at lokalsamfunna i stor grad har vore i stand til å ta vare på lokale fellesressursar.

Dei beste forvaltingsregima, hevdar Ostrom, i tydinga dei mest berekraftige, finn me der folk som har levd saman lenge, og der ein aktar å halde fram med å leve saman, i fellesskap får kontrollere bruk og vern. Det er her vi finn regima som er best tilpassa ressursen dei er tenkt å forvalte, det er her vi finn dei mest sofistikerte vedtaks- og handhevingsmekanismar, det er her tilliten og legitimiteten er størst. Ostrom finn at lokale styringsformer basert på frivillig samarbeid, sjølv mellom konkurrentar, knytt til sameinte spelereglar og praksisar under visse vilkår er meir effektive enn både privat og statleg styring.

Ostrom presiserer at vellukka sjølvstyrte lokale forvaltingskollektiv ikkje kan fungere aleine. Det inngår i samfunnet og må ha eit mandat og ei ramme frå storsamfunnet for å sikre legitimitet og autoritet internt i organisasjonen. Ramma må sikre samsvaret mellom storsamfunnets verdiar og lokale styringsprosedyrar. Det sjølvstyrte lokale kollektivet treng reell rett til å lage reglar, til å overvake ressursbruken og til å sanksjonere dei som bryt dei lokale forvaltingsreglar. Vidare lyt det vere samsvar mellom ressursgrensene og styringsorganisasjonen.

Der ressursen strekkjer seg over fleire bygdesamfunn må den lokale styringsorganisasjonen byggjast opp føderalt. Ostrom gjer eit poeng ut av prinsippet om at det må vere samsvar mellom kva den einskilde yter til forvaltinga og det ein får att. Når grunneigarar og lokalbefolkning opplever einast ulemper ved nasjonalparken, verdsarvområdet eller dyrelivsfredinga, reagerar dei forståeleg nok negativt.

Her til lands er det fyrst og fremst stats- og bygdeallmenningen ein tenkjer på når ein snakkar om allmenningar. Vi finn også eit samsvar mellom slik det var tenkt kring reformene i allmenningslovene på 1850-talet og Ostrom si tenking om det sjølvstyrte lokale kollektivet. Fyrst på 1800-talet, etter fleire år med rovhogst i skogen, spekulerte nemleg embetsverket på korleis ein skulle kome seg ut av uføret ein var hamna i. Løysinga dei kom opp med var den same som dagens ideologi tilrår - privatisering - men heller ikkje då verka det. I 1857 og 1863 tok Stortinget to vellukka grep. Dei gav klare rammer for avgjerdsprosedyrane for dei som hadde rett i allmenningane, og dei introduserte eit tydeleg skilje mellom grunneigaren sine rettar og allmenningsretten. Allmenningsinstituttet vart tufta på ideen sjølvstyrte lokale forvaltingskollektiv.

Vi treng å tenke gjennom kva vi kan lære av Ostrom. Vi treng å tenke gjennom kva vi kan lære av det norske allmenningsinstituttet. Vi treng å revitalisere allmenningen og å ta i bruk lærdomen og kunnskapen i forvaltinga av dei mange nye allmenningane vi er i ferd med å utforme. Kva kan Ostrom og allmenningsinstituttet fortelje oss om forvaltinga av strandsona, nasjonalparkane, landskapsvernområda, verdsarvområda, jaktvalda, rovdyrområda, finnmarksallmenningen, elvane og dei lakseoppdrettsfrie fjordane?

Dei klassiske norske allmenningane har fungert godt, derfor har også forskinga på allmenningane vore beskjeden. Det er ikkje ei prioritert oppgåve for norsk forsking å finne ut kvifor ting verkar, men for den som ønskjer betre ressursforvaltning er det ikkje berre viktig, men essensielt. Ostrom ville ikkje fått nobelprisen om ho ikkje hadde kunna dokumentere ut over all rimeleg tvil at allmenningar både i Sveits og Spania har eksistert som velfungerande lokal forvaltingskollektiv i snart 1000 år. Dette er også ein del av den respekten for empirisk kunnskap som Nobelprisen peikar på. I over 40 år har Ostrom og hennar kollegaer lagt fram empiriske prov på at under dei rette føresetnadane er vanlege folk fullt ut i stand til å ta vare på ressursar til fellesskapets beste. Ho har gjort debatten om ressursforvalting til noko meir enn partielle resonnement innan teoretiske modellar på økonomen sitt skrivebord. Ho har observert kva som skjer i den verkelege verda.

Dette bør etter vårt syn vere ein inspirasjon for vår heimlege praksis. Heilt sidan den første nasjonalparken vart oppretta har det vore strid om kva rolle grunneigarar, bygdefolk og lokalsamfunn skal ha i høve til det statlege byråkratiet. I dag kan det sjå ut til at byråkratiet er sikrare enn nokon gong på at lokalsamfunnet bør ha minst mogleg innverknad. Kvifor trur dei det? Kva er empirien? Kva ville resultatet vore om ein tok lærdom av Ostrom eller av prinsippa bak dei tidlege allmenningslovene her i landet? Ville det vore betre eller dårlegare, og kven ville i så fall fått det dårlegare?

Bjørn Egil Flø, forskar, Norsk senter for bygdeforskning

Erling Berge, professor, NTNU



Publisert tirsdag 03.11.2009 kl. 08:39 (Sist endret tirsdag 03.11.2009 kl. 08:48)

Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative