Regionreform i motbakke

Nils Aarsæther er professor i samfunnsplanlegging ved Universitetet i Tromsø

"Å samle flest mogleg funksjonar innafor bestemte geografiske grenser er kanskje ein vakker tanke, men det er ein heilt utdatert ide."

Siste mening

Kommentar

Avmakt i de toede hender

Kommentar Politikerne bør tale Den norske kirke midt imot. Den 12. biskopen hører naturligvis til i Nidaros.Les Kato Nykvist

BILDESERIER

Rive gamlelåven?

Budeiekalender'n 2010

Bondepiker fra Trøndelag

Småbrukeridyll

Publisert 02.10.2006 kl 07:40 Oppdatert 02.10.2006 kl 07:51

Tips en venn på e-post:

Å samle flest mogleg funksjonar innafor bestemte geografiske grenser er kanskje ein vakker tanke, men det er ein heilt utdatert ide.
Kronikk

Tanken om ein storslått regionreform i Norge har hatt sin høgkonjunktur. Den henta i høg grad si næring av to fortellingar: den eine om «fylkeskommunens død», den andre om «regionenes Europa». Spesielt har det vore viktig for mange å proklamere at fylkeskommunen hadde utspelt si rolle (samtidig som evalueringar viser at fylkeskommunen faktisk gjer ein god jobb, men det er ei anna historie).

Problema melder seg imidlertid når ein skal meisle ut eit alternativ til dagens fylkeskommune. Heldigvis har det politiske systemet unngått å treffe bindande vedtak om oppgåvene til nye regionar på ein bølge av entusiasme aleine. Å endre grunnstrukturen i det norske styringsverket tar si tid, og denne typen endringar må iallfall vere godt gjennomtenkte.

Truleg står vi overfor ein økonomisk kostbar, ein teknisk vanskeleg og ein politisk konfliktfylt reform. Er det eigentleg sikkert at vi oppnår meir demokrati og meir effektivitet ved å erstatte dagens fylkeskommunar med ei ei storstilt overføring av makt frå Stortinget til eit mindre antal folkevalde regionar? Det er ein god, men dessverre lite brukt regel at ein ikkje bør gjennomføre store og kostnadskrevande grep utan at ein er sikker på at resultatet blir klart betre enn det ein kunne oppnå ved å reformere den eksisterande strukturen.

Det nivået som ligg mellom kommune og stat vil alltid kome i skyggen av det som skjer lokalt, og det som skjer på sentralt nivå. Norge er ikkje ei samling av delstatar, men eit lite og i stigande grad einsarta land. Den overordna politiske makta vil alltid ligge sentralt, i Stortinget. Saker i folk sitt nærmiljø vil kommunane ta seg av. Det viktigaste argumentet som er framført mot fylkeskommunen er at den fell mellom to stolar, den har ikkje klart å markere seg som eit viktig nivå som folk bryr seg om. Men er det eit godt argument? Nøyaktig det same problemet vil nemleg store regionar måtte slite med. Pensjonar, skatt og utanrikspolitikk vekker politisk interesse, likeins skolar, barnehagar og eldreomsorg. Dei nye regionane vil, på same måte som fylkeskommunen, måtte vere henvist til å drive den vidaregåande skolen - ingen andre tunge velferdsoppgåver kjem til å bli lagd til mellomnivået.

Sjølsagt kan ansvaret for næringsutvikling og innovasjon leggast til nye regionar. Men dette måtte bety at ein splittar opp Innovasjon Norge og delar av Norges Forskningsråd. Å fjerne delar av den sentrale politikken for næringsutvikling vil sikkert vere populært i byar som Trondheim og Stavanger, men det er antakeleg ei farleg utvikling for både næringslivet i utsatte distrikt og for Norge som nasjon. Og det er svært tvilsamt om regionane får noko større «verktøykasse» enn den som næringsministeren disponerer i dag, gitt EØS-avtalens rigide regelverk for næringsstøtte.

Stortingsrepresentantane blir i dag valgt frå kvart fylke. Dette må endrast ved ein regionreform, for dersom ein går inn for å halde oppe fylka som valgkretsar til Stortinget vil ein i praksis skape eit fjerde styringsnivå. Samtidig ligg det opplagt ikkje nokon demokrati-gevinst i å lage større valgkretsar - snarare tvert imot: Befolkninga i store område av landet (for eksempel dagens Finnmark) kan risikere å bli utan representasjon i Stortinget om regionane blir for store.

Forventningane om at store regionar skal føre til betre styring og samordning på tvers av sektorgrenser, er naiv. All erfaring viser at det er på det lokale nivå at det er gevinstar å hente med samordning og bruk av lokal kunnskap for å finne smarte og effektive løysingar. Lenger opp i systemet blir nemleg ekspertinnslaget meir og meir tydeleg. Og ekspertstabar likar som kjent ikkje å bli samordna. At statlege sektorar i dag har blitt innretta geografisk slik at samordning er blitt meir vanskeleg enn før, må det imidlertid gjerast noko med, uavhengig av ein regionreform.

