Rune Håndlykken er rådgjevar mellom anna for Nettverk for organisasjonseigde kulturhus
"Ansvaret for barne- og ungdomskultur blei flytta til det nye Barne- og familiedepartementet. I ettertid synes dette sterkt å ha svekka interesse for og kunnskap om lokalkulturen."
Kommentar Vi har måttet bidra og bli enige. Dugnad er øvelse i tillit og demokrati.
Nye innlegg | ||
| Publisert 13.10.2006 kl 07:32 Oppdatert 13.10.2006 kl 07:44 |
Det var sterkt å oppleve at «Kulturløftet» og kulturpolitikken blei sjølve lanseringa av det nye regjeringsalternativet. Endeleg blei også mangelen på gode lokale arenaer for innøving og utøving av kultur teke på alvor: «..satse på en ordning som gjør at prosjektstøtten kan bli på samme nivå som til idrettsbygg.»
I 2006 går det omlag 48 millionar kroner i spelemidlar til allmenne kulturarenaer og 596 millionar til idrettsanlegg i kommunane.
Ida Lou Larsen sette i Nationen i desember 2000 fokus på saka med tittelen «Lokale kulturbygg, kulturens stebarn». Ein brei allianse av kulturorganisasjonar har gitt felles innspel om saka til Storting og regjeringar. Ganske flaue politikarar har innrømt at dei ikkje har visst om kor skeivt dette er blitt. Lokalt får kulturlivet sjeldan politisk gjennomslag for eit første allaktivitetshus når idretten stiller med det mangedoble i spelemidlar til sin tredje idrettshall!
I det første eigne kulturbudsjettet frå Trond Giske levert sist fredag les vi: «I Innst. S. nr. 2 (2005-2006) ser flertallet i Stortingskomiteen fram til Regjeringens gjennomgang av finansieringen for lokale og regionale kulturbygg. Denne gjennomgangen vil bli behandlet i forbindelse med forvaltningsreformen.» Les: Saka utsett i to-tre år til! Punkt 12 i «Kulturløftet» er det einaste der ingen ting skal skje i 2007. «Grasrotkulturen» i frivillig kulturliv, kulturskular og lokale produksjonsmiljø blir ikkje prioritert likevel!
Spelemiddelvedtaket i 2002 skulle gje ei firedobling av tilskotta til «lokale- og regionale kulturelle møteplasser, allaktivitetshus og hus for kultur m.m.» fram til 2005. Om statsråden heiter Svarstad Haugland eller Giske blir det med vakre ord:«&.ønskjer ein kulturpolitikk der det lokale og frivillige kulturarbeidet blir gitt høgare prioritet» (Fellesmerknad Ap, Sp og SV til kulturmeldinga 2004). Tilskottsordningar som sikrar at «kommunene satser på å bygge kulturelle møteplasser» (Kulturløftet) eller «satse på lokale og regionale kulturbygg» (Sem-erklæringa) blir i realpolitikken til kutt i løyvingar og utsettingar.
Etter spelemiddelforliket mellom Ap, SV og Frp i 2002 skulle dei nye midlane kome i tillegg til løyvingane i statsbudsjettet. Dette heldt i fire månader. Alt i Svarstad Hauglands budsjettforslag for 2003 var løyvinga på 44,3 millionar til lokale kulturbygg borte. Det blei vedteke med Aps støtte. Med «Kultur mot år 2014» skulle dei nye spelemidlane takast også til nasjonale kulturbygg, tusenårsstader, museumsbygg, kyrkjer, bokbussar «og liknande». Vedteke med støtte frå Frp mot at dei fekk midlar til seglskutene. Av dei omlag 130 nye millionane til arenaer for lokalt kulturliv kvart år, er etter fire år over 120 mill. strokne og/eller omdisponerte. Er betre rammevilkår for lokal- og breiddekulturen framleis eit «stebarn» i kulturpolitikken og kulturdepartementet? Handlar dette om organisasjonsstrukturen i kulturdepartementet og politikkens vesen i vår sein-moderne tidsalder?
I februar 2000 var eg med på ein samtale med kulturminister Åslaug Haga om auka fokus på lokalkultur. Etter møtet omtala ho den manglande kapasiteten og kompetansen på området i Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) som «et sort hull i departementets organisasjon». I 1991 blei Statens Ungdoms- og Idrettskontor (STUI) i Kulturdepartementet avvikla. Ansvaret for barne- og ungdomskultur blei flytta til det nye Barne- og familiedepartementet. I ettertid synes dette sterkt å ha svekka interessa for, og kunnskapen om, lokalkulturen i departementet. Statens institusjonsdrift og nasjonale prosjekt synest saman med idretten (som er den einaste avdelinga med fokus på lokal aktivitet) å dominere. Samanheng mellom organisering/kompetanse og produksjon av politikk i departementet, er ikkje uventa ut frå grunnleggande organisasjonsteori. Fråveret av ei avdeling for «barn- ungdom og lokalkultur» i KKD, gjorde nok sitt også til at det lokale perspektivet blei veldig svakt i kulturmeldinga «Kultur mot år 2014». Dette kritiserte dei noverande regjeringspartia i sin fellesmerknad i 2004.
52 pressemeldingar frå KKD er datert 6. oktober 2006. I tillegg kjem dei rekordmange budsjettlekkasjane i vekene før. Mest alle har fokus på eit prosjekt, ein institusjon eller løyvingar til ulike kulturtiltak i eit fylke eller innan ein sjanger. Alt vel tilpassa media i det sein-moderne samfunnet som ser etter dei gode enkle sakene med einskildpersonar som er lette å fokusere på. Er politikk blitt ein marknad der statsrådar byter løyvingar med positivt mediafokus og kortsiktig politisk gevinst? Men det var ikkje Giske som starta dette. Den juli 2005 kom det pre semelding frå KKD om 16 millionar kroner i tilskott og tilsegn om ytterlegare 49 millionar av spelemi lar i perioden 2006 - 2008 til kulturinstitusj nar i Rogaland. Like etter løyvde Svarstad Hau land0,5 million i spel midlar til Lillestrøm ku tursenter og lova ytterl gare 25,9 millionar i åra framover (tildelingsbrev 18. august 2005).
Det var i 2005 72 millionar kroner til fordeling til «regionale møteplassar og formidlingsarenaer» i landet. Midt i valkampen gav Svarstad Haugland bindande tilsegn om over 91 millionar til to av fylka: Der partileiar Dagfinn Høybråten var toppkandidat og der ho sjølv kjempa om utjamningsmandat.
Trond Giske gjekk i eit oppslag i Dagsavisen 8. desember 2003 ut med kritikk av kulturlivet for ikkje å opptre samla i sitt lobbyarbeid. I denne saka har dei mest aktuelle organisasjonane gjennom fire år samordna sine innspel. Men 1,5 million i spelemidlar til opprusting av eit samfunnshus med gode øvingsrom for kulturskule, korps, barneleikarring og rockeband, vil sjeldan gje mediadekning for statsråden. I spelet om mediamerksemd og politisk makt, vil allmenne tilskottsordningar til kulturbygg bygd på søknadsfristar og tildeling etter retningsliner (som det er for idrettsanlegg) tape.
Kanskje trengst det no politisk mot til å satse på det beste for breiddekulturen, barn og unge over heile landet. Til beste for norsk kultur - sjølv om ikkje kvar tildeling får bilete i lokalpressa av statsråd eller lokale stortingsrepresentantar saman med ordføraren.
Samferdsel På bare to døgn er riksvei 13 i Ryfylke rammet av tre snøras. En mann er omkommet. Les mer
Samferdsel Massiv snøsmelting skapte problemer for togtrafikken både på Meråkerbanen og Nordlandsbanen torsdag. Les mer
Få nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.
| i dag | i morgen | |||
| Oslo | 5.4° | 4.5° | ||
| Bergen | 4.9° | 3.3° | ||
| Trondheim | 4.0° | 1.0° | ||
| Stavanger | 3.9° | 2.7° | ||
| Lom | 4.6° | -0.5° | ||
| Oppdal | 3.3° | -2.3° | ||
| Røros | 2.7° | -2.8° | ||
| Jølster | 4.1° | -0.7° | ||
| Karmøy | 4.7° | 3.2° | ||
| Bryne | 4.6° | 3.2° | ||
| Gvarv | 7.8° | 4.9° | ||
| Stokke | 4.0° | 3.9° | ||
| Rakkestad | 3.0° | 3.5° | ||
| Fagernes | 4.9° | 0.9° | ||
| Stange | 7.3° | 2.6° | ||
| Snåsa | 0.5° | -0.5° | ||
| Beiarn | -2.3° | -2.4° | ||
| Bardu | -4.8° | -3.8° | ||
| Alta | -5.4° | -4.9° | ||
Siste kommentarer