NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

03.12.2008kronikk

Ei vandring i sjakkbrettlandskapet

Den store Boeing 757-maskinen glir sakte over det etiopiske høglandet på veg mot Addis Abbeba, verdas nest høgastliggjande hovudstad med sine nesten 2500 meter over havet. Det er tidleg morgon, og dei første solstrålene kastar eit mjukt ljos over det som må vera eit av dei vakraste kulturlandskap nokon stad; det etiopiske sjakkbrettlandskapet.

Dette landet, som så ofte blir assosiert med tørke og hungerkatastrofe ute, er i eit normalår irrande grønt og kollosalt produktivt. Sjakkbrettlandskapet strekkjer seg mil etter mil. Nesten kvar einaste kvadratcentimeter er i bruk. Men her er ingen store einingar, og industrilandbruk er nærast ikkje-eksisterande. Det som gjer dette landskapet så unikt, er kombinasjonen av intensiv bruk og svært små einingar. Det etiopiske landbruket må i det heile vera det reine marerittet for ein kvar rasjonaliseringspredikande landbruksøkonom: Bortimot alt land vert nytta, og det særs effektivt.

Etiopiske ekspertar på feltet reknar og med at meir enn 60 prosent av produksjonen i dag når ein eller annan marknad; med andre ord at den nyttast som sals/byttevare. Ferske landbruksvarer er tilgjengelege i rikeleg monn på marknaden i ein kvar etiopisk by. Dette skjer innanfor ein landbruksstruktur der gjennomsnittsgarden er på 0,7 hektar, eller 7 mål om ein vil! Der økonomane i vår tid har rekna seg fram til at ein bonde i vesten må ha mange hundre mål «for å kunna leva av det», som det så fint heiter, livnærer desse etiopiske småbruka heile familiar både i høve basismat og innkjøpsvarer.

Det er denne strukturen som dannar sjakkbrettlandskapet. Så langt auga rekk ser ein desse små åker- og beitefelta, kvar i sin eigen fargenyanse. Synet er vakkert nok til å ta pusten frå ein. Samstundes er det eit syn som gjer ein glad og optimistisk. Sjakkbrettlandskapet vitnar om aktivitet, om eit produktivt folkeferd som på ingen måte svarar til dei negative hunger-stereotypiane som dominerer i vestlege media.

Dette aktive landbrukslandskapet burde også minna oss her i Noreg og vesten om at det finst fleire vegar til utvikling. I samband med matvarekriser og auke i dei globale matvareprisane, har diskusjonen om behovet for intensivering av landbruket i Afrika dukka opp att. Modellen som gjerne trekkjest fram er vår eiga historie om det store hamskiftet: Maskinar må ta over for handamakt, folk må over i «meir produktiv verksemd» i byane, gardane må bli langt større. Me kjenner alle denne historia. Når prosessen først byrjar, har den ingen ende. Færre og færre, større og større. Dette har vore medisinen i mange år i vesten.

Heile tida har det vore sterke røyster som har hevda at bøndene er for mange og for små. Desse røystene er like sterke i dag som det dei var for 20 år sida. Og i kjølevatnet stig kraftforbruk, drivstoffbruk, giftbruk, kunstgjødselbruk ¿

Det sjakkbrettlandskapet i Etiopia fortel oss, er derimot at dei ikkje finst standardiserte og generaliserte oppskrifter på effektiv arealutnytting og matproduksjon. Det etiopiske landbruket er eit særs godt døme på den form for utvikling me gjerne kallar involusjon. Involusjon er prøving og feiling med basis i dei ressursar som naturleg finst på staden. Fram til dei importerte innsatsvarene kom for fullt og velstandssamfunnet vart vårt kulturelle mål, var det slike prinsipp som dominerte også i Noreg. Både reiskap, husdyrrasar og sosial organisering av arbeidet vaks fram som lokalt tilpassa. Det meste vart nytta, og heile familien var aktivt deltakande.