I dagens teknologiske samfunn opererer næringsliv, privatpersonar og delvis offentleg sektor på kryss og tvers geografisk sett, både innlands, og globalt. Å finne ein «nær» samarbeidspartnar i dag er ikkje det same som å oppsøke den geografiske naboen. Å samle flest mogleg funksjonar innafor bestemte geografiske grenser er kanskje ein vakker tanke, men det er ein heilt utdatert ide. Dette er antakeleg ein av grunnane til at næringslivet har vore lunkne i forhold til regionreformen: For næringsaktørar kan faktisk ei sterkare indre grensedraging i landet bli ei tvangstrøye. Og det er dessverre mykje som talar for at ein radikal regionreform vil føre til ein ressursøydande konflikt og krangel om kor grensene skal gå. At fylkeskommunen i dag ikkje framtrer som spesielt tydeleg - og at grensene mellom fylka er blitt porøse, kan sjåast som ein fordel heller enn ein ulempe.

Det skjer ein sentraliseringsprosess i dag, der veksten er konsentrert om storbyregionane, og særleg Oslo-regionen. Det er naivt å tru at den vil kunne motvirkast av meir fristilte regionar og ei tilsvarande svekka sentralmakt. Skal ein motvirke dei tiltakande geografiske forskjellane i befolkningsvekst og inntektsgrunnlag, trengs det først og fremst ei sentralmakt med musklar til å drive omfordeling for å skape vekst og gode levekår i alle delar av landet. Vel er Norge eit land med sentralisert politisk makt, men også det landet som har lukkast best i å bekjempe forskjellar i levekår mellom samfunnsklassar og mellom geografiske område. Fylkeskommunane har utan tvil vore ein god medspelar i arbeidet med å skape regional utjamning.

Trass i desse argumenta kan ikkje dagens fylkeskommune halde fram som før. Men heller enn å ta tunge grep med ein usikker gevinst i vente, bør fokus rettast mot eit meir rasjonelt drive mellomnivå.

«Rasjonelt» vil i denne samanhengen kunne vere tre ting:

- For det første å fjerne fylkesmannen si politiske rolle, og overføre meir av samordningsansvaret i fylka til det folkevalgte organet.

- For det andre, å dimensjonere den folkevalgte regionen organisatorisk slik at den ikkje som i dag er overadministrert og styrt av det folk flest oppfattar som ein snever krets av «levebrødspolitikarar».

- For det tredje, å foreta samanslåing av nokre av dagens fylker der forholda ligg til rette for det, det vil seie der det ikkje blir skapt nye avstandsulemper.

Om vi på denne måten endar opp med ein neddempa regionreform, vil det så absolutt vere til å leve med - også for den raudgrøne regjeringa.

- Vil kutte 5-10 milliarder

Politikk Finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) legger opp til å kutte 5 til 10 milliarder kroner i neste års statsbudsjett. Les mer

Skadd da isblokk traff bil

Samferdsel Lørdag ble to personer lettere skadd da isblokker falt ned fra fjellet og traff en bil i Sauda. Les mer

Avmakt i de toede hender

Kommentar Politikerne bør tale Den norske kirke midt imot. Den 12. biskopen hører naturligvis til i Nidaros.Les mer

Vil omfordele bondepenger

Landbruk Småbrukarlagsleder Ole-Anton Teigen vil ta fra store og gi til de små i årets jordbruksoppgjør. Les mer

Eurostrid om Hellas-hjelp

EU/WTO Eurolandene er fortsatt ikke enige om en krisepakke for Hellas, som har blitt et stort problem for euroens tillit. Les mer

Nyeste medlemmer med bilde

MEST SETT AKKURAT NÅ

SMAK

Landbruksstøtten

Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Akershus
Vær- og føreforhold:
Vinteraksellast er innført.
Ev 6 Moss - Vinterbro
Vær- og føreforhold:
Bart.
Ev 6 Moss - Vinterbro (Nordbytunnelen)
Midlertidig stengt:
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 15.03....
Ev 6 Oppegård - Karihaugen
Vær- og føreforhold:
Bart og vått.
Ev 6 Karihaugen - Langeland
Vær- og føreforhold:
Bart.
Flere meldinger Kilde: Statens vegvesen

VEIVISEREN

Finn veien

Trenger du hjelp til å finne fram? Bruk vår veiviser!

Beregn kjørerute

PDF OG MOBIL

Nationen på mobil

nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.

Været
  i dag i morgen
Oslo   4.8°   2.6°
Bergen   2.5°   2.4°
Trondheim   1.2°   0.6°
Stavanger   2.5°   1.6°
Lom   -1.8°   -1.7°
Oppdal   -3.8°   -3.7°
Røros   -3.7°   -4.0°
Jølster   -0.9°   -1.2°
Karmøy   2.6°   2.1°
Bryne   3.0°   1.7°
Gvarv   5.8°   3.2°
Stokke   3.3°   2.1°
Rakkestad   2.6°   1.3°
Fagernes   0.2°   -0.6°
Stange   2.3°   -0.2°
Snåsa   -0.5°   -1.3°
Beiarn   -1.8°   -2.8°
Bardu   -5.4°   -3.9°
Alta   -8.2°   -5.6°

Nationen

Schweigaards gate 34
Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo
Tlf.: 21 31 00 00
Fax: 21 31 00 90

Tips Nationen

Tlf. 21 31 00 67 / 21 31 00 25
SMS: Kodeord NATTIPS til 2005
Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Webredaksjonen

Sjefredaktør: Mari Velsand
Konstituert nyhetsredaktør / nettansvarlig:
Pernille Huseby
Webjournalister:
Lars Johan Wiker
Janne Grete Aspen
Bjarne Bekkeheien Aase
Sigbjørn Høidalen

Annonseavdelingen:

Markedsansvarlig internett:
Hans Jørgen Zambrano
Tlf.: 21 31 00 73 / 480 27 310
Fax: 21 31 00 91

Redaktøransvar