Bygdesuksess
Det skjer mye positiv verdiskaping i bygde-Noreg for tida. Organisasjonen Mat frå fjellregionen blir ti år til våren, og Smakeriet på Røros har vist seg liv laga ved sida av dei mange matfestivalane landet rundt. Småskala osteprodusentar poppar opp både her og der, og lokale omvegar lokkar folk til å stikke innom for ei oppleving der dei før kosta forbi. Og på TV har heile Noreg vorte på fornamn med Magnus og Inga Berit. Betre bygdereklame enn dei ungdomane som var med i TV2-serien bonderomantikk kjem det ikkje frå bygdene no tildags. Odd Nordstoga og bandet Gåte har levert musikalske landeplager, og røtene til bygda synest å vera ein del av suksessen. Også frå vår ståstad i forskinga ser vi ein ny generasjon bygdeungdom som er i ferd med å ta over i næringsutviklinga. Den heimkomne sonen eller dottera, med økonomisk og sosial kapital i ryggen, vender heim og tar fatt. Målet er verdiskaping bygd på eigne og bygdenes ressursar, gjerne med svært så utradisjonelle produkt og tenester.Kva har dette med laksen i overskrifta å gjera? Organisasjonen «Elvene rundt Trondheimsfjorden»vil flytte villaks frå kilnot til elv. I staden for å garnfiske laksen i fjorden og selje den som rund fisk til ein stadig dårlegare pris, ønsker dei at fisken skal gå opp i elva for å gyte, slik det var frå naturens side, frå alders tid. Dette er ein spanande distrikts- og næringspolitisk tanke. Blant dei som går i spissen er Vegard Heggem, ex Rosenborg og heimvend fotballproff frå Liverpool. Han er i ferd med å investere noen av sine fotballmillionar i eit reiselivsprodukt knytta til farsgarden i Rennebu. Fiske kombinert med overnatting, mat og opplevingar skal gje mangedobbel verdiskaping over det eit normalt trøndersk gardsbruk med mjølkekvote kan gje. Status som idrettskjendis kombinert med eit stort og utradisjonelt nettverk blir utnytta til å selje ein god ide.
Vender tilbake
Vergard Heggem representerer ei gruppe som alltid har vore gull verdt for bygdene: dei som har vore ute og samla seg økonomisk og sosial kapital, for så å vende tilbake for å investere dette i heimbygda. Kapital er størkna sveitte, sa Åsmund Olavson Vinje da han var oppe til munnleg eksamen i jus. I Heggems tilfelle gjeld dette også i meir bokstaveleg forstand enn vanleg. Men den størkna sveitten kunne vore investert i kva som helst, kor som helst. Kvifor ta fatt med hardt arbeid og store utlegg på ei elveslette langs Orkla, i staden for downtown Liverpool? Det handlar om røter, i tillegg til eit eit ønske om å skape. Om å skape seg eit levebrød, javisst. Men det handlar også om kjærleik, om kjærleik til heimgarden Aunan og til heimbygda Rennnebu.Trendforskarane hevdar at vi er på veg inn i ein ny nasjonalromantisk periode. Eg er ikkje så sikker på det. Det må da gå an å vera glad i heimgarden sin, i bygda si, eller landet sitt, utan å bli kalla romantikar. Viss ein til og med kan leva av å invitere andre til å ta del i laksefiske og dei opplevingane som følgjer med det, så kvifor ikkje. Bygdefolk må vera villige til å by på seg sjølv, og her er det den nye generasjonen bygdeungdom med Vegard Heggem og Inga Berit Lein i spissen viser veg. Eg har i det siste halvåret vore rundt på ei rekkje serverings- og overnattingsstader i Trøndelag, delvis i embets medfør. På mange vis er dei svært forskjellige, kvar ein har sitt særpreg. Men felles for dei der eg har trivdest best, er eigarens gode forteljing om eigedomen sin. Om kor stolt han eller ho (eller dei to i fellesskap) er av det dei har bygd opp. Den vakraste forteljinga vil alltid vera forteljinga om kjærleiken, anten det er kjærleik til ein av det andre kjønn, eller det er forteljinga om kjærleiken til ein heimstad, ei bygd eller ein by du er glad i. Det rører den som fortel, og godt fortalt rører det oss andre.
Å ha mot til å by på seg sjølv, krev at ein er stolt av sitt eige og tør å vise det. Viss vi skal begynne å skjemmast fordi vi er den vi er, slik eg har inntrykk av at noen meiner, blir både vi og dei andre fattigare. Historia til organisasjonen «Elvene rundt Trondheimsfjorden»illustrerer to viktige poeng i den nye bygdeutviklinga: Ungdomen må for all del koma seg ut for å kunne samle seg både kulturell, sosial og økonomisk kapital. Men dersom dei har lært seg å vera glade i sitt eige frå barnsbein av, kan dei koma tilbake til bygda og gje mange fold tilbake. Det blir skapt langt fleire verdiar i bygdene, dess meir råvarene blir foredla lokalt. Men desse verdiane vil synast betre og blir enda meir verdt, viss vi tør å vera stolte og frimodige nok til fortelje om dei. Det ligg mye meirverdi i innpakninga. Dersom ein maktar å fortelje den gode historia og skape ei gode oppleving, er prisen nesten underordna. Marknaden for varer og tenester med lokalt særpreg er i sterk vekst. Den nye typen bygdefolk som tør å vera stolte av bygda si og tør å by på seg sjølve, vil skape marknader vi knapt kunne drøyme om.
