Ny regionalpolitikk

Svein Arne Tinnesand er bibliotekar

"Høgresida fekk gjennomslag for at det var viktigare å få fart på A/S Norge enn å sikra demokratisk styring."

Siste mening

BILDESERIER

Budeiekalender'n 2010

Lys i Jostedalen

Bondepiker fra Trøndelag

Småbrukeridyll

Publisert 12.12.2005 kl 07:34 Oppdatert 12.12.2005 kl 07:44

Tips en venn på e-post:

Høgresida fekk gjennomslag for at det var viktigare å få fart på A/S Norge enn å sikra demokratisk styring.
Kronikk

Regjeringserklæringa frå Soria Moria slår fast at det også i framtida skal vere tre folkevalde forvaltningsnivå. Erklæringa seier og at reformeringa av regionnivået skal settast i verk 1. januar 2010. Dette inneber at den raudgrøne regjeringa nå sett fart i ein prosess som har stått stille i fire år. Mykje av utgreiingsarbeidet er alt gjort i NOU 22- 2000 og i Stortingsmelding 31 (2000/2001). Arbeidet blei stoppa av Høgre i hausten 2001.

For fire år sidan var det mest umogleg å forsvare det regionale folkevalde nivået i det politiske ordskiftet. Høgresida hadde i stor grad fått gjennomslag for at det var viktigare å få fart på A/S Norge enn det var å sikra demokratisk styring. I løpet av dei siste åra har dette snudd. Ingen seriøse deltakare i ordskiftet klarer å påvise at me ikkje lenger treng eit folkevalt regionalt nivå i Norge. Ordskiftet dreiar seg nå om den geografiske storleiken på dette nivået.

Det er berre å slå fast at dagens fylkesinndeling ikkje er ideell til alle føremål, men det er det heller inga anna inndeling som vil vera.

Dagens fylkesinndeling har ei historisk forankring, den fungerer som valkrets til Stortingsvalet og ulike organisasjonar og parti operer med fylkesnivå. Difor er fylkeskommunen den eininga som i dag fungerer som ei felles politisk arena på regionalt nivå. Ein felles politisk arena er avgjerande viktig for det regionale mellomnivået.

Eit nivå utan politisk legitimitet i befolkninga vil føra til eit demokratisk underskott, og manglande tillit hos veljarane. Dette må samanslåingar av fylker og geografiske utvidingar ta omsyn til, ellers vil ordskiftet om regionalt forvaltningsnivået køyre seg fast i spørsmålet om kor mange fylke som skal slåast saman.

I staden for storleik må ein derfor ta utgangspunkt i demokratiske og funksjonelle regionar. Funksjonelle regionar vil vera område der dei folkevalde og veljarane kan klara å samla seg om felles mål.

Eit regionalt politisk nivå må vere knytt til oppgåver som skal løysast. Den aller viktigaste vil veraregionalt utviklingsarbeid. Det tyder samferdsel, næringsutvikling, undervisning, kultur, miljøforvaltning og planlegging. Dette er oppgåver som i dag blir ivaretatt av fylkeskommune, av dagens fylkesmannsembete og av statlege institusjonar av ymse slag. Skal fylka vere funksjonelle må meir av styringa av dette leggast til folkevald regionalt nivå. For at dette skal skje må makt overførast frå område som i dag delvis er utanfor folkevald politisk kontroll eller der den folkevalde politiske kontrollen er utøvd gjennom vedtak på enkeltpostar i statsbudsjettet. For å finna ut kva konkrete etatar/kontor og statlege organ som skal overførast til folkevald styring på regionalt nivå må det vurderast ut frå kva oppgåver dei har. Det viktigaste kriteriet må vera at det vil vera mogleg å driva regional politikk på områda. Då må både Aetat og regionale høgskular vurderast for overføring til regionane, det same må regionkontora i tunge statlige verksemder så som trygdeetaten og vegvesenet.

I fleire år har fylka hatt sterke ambisjonar om å driva ein regional næringspolitikk, dette har dei og delvis lukkast i. Fylkeskommunane har i stor grad vore dei einaste regionale aktørane som har kunne samla eit fragmentert næringsliv og offentleg innsatsapparat i nokon som helst retning.

Likevel er det klart at svært mange av dei regionale verkemidlane i næringsutviklinga ligg utanfor de folkevalde sin kontroll. Ikkje minst er fylkesmannens landbruksavdelingar viktige aktørar både for landbruk og andre bygdenæringar.

Sysselsetting vil være ein viktig del av næringspolitikken. Midla i sysselsettingspolitikken er kanalisert til regionane gjennom det statlege Aetat som ikkje har regionale koplingar opp mot næringspolitikk eller kunnskapspolitikk. Gjennom ei forskyving mot politisk nivå kunne sysselsetting bli eit politisk ansvar for dei politikarene som og vedtok regional utvikling på andre områder.

Kunnskapspolitikken heng sjølvsagt saman med verdiskaping og næringspolitikk. I dag har fylkeskommunane ansvaret for opplæringa på vidaregåande skule-nivå for ungdom og for vaksne. I mange fylke har også dei vidaregåande skulane vore viktige aktørar i lokalsamfunnet for å oppretthalda busetting og utvikling. Kompetansen på desse skulane vert og nytta av næringslivet i regionen.

I ein regional kunnskapspolitikk kan omgrepet «Livslang læring» realiserast innanfor ein heilskapleg utdanningspolitikk som mellom anna gjer at delar av fylkesmennenes utdanningskontor, med fokus på utviklingsarbeid i grunnskulane må overførast til regionen. Det same må eigarskapet til dei regionale høgskulane, og ansvaret for satsing på forsking av ymse slag.

