Ein fråfallens bekjennelse

Anne Viken er journalist, skribent, student ved Norges Veterinærhøgskole og redaksjonsmedlem i Fett.

"Modernisering av nynorsk ville føre til at færre gjekk over frå nynorsk til bokmål, at fleire ville skrive nynorsk i media, og meir nynorsk i det offentlege rommet."

Siste mening

Kommentar

Avmakt i de toede hender

Kommentar Politikerne bør tale Den norske kirke midt imot. Den 12. biskopen hører naturligvis til i Nidaros.Les Kato Nykvist

BILDESERIER

Rive gamlelåven?

Budeiekalender'n 2010

Bondepiker fra Trøndelag

Småbrukeridyll

Publisert 11.06.2007 kl 11:48 Oppdatert 11.06.2007 kl 12:13

Tips en venn på e-post:

"Modernisering av nynorsk ville føre til at færre gjekk over frå nynorsk til bokmål, at fleire ville skrive nynorsk i media, og meir nynorsk i det offentlege rommet."
Kronikk

Kvifor skal kvar ein nynorskbrukar som byter til bokmål, på død og liv framstillast som eit offer for bokmålsdiktaturet? Eg for min del er eit offer for den arkaiske nynorsken.

I dag er eg ikkje nøydd til å skrive bokmål der eg arbeider som journalist. Eg kan fritt velje målform i dei media eg skriv i, og valet er enkelt. Etter å ha stava meg gjennom eit par frilanssaker på nynorsk i eit tappert forsøk på å vere språklojal, og sett at desken la inn enda meir konservativ språkbruk i sakene mine - så eg sjølv omtrent ikkje kjende dei att - la eg nynorskprosjektet på hylla. Eg har funne min identitet. Eg er ein fråfallen nynorsking frå nynorsken sitt tradisjonelle kjerneområde på Vestlandet.

Årsaka er at nynorsk er ikkje noko for meg lenger. Det nynorske skriftspråket er ikkje ein anvendeleg reiskap i det journalistiske virket mitt. Det ligg for langt unna det som er naturleg for meg å uttrykke meg på. Sjølv om eg kjem frå fagre Sunnfjord med bonderomantikk og stupbratte fjell, ligg ikkje identiteten min i det nynorske språket. Målrørsla evna ikkje å halde på meg. Kvar var det det gjekk gale?

Det gjekk gale då eg begynte å skjøne at eg klarer ikkje uttrykke meg på korrekt nynorsk med mindre eg grip til unaturlege ord og vendingar som ikkje finst i mitt eige naturlege ordforråd. Eg gadd ikkje vere den museale konservatoren målrørsla meiner eg bør vere. I praksis vert vi tvinga til å skifte språkform av den enkle grunn at det å skrive korrekt nynorsk vert for krevjande for ein person utan spesiell språkinteresse eller prinsipiell ståstad mot språkbyte.

Som journalist vil eg gjerne at andre skal lese mest mogeleg av det eg skriv. I dag er det slik at om du skriv saka di på nynorsk, er det mange som hoppar over den. Kvifor? Fordi språket til tider er for kronglete og for fjernt frå daglegtalen.

«Bokmål gir meg fleire muligheiter til å skrive nær mi eiga dialekt enn det nynorsk gjer, og eg kjem frå ein kommune som tradisjonelt sett ser på seg sjølv som ein nynorskkommune,» seier ei venninne av meg som jobbar i det offentlege. Ho skriv bokmål no.

Lat meg ta eit sprang til Hafstad vidaregåande skule i Førde, ein av nynorskfylket Sogn og Fjordane sine største vidaregåande skular, der 335 elevar i vår deltok i ei undersøking om kva for ord og former i dagens nynorsk elevane ser på som mest naturlege. Elevane, som alle har nynorsk som hovudmål, fekk femti setningspar framføre seg. Den eine setninga i kvart av para inneheldt eit tradisjonelt nynorskord, mens det andre inneheldt ein bokmålsvariant. I berre 38,6 prosent av setningspara svarte deltakarane at dei tradisjonelle nynorskorda eller nynorskformene var mest naturlege for dei.

