– Innan dei nærmaste åra trur eg du vil få oppleve mjølk med Coops logo i våre butikkar, seier direktør Svein Fanebust i Coop.
– Kven skal produsere den?
– Det kan vere Tine eller andre meieriaktørar her i landet. Me vil satse på norsk mjølk, til dømes økologiske variantar, svarar Fanebust.
I kontrast til Europa
Fersk mjølk er ein av dei siste bastionane i Noreg der daglegvarehandelens eigne merkevarer (EMV) ikkje har vunne innpass i det heile teke. Tine og Q regjerer.
I land som Storbritannia, Sveits, Tyskland, Frankrike, Nederland og Spania er det motsett. Der er det særleg mykje EMV innafor nett mjølk. I Sveits var det 87,6 prosent EMV og i England 78,7 prosent EMV i varegruppa mjølk i 2007, i følgje analyseselskapet Nielsen.
Dette har inspirert Fanebust.
Les også:
– Me ynskjer sterkt å få nokre mjølkevarer innafor til dømes Coop Änglamark, som er eit fellesnordisk Coop-merke for økologisk dyrka matvarer. Dette er viktig for å byggje identitet kring våre butikkar, fortel Coop-direktøren.
– Det er tale om mindre volum som ikkje på nokon måte skal knekke Tine, eit selskap som me elles er veldig godt fornøgde med, legg han forsonande til.
Hegnar om merka
Tine lagar i dag Coops kvitost, men har ikkje tenkt å lage Coops mjølk.
– Nei, det har me ingen planar om, seier marknadsdirektør Hege Holter Brekke i Tine.
– Me skal først av alt byggje vidare på den store tilliten som norske forbrukarar har til Tine-merka, held ho fram.
Les også:
Den andre aktuelle aktøren i Noreg er Q-meieriene, som i dag har kring 16 prosent av ferskmjølkmarknaden. Direktør Bent Myrdahl i Q-meieriene har heller ingen tankar om å kaste seg på EMV-karusellen.
– Me har sagt nei til alle tilbod om å produsere EMV. Distribusjonstilskotet gjer at det ikkje er lønnsamt for oss å auke forbruket til over 80 millionar liter mjølk. Innafor dette volumet vil me heller satse på innovasjon og å selje Q-produkt til alle dei fire store daglegvarekjedene, fortel Myrdahl.
Store på EMV-ost
EMV-vara som har kome for å bli i meierisektoren, er kilosbitar av halvfast modna kvitost. Men heller ikkje her er EMV-andelen høgare enn 8,5 prosent, under snittet for heile daglegvaremarknaden.
Synnøve Finden lagar EMV-ost for fleire kjeder, blant anna Landlord for Rema 1000, men ikkje for Coop.
– Med kilosbitar er folk meir opptekne av pris. Her har det å lage EMV blitt ganske stort for oss, seier salsdirektør Harald Bjerknes i Synnøve Finden.
– Er EMV eit trugsmål mot varemerket Synnøve Finden?
– På ingen måte. Dette er ei spennande utfordring som gjer at me totalt sett presterer betre, og som gjer at me utnyttar ledig kapasitet. For EMV gjeld det særleg å knipe kostnader gjennom å bruke til dømes litt mindre mjølk per kilo ost. Så håpar me at vår eigen Synnøve Finden-ost skal felle litt meir i smak, fortel Bjerknes.
Kampen om tillit
For Tine er EMV meir eit trugsmål. Det er berre eit drygt år sidan at meierikonsernet var i open kamp med Norgesgruppen om å få til ein leverandøravtale. Då ropa Tine høgt opp om kva det norske folk stod i fare for å miste av kjente og kjære Tine-variantar hos Meny, Spar og Joker.
Marknadsdirektør Hege Holter Brekke i Tine ser faren ved om EMV-trenden frå kontinentet skulle skyle inn over landet.
– Handelen har mange moglegheiter i meierisektoren om dei verkeleg går inn for det, seier Brekke.
– Kvifor trur du EMV-mjølk er så stort ute i Europa?
– I England har det nok å gjere med at daglegvarekjedene har stått sterkt sidan tidenes morgon, og at dei gjennom lang tid har opparbeidd ein veldig høg tillit. I Noreg er det Tine som har denne rolla. Kjedeprofilane er veldig mykje yngre. Men dei kjem for fullt, fortel Brekke.
Publisert onsdag 17.03.2010 kl. 00:01

