NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

25.09.2006kronikk

Meir «økologisk» mat - kvifor?

Kristen Fretheim er tidlegare forskar ved Matforsk "Verda kan ikkje greie seg med vesentleg lågare matproduksjon, og miljøkonsekvensane av å legge nye millionar kvadratkilometer natur under plogen ville vere kolossale."

Regjeringa satsar gjennom årets jordbruksavtale 150 millionar kroner på å nå målet frå Soria Moria-erklæringa om«at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket i 2015 skal være økologisk». Til å forklare oss kvifor, saksar Landbruks- og matdepartementet følgjande frå den same erklæringa: «Norge henger etter andre land når det gjelder tilgjengelighet til økologiske varer overfor forbrukerne. Regjeringen vil styrke dette området. & Det offentlige må gå foran som ansvarlig forbruker og etterspørre miljøvennlige varer og varer som er tilvirket med høye etiske og sosiale standarder.»

Vel. Ola og Kari bruker omlag 10 prosent meir pengar på «økologisk» mat enn gjennomsnittsborgaren i EU. Og i nær alle butikkane til dei fire gruppene som sel 99 prosent av maten i Noreg, finst det eit visst utval av «økologiske» matvarer: frå eit tital til omlag 350 ulike produkt. Heng vi verkeleg etter andre land når det gjeld tilgang til «økologisk» mat?

Landbruks- og matdepartementet impliserer at vanlege bønder arbeider ut frå lågare etiske og sosiale standardar enn «økologiske» kollegaer. Det får eventuelt andre ytre si meining om. Men er det sant at såkalla «økologisk» jordbruk er meir miljøvennleg enn vanleg jordbruk? La oss sjå på dei mest relevante sidene ved saka.

Vi må begynne med å erkjenne at jordbruk er eit dramatisk naturinngrep. Da menneska i ei fjern fortid gjekk over frå å hauste av det naturen av seg sjølv gav, til å hauste det naturen kunne gi, begyntevi å forandre overflata på jordkloten. 11 prosent av den opphavlege, naturlege landarealet er nå jordbruksland. Vi har, stort sett, greidd å auke matproduksjonen i takt med befolkningsveksten, men prisen har vore tap av fri natur i nærområda våre og store inngrep i flora og fauna.

Den store miljømessige ulempa ved «økologisk» jordbruk er at det gir mindre avlingar. Avlingsreduksjonen varierer sterkt mellom dei ulike nyttevekstane, men for kornslaga - dei viktigaste jordbruksplantene i verda - er erfaringa i Europa at vanleg dyrking, altså med hjelp av mineralgjødsel og kjemiske og syntetiske plantevernmiddel, gir rundt rekna 50 prosent større avling. I eit globalt perspektiv er såleis det «økologiske» jordbruket utan interesse: Verda kan ikkje greie seg med vesentleg lågare matproduksjon, og miljøkonsekvensane av å legge nye millionar kvadratkilometer natur under plogen ville vere kolossale.

I vesle, rike Noreg kan vi kanskje tillate oss å vere meir sneversynte i miljøvurderingane våre. Kva da med studium som kan tyde på at både flora og fauna finst i større mangfald på «økologiske» gardsbruk enn på vanlege? Vi ønskjer alle å ta vare på det biologiske mangfaldet. Men kva meiner vi med det? Dette diffuse ønsket om biologisk mangfald er knapt blitt nærare definert eller vurdert for andre organismar enn dei som står i fare for å døy ut, eller som det er aktuelt å jakte på. Kor interessant er det, om det verkeleg er slik, at «økologiske» gardsbruk kanskje har fleire mikroorganismar i jorda, og fleire ville planter? Det er slett ingen fare for at verken dei aktuelle mikroorganismane eller plantene skal døy ut - og vi kan vel ikkje ha som ambisjon at alle artar skal finnast på, eller i, kvart einaste jorde? Eit krav om mest mogleg biologisk mangfald på naturens premissar ville måtte innebere tilbakeføring av all dårleg utnytta dyrka mark til naturen!