Dette viser ei utvikling som er yttarst alvorleg for nynorsken, sa norsklektor Inge Bungum ved Hafstad. Lektor Svein M. Sirnes sa at resultata slo ned som ei bombe ved skulen. I etterkant angreip direktør ved Ivar Aasen-senteret, Ottar Grepstad, undersøkinga på debattplass i Bergens Tidende. Han påstod at undersøkinga ikkje var god nok, og ergo ikkje representativ.

Å ignorere det som kom fram i undersøkinga ved Hafstad vidaregåande, vil vere arrogant og historielaust, og viser ei haldning som på lengre sikt anten kan gjere nynorsk til eit elitespråk eller utrydde språket heilt. Om folk ikkje identifiserer seg med språket, og vel bokmålsord framfor nynorskord, slik undersøkinga ved Hafstad vidaregåande skule syner, bør det ringe eit par bjøller. Men det gjer det visst ikkje. Målrørsla og målpatriotar står tilsynelatande på sitt og let seg ikkje påverke av språkbrukarane på grasrotnivå. Kanskje ho i staden bør takke alle dei som i alle år har funne seg i å verte språkleg overkøyrde, og blitt romantiserte objekt. Kanskje bør målrørsla takke denne bratte bygda for at tusenvis av elevar i tiår etter tiår har slite med eit skriftspråk som ikkje høver i dagleg bruk, slik at ho år etter år kunne slenge statistikken over talet på skuleborn med nynorsk hovudmål i bordet, utan at desse elevane på si side har laga meir bråk enn at dei stilt forlet språket når dei sjølve fekk velje. For ein kan ikkje underslå at dette faktisk skjer.

Motstand frå nynorskbrukarane og lita evne til sjølvkritikk hos betrevitande målfolk fører til at nynorskfolk skifter til bokmål. Eg, for eksempel, vert truleg rekna som nynorskbrukar. Sannsynlegvis også mange av mine kameratar og venninner som forlet nynorsk som skriftspråk for mange herrens år sidan, men som enno står folkeregistrert i oppvekstkommunen der nynorsk er hovudmål.

Språket er heller ikkje lenger ei viktig kampsak for rurale grupperingar som ein gong frykta makta i Oslo. I ein kommentar i Klassekampen tidlegare i år stilte eg spørsmål ved kva det tyder at heile styret i Norsk Målungdom har konvertert frå bokmål. Kven er det dei kjempar for? Sine eigne språkinteresser eller det nynorske skriftspråket og dei aktive nynorskbrukarane? Er føremålet til bokmålskonvertittane berre å få utløp for ei form for politisk verksemd? Dei oppnår iallfall lite anna enn å øydelegge for det nynorske språket med den elitistiske språkbruken sin. Eit moment ser nemleg ut til å vere gløymt: Nynorsk er eit verktøy til kommunikasjon på linje med bokmål, skreiv eg. I staden for å ta opp debatten, blei eg skulda for å tale bokmålsfolkets sak - av den same eliten.

«Frykta for nynorskens død er svært overdriven. Det er større fare for at nynorsk skal ende som eit elitespråk», kunne vi lese i Bergens Tidende 5. januar i år. Eg trur dette er noko å ta inn over seg, og eg vil her trekke fram Ivar Aasen sitt språksyn. Aasen var, stikk i strid med det som er dei praktiske konsekvensane av målrørsla sitt arbeid, opptatt av å skape ein smidig reiskap for praktisk kommunikasjon. Aasen ville knyte band til fortida, samstundes som han ville ha eit språk for notida.

Skal språket overleve, må ein lytte til brukarane og modernisere i tråd med behovet for å uttrykke seg. Ei eventuell utvikling til elitespråk vil vere svært langt frå Aasen sine intensjonar. I dag fører arkaisk nynorskbruk til å a) fjerne brukarane frå språket, og b) skape motstand mot sidemålet.

