Disneyland og Vestfossen

Av Mariann Villa og Gro Follo, forskere ved Norsk senter for bygdeforskning

"Og i Vestfossen, som i Disneyland og Hollywood: sluttar folk å la seg fortrylle vil besøkstal og staden visne hen."

Siste mening

BILDESERIER

Budeiekalender'n 2010

Lys i Jostedalen

Bondepiker fra Trøndelag

Småbrukeridyll

Publisert 01.06.2006 kl 08:36 Oppdatert 01.06.2006 kl 08:43

Tips en venn på e-post:

Og i Vestfossen, som i Disneyland og Hollywood: sluttar folk å la seg fortrylle vil besøkstal og staden visne hen.
Kronikk

Bugøynes-samfunnet annonserte seg sjølve til sals, Næroset drog til Kuala Lumpur og sette opp eit skilt som viser vegen til bygda, Suldal arrangerer ungkarsfestival 10. året på rad, Vestfossen har fått døde mus på glas.

Bygdene sitt komparative fortrinn er førestellingane om «det gode livet på landet». Størsteparten av dei som bur på bygda og mange av dei som bur i og rundt dei store byane meiner at livet på bygda er det beste alternativet, skal vi tru spørjeundersøkingane. Dette utgjer i tilfelle eit potensial: eit stort og lydhøyrt publikum for bygder som marknadsfører seg og sin bygdeimage. Og spenstige og kreative opptrinn som nemnt innleiingsvis marknadsfører bygdene, uavhengig av eventuelle målbare resultat i form av folkevekst og arbeidsplassar.

No har publikum vendt seg til den tidlegare skogsindustribygda Vestfossen i Øvre Eiker. Vestfossen står fram som ny og attraktiv - kanskje er det ei mengd tilfeldigheiter som slår heldig ut, eller fordi dyktige autoritetar og entreprenørar manipulerer ressursane viseleg. Det vi i alle tilfelle ser i Vestfossen er den kreative klassens betydning for bygdeendring. Etableringa av eit senter for samtidskunst i dei gamle industribygningane med fleire tusen besøkande på ei helg, er døme på det.

Kreativ industri har eitt opphav i individuell kreativitet, ferdigheter og talent, som med utvikling og bruk gjev potensial for jobbskaping og økonomisk vekst. Den kreative klassen - som ifølgje amerikanaren Richard Florida er kjenneteikna av høgt utdanna og kreative personar - vert trekte til stader og miljø som er opne, mangfaldige og som har toleranse for nytenking og nyskaping. Dette skaper igjen økonomisk vekst. Eit europeisk forskingsprosjekt finn at det er ein positiv samanheng mellom høg del kunstnarar, mange sysselsette i kreative yrke og mange personar med høgare utdanning, og professor Arne Isaksen ved NIFU STEP viser at lokaliseringsmønsteret til denne kreative klassen er sentralisering.

Vestfossen tapte industrien men vann kreativiteten. Vestfossen er ikkje historia om sentralisering. Den er historia om bygda som har snudd ved å gje rom for kreativiteten - som lokaliseringsstad for nye representantar for den kreative klassen og for innbyggjarane som «alltid» har vore der. Nyttar vi Floridas «bohemindeks» og måler tettleiken av kunstnarar, skribentar og performers på ein stad, har Vestfossen eit bra utgangspunkt for å vidareutvikle eit nyskapande bygdemiljø. Og ringverknadane er eit attraktivt image (i alle all for nokon), høge besøkstal, og mogleg nyetablering og tilflytting.

Installasjon og performance er sentralt i dagens Vestfossen. Ikkje berre fordi uttrykka er knytt til kunstverda. Bygdeimage kan også gripast analytisk som ein installasjon som besøkande og fastbuande opplever og spelar ut. Med installasjon og performance beveger ein seg vekk frå fokus på det visuelle, og tek inn over seg mennesket sitt totale perseptuelle felt. Då ser ein dei besøkande ikkje som tilskodarar med turistens «passerande blikk», men som deltakarar i det sosiale drama som bygdeimaget lagar rammene for og som det er heilt avhengig av for å bli reprodusert. Alle veit kva dette vil seie når det gjeld Disneyland eller Hollywood: Eit besøk der er ei transformerande oppleving der ein forlet dagen i dag og forflyttar seg inn i gårsdagen, i framtida, i Disney sitt eventyr eller i filmstjerner sitt tilvære. Denne typen installasjon vert omtala som «enchantment» i kunstverda, medan Georg Ritzer i boka «Enchanting a Disenchanted World» seier at det moderne samfunnet har behov for å la seg re-fortrylle. Slik kan vi òg sjå Vestfossen. For det er vel nettopp ei re-fortrylling som har omskapt Vestfossen frå ei død industribygd til Norges nye kunst- og kulturbygd? Og i Vestfossen, som i Disneyland og Hollywood; sluttar folk å la seg fortrylle vil besøkstal og staden visne hen.

Er produksjon av bygdeimage bygdeutvikling? Hans Kjetil Lysgård og James Karlsen hevdar i ein artikkel frå 2002 at stadsprofilering som utviklingsstrategi for rurale småkommunar reiser fleire problemstillingar. Det medfører gjerne ein selektiv strategi når det gjeld val av målgruppe, det gjev eit felles heilskapleg bilete som ikkje kan fange opp i seg alt det staden representerer, fokus skiftar frå produksjon (i tradisjonell forstand) til forbruk, og kan hende skjuler den slags strategiar problem som faktisk finst. Morten Viskum og kunstnarkollegaene i Vestfossen er ingen vanlege bygdeutviklarar som kan innlemmast i ei analyse av top-down- eller bottum-up-styrt utvikling. Dei kom sidelengs inn i bygda, drivne av behovet for å skape og formidle sitt fag: kunsten. Sidan det har bygdefolket og tilreisande byfolk fått ein arena for å skode, nyte og la seg provosere. Den tonegjevande kreativiteten som har etablert seg er ikkje berre god marknadsføring av bygda, den skaper òg visse forventningar til den «nye» vestfossingen og legg føringar på lokal kultur som noko å strekkje seg etter - og leve opp til. Så medan eit stykke performance art er eit augneblinksfenomen, kan performance i samfunnsvitskapleg tyding - som opptreden og førestelling i møte mellom menneske - nettopp inngå i det reproduserande arbeidet som krevst for å oppretthalde eit bygdeimage.

Bygdeutvikling eller ikkje - i alle fall er Vestfossen ei bygd i endring, og av og til er endring av det gode.

Mariann Villa og Gro Follo er forskere ved Norsk senter for bygdeforskning

Svineinfluensaen kostet mindre enn fryktet

Landbruk Norske bønder tapte langt mindre enn først fryktet på svineinfluensaen, viser forsikringsutbetalinger. Les mer

Ny oksesæd vekker oppsikt

Landbruk En norsk oppfinnelse som gjør at vital og utholdende oksesæd frigjøres i dagevis inne i kua, vil gjøre hverdagen enklere for millioner av bønder verden over. Les mer

Sp vil diskutere SVs gaupeutspill

Rovdyr SVs kutt i gaupejakta blir tema i Sp-ledelsen. – Jo flere gauper, jo større brudd på regjeringens politikk, sier Erling Sande. Les mer

Bondeerstatninga nær halvert

Landbruk Erstatningsbeløpa som blei utbetalt til landbruket i fjor er nær halvert frå året før. Les mer

Nyeste medlemmer med bilde

MEST SETT AKKURAT NÅ

SMAK

Landbruksstøtten

Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Ev 6 Moss - Vinterbro
Vær- og føreforhold:
Vekslende snøslaps og bart.
Ev 6 Moss - Oslo, ved Son
Redusert framkommelighet:
Venstre felt stengt og nedsatt hastighet til 50 km/t på grunn av vedlikeholdsar...
Ev 6 Moss - Vinterbro (Nordbytunnelen)
Midlertidig stengt:
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Tirsdag og onsdag fra 22:00 ...
Ev 6 Karihaugen - Langeland
Vær- og føreforhold:
Bart.
Ev 6 Langeland - Strandlykkja
Vær- og føreforhold:
Bart.
Flere meldinger Kilde: Statens vegvesen

VEIVISEREN

Finn veien

Trenger du hjelp til å finne fram? Bruk vår veiviser!

Beregn kjørerute

PDF OG MOBIL

Nationen på mobil

nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.

Været
  i dag i morgen
Oslo   -3.4°   -5.8°
Bergen   0.1°   -0.2°
Trondheim   -1.5°   -2.7°
Stavanger   -0.5°   -2.4°
Lom   -5.9°   -5.4°
Oppdal   -6.4°   -6.1°
Røros   -7.9°   -9.6°
Jølster   -3.7°   -3.1°
Karmøy   0.3°   -1.5°
Bryne   -0.9°   -3.0°
Gvarv   -3.3°   -4.7°
Stokke   -3.0°   -5.3°
Rakkestad   -5.2°   -7.6°
Fagernes   -6.4°   -8.0°
Stange   -4.9°   -9.1°
Snåsa   -7.2°   -6.8°
Beiarn   -9.0°   -5.0°
Bardu   -10.2°   -6.7°
Alta   -11.0°   -11.9°

Nationen

Schweigaards gate 34
Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo
Tlf.: 21 31 00 00
Fax: 21 31 00 90

Tips Nationen

Tlf. 21 31 00 67 / 21 31 00 25
SMS: Kodeord NATTIPS til 2005
Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Webredaksjonen

Sjefredaktør: Mari Velsand
Konstituert nyhetsredaktør / nettansvarlig:
Pernille Huseby
Webjournalister:
Lars Johan Wiker
Janne Grete Aspen
Bjarne Bekkeheien Aase
Sigbjørn Høidalen

Annonseavdelingen:

Markedsansvarlig internett:
Hans Jørgen Zambrano
Tlf.: 21 31 00 73 / 480 27 310
Fax: 21 31 00 91

Redaktøransvar