I heimbygda mi, Vats i Hallingdal, har foreldre starta friskule. Det gjorde dei fordi kommunen la ned grendeskulen, men også fordi dei og me alle som bur i bygda, ser det slik at det å ha skulen og ungane i bygda både kan gi meir interessante skuledagar for dei små og aukar sjansen for at bygda skal vere liv laga framover.
Før valet var mange usikre på framtida for skulen. Det fekk Aps Thorbjørn Jagland til å skrive i lokalavisa: «Både Ap og eg er tilhengjar av små grendeskular i norske bygder. Poenget er at kommunane gjennom kommuneøkonomien må vere i stand til å drifte desse skulane.» Det ville dei bli med auka overføringar til kommunane, skreiv han.
Eg trur Jagland meinte det han skreiv, og eg trur at regjeringa meiner det same som Jagland. Men problemet er at mange kommunepolitikarar, også frå regjeringspartia, og like eins rådmenn og etatsjefar, ser det annleis. For dei er lokal sentralisering ei politisk målsetjing. Gong på gong har det vist seg at i eit totalbudsjett sparar dei lite eller ingen ting på å leggje ned grendeskulane, men dei vil avvikle dei likevel.
Eg som skriv dette, meiner at det er det bør vere det offentlege sitt ansvar å drive skular. Eg ønskjer slett ikkje ei ordning som til dømes i Storbritannia med gode privatskular for dei rike og dårlege offentlege skular for småkårsfolk. Men det spørsmålet me bygdefolk ofte står overfor, er eit anna. Det er kva me skal gjere i dei tilfella der kommunen viser sjølvstendig sentraliseringsiver og ignorerer lokale ønskemål. I slike høve er det bra at alternativ finst.
Friskuleordninga er likevel inga gåvepakke til dei som vil gå motstraums. Det å starte og å drive ein friskule er ikkje lett, det veit alle me som har arbeidd med dette. Men det lèt seg gjere dersom pågangsmot og arbeidsvilje er til stades hos foreldra og i grenda.
Det har ikkje vorte noko ras av friskular i Bygdenorge. Nokre titals skular har kome i drift. Men det er grunn til å tru at den viktigaste verknaden av friskulelova for bygdene er ein annan. Når sentraliseringsivrige kommunar fryktar at vedtak om skulenedlegging utløyser friskular, dempar dei seg. Slik er lova eit preventivt verktøy mot skulenedleggingar. Viss ho blir teken vekk, vil nedleggingsprosessen skyte fart.
Difor er det også slik at viss dei raudgrøne fjernar ordninga, kastar dei frå seg det verktøyet dei har for å sikre grendeskular.
Me kan oppretthalde friskular som er eit pedagogisk eller religiøst alternativ, men kvitte oss med dei andre, altså dei som følgjer Læreplan -97, seier somme. Skulen i mi heimbygd og mange andre grendeskular er eit pedagogisk alternativ, men innanfor dei rammene L -97 legg og utan å smykke seg med fine namn som Steiner- eller Montesorry-pedagogikk. Ein grunntanke er banda mellom skule og grend. Ut frå det lokale, folk og natur, skal ungane lære å orientere seg vidare utover i verda. Ein annan tanke er at aldersblanding er ein verdi. Dei store må ta omsyn til dei små og inkludere dei. Dei små lærer seg å hente inn impulsar frå ulike hald. Aldersblanding er også normalsituasjonen i livet. Det er berre i skule og forsvaret at årskull blir samla.
Ei slik tenking og slike arbeidsmåtar kan gi eit betre, eller iallfall eit anna, læringsmiljø enn sentralskulen. Kanskje kan det også gjere at ungane blir meir deltakarar og meir ansvarlege i det samfunnet dei skal modnast til.
Eg skriv kanskje, for forskingsarbeida omkring desse store spørsmåla er få og ufullstendige. Kanskje vil også grendeskulepedagogikken få sin merkelapp med tida. Mykje tyder på at desse skulane kan utvikle så mykje sjølvstendig pedagogisk tenking at det vil vere på sin plass. Men som med alt utviklingsarbeid føreset det at høvet til å famle seg fram er der.
Dersom kommunane held fram med å leggje ned grendeskular og å standardisere skuleverket med den store sentralskulen som modell, får me korkje stadfest eller avkrefta. Berre med å oppretthalde eit mangfald i skulestorleikar og pedagogiske arbeidsmåtar kan me finne ut meir om samanhengar mellom skulestorleik, lokalisering og dei verdiane me ønskjer at ungane skal få med seg.
Men det kostar pengar?
Nei, friskulane får 85 prosent av elevkostnaden i offentleg skule. Resten blir dekt med foreldrebetaling, dugnad frå foreldre og andre og ei meir effektiv og engasjert drift. Så ordninga gjer at Øystein Djupedal får meir pengar til andre ting.
«Det er viktig for elevene å gå på skole i sitt nærmiljø», sa dei raudgrøne på Soria Moria, men ingen ting om kva dei vil gjere for å sikre det. Når nye val nærmar seg og dei politiske rekneskapa skal gjerast opp, kan det tenkjast at dei som er opptekne av Bygdenorge og grendeskular, vil kome til at denne regjeringa har vore tafatt og handlingslamma, i og med at dei kasta frå seg det verktøyet dei hadde for å sikre skular i nærmiljøet.
Difor er det ikkje berre Bygdenorge som treng friskuleordninga. Regjeringa treng også ordninga, dersom dei skal bli oppfatta som å stole på.
Publisert torsdag 01.12.2005 kl. 07:36 (Sist endret torsdag 01.12.2005 kl. 07:49)
Siste innenriks

