? Det gjekk veldig dårleg, og me avslutta samarbeidet i februar. Me selde betre då me satt og ringte rundt sjølve, seier styreleiar Inger Rosenfeld i Den blinde Ku.
Les også:
Etter over ti år i bransjen har ho lært:
? Små nisjematprodusentar må vere til stades der folk er og leggje ned eit stort personleg engasjement. Difor opnar me no butikken Matnisjen her i storsenteret i Ski.
Selde for dårleg
Nedturen med Økohuset var med på at Den blinde Ku i fjor gjekk med 2,5 millionar kroner i underskot. Oppsamla underskot dei siste fem åra er på over seks millionar. Nisjeverksemda arbeider for å få inn nye investorar.
Konserndirektør Harald Bjerknes i Synnøve Finden har fått dårlege erfaringar med å selje økologisk ost.
? Den blinde Ku laga osten, medan me sytte for emballasjen og distribusjonen ut til butikkane. Produkta låg ute i hyllene, men problemet var at folk laut vere å handle, fortel Bjerknes.
Synnøve Finden har no seld alle sine aksjar i Økohuset. Meieriet har ingen eigen produksjon av økologisk ost lenger heller.
Å gje litt ekstra
Inger Rosenfeld håpar den nye butikken på Ski storsenter kan snu ein negativ trend.
? Senteret har 6,2 millionar besøkande innom kvart år. Når me eig og driv eit utsal sjølv, kan me òg leggje ned ekstra innsats i kontakten med kundane. Det er viktig, fortel ostegründeren.
Osteproduksjonen på Ås tok til for alvor i 1999, og meierivarene hausta heider i både Frankrike og USA. Eit utsal heime på garden gjekk òg veldig bra dei første åra, men så har det stilna.
? Å ha ein gardsbutikk ute på bondebygda på Ås blei for usentralt. Difor flyttar me no til eit storsenter. Elles utvidar me vareutvalet med nisjemat frå heile landet. Folk som handlar hos oss, skal finne alt dei treng til ein første klasses gourmetmiddag, seier Rosenfeld.
I tillegg til Den blinde Ku sine eigne ostar og soppar kjem det fisk, honning, marmelade, poteter, sausar, smør og saft og det eine med det andre.
Ikkje berre enkelt
Å starte eigen nisjematbutikk i dag er ingen dans på roser. I Trondheim prøva Norsk gardsmat seg for nokre år sidan med ein flott og påkosta butikk, som ikkje gjekk rundt. I Oslo-området har Farmers Market nyleg lagt ned to butikkar og heile verksemda, etter at finanskrisa slo beina unna salet av stuttreist gourmetkost. Fenaknoken midt i Oslo-gryta, som kallar seg ein spesialforretning for norsk matkultur, har derimot fått det til å svive i over ti år no.
Rosenfeld meiner lokaliseringa på Ski storsenter er ideell, og ho har alt planar om ein butikk til, i Sandvika på hi side av hovudstaden.
På sikt trur ho desse kanalane kan bli viktigare for omsetjinga enn salet gjennom daglegvarekjedene.
? Me har fått billeg leige her i Ski. Me er ein annleis type butikk som kjøpesenteret ser det som ein attraksjon å få inn. Om me berre får tak i nokre av dei 20.000 besøkande som er innom senteret kvar dag, er eg fornøgd, fortel Rosenfeld.
Publisert torsdag 02.04.2009 kl. 05:00 (sist endret torsdag 02.04.2009 kl. 05:00)