Difor er det på høg tid å modernisere nynorsken, og å skape nye haldningar til det nynorske. Fordi språket då blir både lettare å bruke og lettare å lese. Det burde ikkje vere noka skam at mange av orda og uttrykka kjem inn via bokmål, så lenge det fell naturleg. Vi treng å diskutere kva som er god, moderne og funksjonell nynorsk. Eg trur at ei modernisering av nynorsk ville føre til at færre gjekk over frå nynorsk til bokmål, at fleire ville få skrive nynorsk i media, og vi ville kunne få meir nynorsk i det offentlege rommet. Dette ville minske avstanden til nynorsk, både for dei som i dag har det som hovudmål, og alle andre.

Dette er eit utdrag frå ein artikkel i Syn og Segn nr 2/07.

- Vil kutte 5-10 milliarder

Politikk Finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) legger opp til å kutte 5 til 10 milliarder kroner i neste års statsbudsjett. Les mer

Skadd da isblokk traff bil

Samferdsel Lørdag ble to personer lettere skadd da isblokker falt ned fra fjellet og traff en bil i Sauda. Les mer

Avmakt i de toede hender

Kommentar Politikerne bør tale Den norske kirke midt imot. Den 12. biskopen hører naturligvis til i Nidaros.Les mer

Vil omfordele bondepenger

Landbruk Småbrukarlagsleder Ole-Anton Teigen vil ta fra store og gi til de små i årets jordbruksoppgjør. Les mer

Eurostrid om Hellas-hjelp

EU/WTO Eurolandene er fortsatt ikke enige om en krisepakke for Hellas, som har blitt et stort problem for euroens tillit. Les mer

Nyeste medlemmer med bilde

MEST SETT AKKURAT NÅ

SMAK

Landbruksstøtten

Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Akershus
Vær- og føreforhold:
Vinteraksellast er innført.
Ev 6 Moss - Vinterbro
Vær- og føreforhold:
Bart.
Ev 6 Moss - Vinterbro (Nordbytunnelen)
Midlertidig stengt:
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 15.03....
Ev 6 Oppegård - Karihaugen
Vær- og føreforhold:
Bart og vått.
Ev 6 Karihaugen - Langeland
Vær- og føreforhold:
Bart.
Flere meldinger Kilde: Statens vegvesen

VEIVISEREN

Finn veien

Trenger du hjelp til å finne fram? Bruk vår veiviser!

Beregn kjørerute

PDF OG MOBIL

Nationen på mobil

nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.

Været
  i dag i morgen
Oslo   4.8°   2.6°
Bergen   2.5°   2.4°
Trondheim   1.2°   0.6°
Stavanger   2.5°   1.6°
Lom   -1.8°   -1.7°
Oppdal   -3.8°   -3.7°
Røros   -3.7°   -4.0°
Jølster   -0.9°   -1.2°
Karmøy   2.6°   2.1°
Bryne   3.0°   1.7°
Gvarv   5.8°   3.2°
Stokke   3.3°   2.1°
Rakkestad   2.6°   1.3°
Fagernes   0.2°   -0.6°
Stange   2.3°   -0.2°
Snåsa   -0.5°   -1.3°
Beiarn   -1.8°   -2.8°
Bardu   -5.4°   -3.9°
Alta   -8.2°   -5.6°

Nationen

Schweigaards gate 34
Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo
Tlf.: 21 31 00 00
Fax: 21 31 00 90

Tips Nationen

Tlf. 21 31 00 67 / 21 31 00 25
SMS: Kodeord NATTIPS til 2005
Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Webredaksjonen

Sjefredaktør: Mari Velsand
Konstituert nyhetsredaktør / nettansvarlig:
Pernille Huseby
Webjournalister:
Lars Johan Wiker
Janne Grete Aspen
Bjarne Bekkeheien Aase
Sigbjørn Høidalen

Annonseavdelingen:

Markedsansvarlig internett:
Hans Jørgen Zambrano
Tlf.: 21 31 00 73 / 480 27 310
Fax: 21 31 00 91

Redaktøransvar