Ein nasjonal kulturpolitikk er for heile landet, og må ta inn over seg at kunnskap og kompetanse er spreidd over heile landet. Derfor må tilhøva leggjast til rette for at kunnskapen og kompetansen kan nyttast der han finst. Kanskje særleg innanfor kulturpolitikken er det avgjerande at det vert lagt til grunn eit nedanfrå-perspektiv. Kultur utviklar seg i samspel mellom menneske, og mennesket er først og fremst lokalt. På nokre områder har staten overdratt styringa frå fylkeskommunane, som til dømes på museumsområdet. På andre områder er detaljstyringa så sterk at lokale folkevalde ikkje har verkemiddel til å driva eigen politikk. Dette gjeld til dømes anleggsmidla til idretten og detaljstyringa av den kulturelle skulesekken. Samtidig pålegg staten fylkeskommunane å følgje opp sentrale vedtak utan at ressursar til dette blir overførde.

Debatten om regionane si rolle i kulturutviklinga må derfor vidareførast med tanke på at folkevalde på regionsnivå skal overta oppgåver som i dag er styrde sentralt.

I slik samanheng kan mellom anna Riksinstitusjonane si framtid vurderast.

Sterkare regionar med gode økonomiske og politiske verkemidlar vil medverke til å betre verdiskapinga og levekåra over heile landet. Dagens oppdeling av regionale oppgåver bidrar både til ei udemokratisk styring og byråkratisk oppsplitting som innbyggarane er lite tent med.

Folkevalt regional styring vil gje veljarane direkte makt over den regionale utviklinga. Det er dette som må vere utfordringa når regionalpolitikken skal utformas, ikkje kor grensene mellom regionane skal trekkast.

Nortura har kuttet 1100 vareslag

Næring 1. august i fjor hadde Nortura 2400 produkter på markedet. Nå er det 1300 igjen. Les mer

Svineinfluensaen kostet mindre enn fryktet

Landbruk Norske bønder tapte langt mindre enn først fryktet på svineinfluensaen, viser forsikringsutbetalinger. Les mer

Ny oksesæd vekker oppsikt

Landbruk En norsk oppfinnelse som gjør at vital og utholdende oksesæd frigjøres i dagevis inne i kua, vil gjøre hverdagen enklere for millioner av bønder verden over. Les mer

Trekker lollosalat som kan gi magesjau

Landbruk Norovirus som kan gi smittsom magesyke er igjen funnet i lollosalat fra Frankrike. Les mer

Sp vil diskutere SVs gaupeutspill

Rovdyr SVs kutt i gaupejakta blir tema i Sp-ledelsen. – Jo flere gauper, jo større brudd på regjeringens politikk, sier Erling Sande. Les mer

Nyeste medlemmer med bilde

MEST SETT AKKURAT NÅ

SMAK

Landbruksstøtten

Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Ev 6 Moss - Vinterbro
Vær- og føreforhold:
Vekslende snøslaps og bart.
Ev 6 Moss - Oslo, ved Son
Redusert framkommelighet:
Venstre felt stengt og nedsatt hastighet til 50 km/t på grunn av vedlikeholdsar...
Ev 6 Moss - Vinterbro (Nordbytunnelen)
Midlertidig stengt:
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Tirsdag og onsdag fra 22:00 ...
Ev 6 Karihaugen - Langeland
Vær- og føreforhold:
Bart.
Ev 6 Langeland - Strandlykkja
Vær- og føreforhold:
Bart.
Flere meldinger Kilde: Statens vegvesen

VEIVISEREN

Finn veien

Trenger du hjelp til å finne fram? Bruk vår veiviser!

Beregn kjørerute

PDF OG MOBIL

Nationen på mobil

nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.

Været
  i dag i morgen
Oslo   -3.4°   -5.8°
Bergen   0.1°   -0.2°
Trondheim   -1.5°   -2.7°
Stavanger   -0.5°   -2.4°
Lom   -5.9°   -5.4°
Oppdal   -6.4°   -6.1°
Røros   -7.9°   -9.6°
Jølster   -3.7°   -3.1°
Karmøy   0.3°   -1.5°
Bryne   -0.9°   -3.0°
Gvarv   -3.3°   -4.7°
Stokke   -3.0°   -5.3°
Rakkestad   -5.2°   -7.6°
Fagernes   -6.4°   -8.0°
Stange   -4.9°   -9.1°
Snåsa   -7.2°   -6.8°
Beiarn   -9.0°   -5.0°
Bardu   -10.2°   -6.7°
Alta   -11.0°   -11.9°

Nationen

Schweigaards gate 34
Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo
Tlf.: 21 31 00 00
Fax: 21 31 00 90

Tips Nationen

Tlf. 21 31 00 67 / 21 31 00 25
SMS: Kodeord NATTIPS til 2005
Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Webredaksjonen

Sjefredaktør: Mari Velsand
Konstituert nyhetsredaktør / nettansvarlig:
Pernille Huseby
Webjournalister:
Lars Johan Wiker
Janne Grete Aspen
Bjarne Bekkeheien Aase
Sigbjørn Høidalen

Annonseavdelingen:

Markedsansvarlig internett:
Hans Jørgen Zambrano
Tlf.: 21 31 00 73 / 480 27 310
Fax: 21 31 00 91

Redaktøransvar