I veke 22 avvikla Forsvaret Øvelse Kabul av alle stader i fredsbyen Tromsø. Folk hadde sett for seg soldatar i kamuflasjedrak som herja mellom buskene i byen. Forutan ein tanks, nokre militærkøyrety og nokre velfødde soldatar så vi lite til krigerske scener og bakhaldsåttak frå taket av Grand hotell. 25. mai vart det avvikla eit møte om Forsvaret si oppgåve i Afghanistan. Den trauste leiaren for 6. divisjon, generalmajor Kjell Grandhagen, forsikra oss om at dei 250 soldatane og offiserane som dreg i veg både er veltrente og skolerte. Men tryggleiken kunne han ikkje skrive ut nokon garanti for. Grandhagen veit sjølsagt som ein profesjonell soldat at fleire kan verte skotne enn den unge soldaten som 23. mai vart drepen på Jalalabad Road.
Noreg i krig
Dei siste fem åra har Noreg teke del i krig utafor våre grenser, i Kosovo, Afghanistan og no også Irak. Dette er eit klårt brot med tidlegare forsvarspolitikk då våre styrker skulle ha som oppgåve å forsvare norsk sjø- og landområde. Oppsiktsvekkjande nok har alt skjedd utan nokon omfattande debatt korkje i Stortinget eller i pressa. Avgjerslene er tekne i den lukka Utanrikskomitéen, og referatforbodet frå desse møta i Stortinget hindrar folk i å få innsyn i kva som har hend. Grunnloven krev at eit samla Storting skal handsame slike spørsmål som har med krig i andre land å gjera.USA satte i 2001 i gang ein krig mot terrorisme, i strid med Folkeretten og utan at Tryggingsrådet i Dei Sameinte nasjonane (SN) hadde sanksjonert det som president Bush kallar Enduring Freedom
Publisert torsdag 10.06.2004 kl. 07:30