Poenget er at etter over 50 år med det vi i dag kallar vanleg, norsk jordbruk, framstår dette som berekraftig. Frå England kjenner vi til vitskapelege langtidsstudiar som gir same konklusjon. «The Broadbalk experiment» til dømes, har sia 1843 vist at tilførsel av mineralgjødsel aleine set jorda i like god stand til å gi nye avlingar (av vinterkveite) som tilførsel av husdyrgjødsel.

Nitrogen-forureining av vassdrag og kystfarvatn er eit anna miljø-tema: Det er blitt hevda at tilførslene frå vanlege gardsbruk er større enn frå «økologiske». Forskarar ved det svenske landbruksuniversitetet har nyss avslutta seks års grundige studium av denne problemstillinga. Dei fann at utvaskinga av nitrogen var marginalt større ved «økologisk» drift med bruk av husdyrgjødsel enn ved vanleg drift med bruk av mineralgjødsel. (Dei viser også til ei rad eksperimentelle utfordringar som årsak til at tidlegare studium kan ha gitt andre resultat.)

Men kva med plantevernmiddelrestar i maten, vil einkvan spørje. Mattilsynet konstaterer på sine nettsider at «&inntak av plantevernmiddelrester må anses å representere svært liten helserisiko for den norske forbruker». Ja, det må dei vel nesten seie når vi veit at det er omtrent like stor mengde naturlege, kreftframkallande kjemikaliar i ein kopp kaffi som det vi får i oss av plantevernmiddelrestar i løpet av eit år! Faktum er at det ikkje finst eit einaste kjent tilfelle av helseskade som følgje av syntetiske plantevernmiddelrestar i norsk mat.

Og det er ikkje noko å undre seg over: Kroppen vår har stor evne til å kvitte seg med små mengder av uønska kjemikaliar - for maten er frå naturens side full av slike. Frukt og grønsaker produserer kanskje så mange som 10.000 ulike, naturlege plantevernmiddel, altså kjemikaliar til vern mot andre organismar. Blant dei få (omlag 130) som er blitt nærare studert av desse såkalla sekundære metabolittane, har over halvparten vist seg å vere kreftframkallande. Vi får dessutan i oss ei rad ulike, sterkt giftige, mykotoksin som følgje av soppvekst på planteprodukta vi bruker til mat. På tilsvarande måte som for restar av plantevernmiddel har Mattilsynet fastsett grenseverdiar for innhaldet av utvalde mykotoksin i korn.

Når det gjeld matkvalitet generelt, hevdar forskarar ved det sveitsiske forskingsinstituttet for «økologisk» jordbruk at skilnaden mellom «økologiske» driftsformer og vanleg jordbruk er uvesentleg. Oversiktsartiklar som samanfattar omlag 200 enkeltstudiar av næringsverdi, smak og matvaretryggleik, fortel same soga. Statens næringsmiddeltilsyn uttalte som sin konklusjon for nokre år sia: «Økologiske landbruksprodukter er verken sunnere eller tryggere enn øvrige matvarer.» Dette er den vitskapeleg korrekte oppsummeringa også i dag. Og som det går fram av ovanståande: Det økologiske jordbruket er heller ikkje meir miljøvennleg enn vanleg, norsk jordbruk.

Likevel, den som ønskjer å kjøpe «økologisk» dyrka mat, må sjølvsagt gjerne gjere det. Og dei bønder som lar seg inspirere av det filosofiske grunnlaget for «økologisk» jordbruk, står fritt til å legge om drifta. Verre blir det når regjeringar legg slik filosofi til grunn for ein vesentleg del av sin jordbrukspolitikk. Da er det ikkje lenger kunnskapssamfunnet - det vitskapeleg funderte - dei byggjer. Inga regjering kan vedta at dette eller hint er miljøvennleg eller sunt.

Det er bra at regjeringa proklamerer vilje til «å gå foran som ansvarlig forbruker». Men er det ansvarleg å strø ut millionar av kroner til festivalar, skolar og sjukehus for å auke forbruket av «økologisk» mat - når ingen kan dokumentere at vi kan vente positive effektar, verken på miljø eller helse? Det einaste som lar seg dokumentere, er at «økologisk» mat er vesentleg dyrare enn den vanlege.



Publisert mandag 25.09.2006 kl. 07:41 (sist endret mandag 25.09.2006 kl. 07:41)

Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative