NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no
- Det er lett for daglegvarekjedene å stå fram som heltar når dei brukar overskotet frå etablerte merkevarer til å selje eigne merkevarer på tilbod. Så køyrer dei korstog mot landbrukssamvirket, seier mjølkebonde Thomas Cottis.
16.03.2010mat
Prisgapet som rokkar norsk landbruk
Der Rema styrer matvarekjeda, kan dei by fram ei handlekorg med assortert mat til 45 prosent nedsett pris. Det er dynamitt.
Hos Rema 1000 på Løten fekk du sist veke kjøpt Nordfjord grillpølser til 26 kroner kiloen. Ein kilo Gilde grillpølser kosta 66 kroner.
Mjølkebonde og engasjert forbrukar Thomas Cottis meiner han veit kva som skjer.
- Det er lett for daglegvarekjedene å stå fram som heltar når dei brukar overskotet frå etablerte merkevarer til å selje eigne merkevarer på tilbod. Så køyrer dei korstog mot landbrukssamvirket, seier Cottis.
Så enkelt kan det seiast. Men er det så enkelt?
Prislappens tale
Frå Rema-butikken i Løten plukkar me ut grillpølser, kjøttdeig, kvitost, bringebærsyltetøy og cornflakes. Me fyller ei korg med Remas eigne merkevarer (EMV) Nordfjord og Landlord. I ei anna puttar me industriens kjente namn som Gilde, Norvegia, Lerum og Kellogg's.
På pølsepakka frå Nortura gir Gilde deg smaksgaranti. På Norvegia-osten frå Tine strålar Marit Bjørgen. Medan ein kry hane på Kellogg's pappask prisar dagen og cornflakesen.
Av deklarasjonslappane er det ikkje lett å sjå den store skilnaden i innhald. Litt meir salt her. Litt mindre sukker der. Prislappane talar eit tydlegare språk. Omrekna til kiloprisar er korga med Remas EMV 45 prosent billegare.
Dynamisk avanse
- Kva tener Rema på Nordfjords grillpølser kontra Gildes?
- Like lite på båe, svarar direktør Jaan Ivar Semlitsch i Rema Industrier.
- Me kommenterer ikkje avansen på einskildprodukt. Generelt kan eg berre seie at me har relativt låg inntening på kjøttvarer, og at me i snitt har minst like høg avanse på EMV som på industriens merke, held han fram.
- Men er det eit middel å tyne EMV-marginane i ein periode for å mjukgjere til dømes Gilde?
- Med EMV styrer me avansen meir dynamisk. Dette har å gjere med dei tette banda til produsentane. Langsiktige avtalar som Rema har med Nordfjord Kjøtt og Norsk Kylling, gjer at desse bedriftene kan tilby veldig attraktive kalkylar på nokre produkt. Andre varer kan dei prise høgare og likevel vere sikra å få seld «heile dyret» til oss, fortel Semlitsch.
- At Nordfjord-varene kjem så rimeleg ut, skuldast òg store vareliner, ingen fordyrande mellomledd og at det går lite pengar til marknadsføring, legg han til.
I fjor omsette norske daglegvarebutikkar EMV for 15,9 milliardar kroner, opp 20 prosent frå året før, ifølgje analyseselskapet Nielsen. Veksten var særleg sterk innanfor fersk mat, i særdelesheit for fjørkre.
I landbrukssamvirket er det Nortura som kraftigast merkar trykket frå EMV. Så kraftig at konsernsjef Geir Olav Opheim nyleg vifta med kvitt flagg for å bli med på EMV-karusellen.
Nortura vil produsere Gilde, Prior og Norgården som før, men òg EMV meir effektivt og i tettare samspel med daglegvarekjedene, sa Opheim.
- Kan Nortura halde fram å selje ei vare til mykje høgare pris enn ei anna vara når berre logoen er bytta ut?
- Dette handlar òg om kvalitet og tillit. Kjøper du ein Prior kyllingfilet, får du garantert ein naturell filet utan tilsett vatn og salt, fortel kommunikasjonsdirektør Nina Sundqvist i Nortura.
Les heile saka og prisundersøkjinga i Nationens papiravis eller pdf-utgåve tysdag 16. mars.
Publisert tirsdag 16.03.2010 kl. 05:00

Mest lest
- Brekk lover å redusere inntektsforskjellen - Nationen
- Teppeflate statsråder - Nationen
- Nabolanda våre satsar stort på biogass frå kumøkk - Nationen
- NorgesGruppen satser på økomat - Nationen
- Bondeledere raser mot Coop-melka - Nationen
- Mann døde i traktorulykke i Sauland - Nationen
- Kåret Norges to høyeste trær - Nationen
- Tine forsvarer reklamefilmen - Nationen
- Trekker paralleller til Haga-saken - Nationen
- Vil avfeie tvil om armbåndsskatt - Nationen