For store delar av verda vil involusjon vera den kjelde busetnad og matproduksjon vil springa ut av også i framtida. Nøkkelen til suksess innanfor denne produksjonsformen er kreativitet. Den som er mest nyvinnande i bruken av dei lokale ressursane, er også den som tek første steget vidare. Samstundes kjem det heile tida impulsar utanfrå. Medan nokre vert forkasta, kan andre nyttiggjerast innanfor eksisterande lokalbaserte produksjonssystem. Slike uttrykk kan då takast opp i og verta ein del av den lokale involusjonen.

Ein stad på landevegen mellom dei nord-etiopiske småbyane Bahar Dar og Gonder opplever me slike prosessar på nært hald. Landskapet endrar brått karakter frå små teigar med tef (ein spesiell kornsort som utgjer hovudingrediensen i det etiopiske kjøken), mais, gras, grønsaker og beite, til svære felt med ris. Det verkar som om småbruket her har måtta vika plassen for den vestlege storskalamodellen.

Når me stoppar bilen for å tala med ei gruppe menneske som arbeider i dette feltet, får me likevel klar melding om at så ikkje er tilfelle. Eigedomsgrensene er dei same som før. Eigedomar større enn 10 mål finst knappast. Landsbyen har likevel slått seg saman i dyrkinga av ein ny rissort som verkar perfekt eigna til desse områda. Arbeidet skjer med dei same gamle trereiskapane. Det er framleis oksen som pløyer opp jorda, og den einskilde familiemedlem går etter med trehakker.

Menneska me talar med førebur tresking. Dei grev opp ei og ei plante for hand over eit større område. Så trampar dei jorda flat. Oppå dette legg dei kugjødsel. Når denne tørkar vert den som sement, og dei har eit stort flatt golv. I midten står ein stor påle, og her vert oksen festa. Så legg ein dei modne risstråa på golvet, og oksen leiest i ring medan den trør på stråa. Slik løsnar riskorna. Når dette er gjort, hentar andre i familien spesielle tregaflar som vert nytta til å hiva strå i eigne haugar. Dette nyttast etterpå til for.

Desse småbrukarane er optimistiske. I fjor produserte dei 1,2 tonn ris pr hektar med slike metodar, og dette basert hovudsakleg på naturgjødsel. Med prisane frå i 2007 utgjorde dette bortimot 100000 kroner, ein formue for ein etiopisk småbrukarfamilie. Og sjølv om dei forventar noko lågare prisar i år, ser dei likevel lyst på framtida både for seg sjølve og heimstaden.

Dømet viser at intensivering av matproduksjonen kan føregå utan at naturlege og sosiale strukturar treng å leggjast aude. Den store løyndomen i det produktive etiopiske landbruket er tilgjenge på arbeidskraft. Både store og små, mannlege og kvinnelege hender er i arbeid på familien sitt jordstykke. Overskotet, både i form av basisvarer og byttekapital delest også. Trengst det til enno meir krefter, trer ein urgammal tradisjon i kraft. Hushaldet bryggjer øl og lagar til mat, ofte tilbyr dei og musikk og underhaldning. I bytte gjev gjestene nokre timar med arbeid. Slik førest lokalsamfunnet tettare saman, samstundes som den einskilde familie sitt sesongbetonte behov for ekstra arbeid vert løyst. Dette skjer i eit land der 86 prosent av befolkninga bur på landsbygda, og der denne landsbybefolkninga veks.

Innføring av denne nye rissorten er ei radikal nyvinning som kan gjera livet betre for mange menneske. Men det er likevel ei nyvinning som støttar seg 1000-årige reiskap, kunnskap og tradisjonar. Det nye vert her ført inn for å styrka i staden for å utfordra og underminera eksisterande sosial organisasjon og lokal kunnskap. Sjakkbrettlandskap er eit lokalt etiopisk landskap, ei bortimot optimal utnytting av ressursane i eit fattig land med mellom 70 og 80 millionar menneske.

I overskueleg framtid vil involusjon vera einaste berekraftige veg til matproduksjon og overleving i denne delen av verda. Dette bør me i vesten ikkje gløyma i vår iver etter å selja våre eigne intensive produksjonsmodellar og vår eiga kunstgjødsel.

Dag Jørund Lønning er dr.philos, sosialantropolog og seniorforskar ved Nordlandsforskning. Han er hausten 2008 på feltarbeid i Etiopia og Malawi.



Publisert onsdag 03.12.2008 kl. 05:00

Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative