24.11.2008 05:00
Sukkereksport er ein av dei sektorane som skal lyfte Colombia opp frå fattigdom skal me tru den colombianske og norske regjering. Sukkerplantasjearbeidarane i Colombia meiner imidlertid at dei lever i eit moderne slaveri. I dag sluttforhandlar Noreg og EFTA frihandelsavtale med Colombia.

Kilometer etter kilometer, mil etter mil er sukkerrør alt ein kan sjå. Ei reise gjennom Valle del Cauca levnar ingen tvil om at sukker er ein av Colombia sine største ekportartiklar. På folkemunne vert sukkerplantasjene kalla for «den grøne ørkenen». Stadig ekspandering av den eksportretta monokulturen har medført at tusanvis av urfolk og afro-colombianarar har blitt fordrivne frå jorda si. Byttet er enkelt: lokalbefolkninga flyt frå bruka sine og får arbeid på plantasjene.

Frå 12 års-alderen vert afro-colombianske menn tilbytt jobb på plantasjene. Dei yngste mennene sår nye planter medan dei sterkaste kuttar sukkerrør. Mennene fortel at det er eit hardt arbeid, ikkje noko for «muchos», men for «machos». Frå morgon til kveld kuttast sukkerrør med machete, i steikande sol og pøsande regn. Kvar arbeidar har eit sett med tre macheter, desse verktøya samt arbeidsklede må arbeidarane kjøpe sjølve. Kor mykje dei får i løn for arbeidsveka får dei fyrst vite når sundagen kjem og det vert klart kor mange lasteplan med reine sukkerrør dei har fylt.

Dette er ikkje sektoren som er karakterisera av kontraktfesta løn og arbeidsdag. Plantasjearbeidarane fortel at når dei kjem om morgonen får dei beskjed om å kutte så og så mykje. Om dei rekk det iløpet av arbeidsdagen eller ei, er deira problem. Sukkerplantasjearbeidarane arbeider i snitt 12-14 timar, sju dagar i veka. Lange arbeidsdagar gjer at dei nesten ikkje ser familien og betalt ferie finnst ikkje. Den ugunstige arbeidstida saman med ei svært låg løn skaper ein veldig vanskeleg situasjon for desse familiane. Dei har ikkje pengar til utdanning for borna og med den høge arbeidsledigheit vert plantasjane arbeidsplassen for son som far. Arbeidet går i arv - det gjer også dei elendige arbeidsforholda.

Colombia er eit konfliktfylt land der 4 av i alt 44 millionar innbyggarar er interne flyktningar. Ein av grunnane til at folk flyt frå hus og heim er etablering av såkalla megaprosjekt (storslåtte gruver, damanlegg og liknande) eller plantasjer. I nokon samanhengar får lokalbefolkninga beskjed om at dei må flytte fordi jorda dei bur på skal fredast. Andre fortel om korleis dei har blitt jaga frå jorda si av paramilitære grupper for så å sjå transnasjonale selskap slå seg til på same plassen. Dei som lir mest under denne typen fordriving er dei gruppene som er mest marginaliserte i utgangspunktet - afrocolombianarar og urfolk.

Det er ikkje lett å organisere plantasjearbeidarane når 99 prosent er analfabetar, og ikkje har overskot eller tid til anna enn å arbeide. Sukkerplantasjearbeidarane har ikkje sitt eige fagforbund, men enkelte er organisert i matproduksjonsforbundet Sinatrainal. Til trass for vanskelege forhold er fleire tusen plantasjearbeidarar i streik. I omlag 2 månadar har mennene med raude skjerf pryda parkar og offentlege plassar. Arbeidarane krev høgare løn og betre arbeidsforhold.

Arbeidarane møter stor støtte i befolkninga. Kvinnene deira demonstrerar foran presidentpalasset i Bogota, urfolksgrupper marsjerar frå Popoyan til hovudstaden, fleire fagforbund tar ut medlema sine i streik og ikkje-statlege organisasjonar i Bogota gjev beskjed til internasjonale nettverk og mediakanalar. Visst lever majoriteten av den colombianske befolkninga i fattigdom, visst er graden av analfabetisme, svelt og naud stor, men solidaritet er det ikkje mangel på.

«Ingen fleire frihandelsavtaler»er beskjeden fra urfolksgruppene, men i staden for dialog vert dei møtt med kuler fra Uribes politi - på en fredelig demonstrasjon i september måned ble 75 såret og to mennesker drept, i følge IPS. Om tilrettelegging for norsk sukkerimport bidrar til økonomisk vekst for eliten i Colombia, har sukkeret ein bismak for arbeidarane som utnyttast grovt i dette systemet. Likevel hevdar regjeringa overfor Handelskampanjen og andre kritiske røster i LO, Amnesty, Flyktningehjelpen og Unio at ei slik avtale er fordelaktig for Colombia.

Hadde imidlertid regjeringa meint alvor med Soria Moria-erklæringa, der dei hevdar at dei vil «arbeide for å fremme et internasjonalt handelsregime hvor hensyn til miljø, faglige og sosiale rettigheter, matsikkerhet og utvikling i fattige land skal tillegges avgjørende vekt», så hadde dei lytta til folk i Colombia i staden for statsleiaren i eit regime som er kjent for å ta livet av opposisjonelle.

Frihandelsavtalene den colombianske regjeringa framforhandlar, inneber betre tilgang for colombianske jordbruksvarer på nordlege marknadar og enklare forhold for transnasjonale investorar. Resultatet av denne utviklingspolitikken er stadig fleire plantasjer. Handelskampanjen fryktar at Noreg gjennom EFTA-avtala vil bidra til denne utviklinga. Avtala inneber gode vilkår for colombianske råvarer, medan tollsatsar på vidareforedla varer skal kuttast. Med null toll på vidareforedla varer fråtar EFTA Colombia moglegheiten til å bygge eigen industri og motarbeide den internasjonale arbeidsdelinga.

Vil den norske regjering bidra til fordriving av urfolk og ørkenspredning? Meiner regjeringa at monokultur med slaveliknande forhold er vegen til utvikling for Colombia?

Heidi Lundeberg er utreder for Handelskampanjen

Emneord
Les også