Mattilsynet har funne det ulovlege plantevernmiddelet abamektin i økologiske grønsaker importert frå Bulgaria.

16.03.2010 11:25
Prøver tatt av eit parti importerte økologiske agurkar viser at plantevernmiddelet abamektin er brukt i dyrkinga.

Ulovleg sprøytemiddel

Det er ikkje tillatt å bruke skadedyrmiddelet i økologisk dyrka produkt, og grenseverdiane overstig også verdiane for konvensjonelt dyrka agurkar.

Prøvane blei tekne ved Bama Dagligvare Bergen AS den 16. februar, og sidan agurken er ferskvare reknar Mattilsynet med at dei aktuelle økoagurkane alt er etne.

Ikkje helsefarleg

Spora av sprøytemiddelet, som kjem frå preparatet Vertimec, skal likevel vere godt under farenivåa. Og Mattilsynet understrekar at det ikkje er nokon umiddelbar helsefare knytt til agurkane.

Stopper importert frå Bulgaria

Distriktskontoret til Mattilsynet følgjer opp funnet i forhold til importøren, og tilfellet vil bli rapportert.

Bama har stoppa all import av same type vare frå produsentlandet Bulgaria, og dei vil nå gå igjennom alle ledd i verdikjeda for å finne årsaka til hendinga, heiter det.

Les også:
Mest plantevernmiddel i importerte varer


Emneord
Les også