Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Blogg om kongelege brev, attraktive landbrukslandskap og om kva verda eigentleg består av

Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Eit brev med gullskrift og kongen sitt stempel

Personlege brev blir stadig sjeldnare vare i postkassen. Når brevet i tillegg har gullbokstavar og Kong Harald sitt emblem på baksida, blir det fort til at resten av posten lyt venta. Der eg ein morgon sist vinter stod og vende dette svært overraskande brevet i handa, tenkte eg først at det måtte dreia seg om ein form for utspekulert reklame. Eg er knappast den som har markert meg sterkast som tilhengar av monarkiet, så eg kom ikkje på ein einaste grunn til at Kongen skulle ta personleg kontakt.

Brevet var likevel definitivt ekte. Det var ein hyggeleg førespurnad om å bidra med ein artikkel til kongeparet si jubileumsbok. Boka «Alt for Norge» skulle gje eit samtidsbilde av Noreg i dag. Mitt bidrag skulle handla om landbruket, landbrukslandskapet og den rolla bonden både spela og framleis spelar for landet vårt og oss som bur i det.

Kvifor er garden og landbrukslandskapet så fascinerande?

Det tok ikkje lang tid å bestemma seg. Ein seier ikkje nei til Kongen, heiter det. Eg var heller aldri i tvil om korleis eg ville vinkla artikkelen. Eg ville prøva å setja ord på kva som fascinerer oss slik ved garden og landbrukslandskapet. Kva er det som gjer at «småbruk» er det mest brukte eigedomsrelaterte søkeordet på finn.no? Kvifor sit eigentleg bybuen der i blokkleilegheita si og drøymer seg bort til det bygdelivet ein «eigentleg skulle ha levd»?

Det handlar om at landbruk, versjon mangesysleri, ligg tett opp til det menneskelivet og verda eigentleg handlar om, mangfald. I ei tid med hovudfokus på fart og mobilitet, og på å køyra stadig raskare gjennom og forbi, står bonden trygt planta midt i verda. Mangesyslaren må finna meining og verdi her og no, i dei naturgitte, sosiale og kulturelle ressursar som er rundt ein. Det handlar om nærleik, om kreativitet, kunnskap, økologi. Om å balansera menneskelege behov opp mot behova til dei mange andre vesen ein omgir seg med.

Ei reise i landbrukslandskapet er ei reise i variasjon og lokal identitet

Knappe 3% av landarealet vårt let seg pløya. Desse stusslege prosentane er spreidde på veldig mange små grøne flekkar frå sør til nord. Mangfald i driftsmåtar, ressurs- og reiskapsbruk var og er tvingande nødvendig.

Ei reise i det norske landbrukslandskapet er ei reise i denne veldige variasjonen. I mange år har eg vore fascinert av den rolla garden spelar som produsent av lokal identitet. Landbruket skaper bygderommet. Rommet der det stadlege livet spelar seg ut. Den lokale maten, byggeskikken, musikken, mystikken, kulturarva, historiene om staden vår. Dei same ressursane me tek i bruk for å fortelja kven me er og vil vera som lokale menneske. Dei kjem alle frå garden.

Dess likare me blir, dess meir søkjer me det ulike

Forbrukarsamfunnet og den vedvarande globaliseringa tvingar oss til å bli likare. Globalisering handlar til sjuande og sist om å redusera så mange ulike verdiar som råd ned til ein, pengeverdi, skriv den amerikanske professoren Harvey Cox i boka «The Market as God».

Samtidig har me lenge sett at globalisering skaper motkrefter. På eitt nivå blir me stadig likare, men då aukar også søken etter og fokuset på det som ikkje er likt. For me menneske er så mykje meir enn berre verdiar som kan teljast.

Den norske garden som ressurs for reiselivet

Reiselivet har blitt verdas største næring. Me reiser stadig meir. På jakt etter det tapte paradis, etter staden som ikkje er lik. Etter staden der det lokale enno lever.

Her har den norske garden og bygda enorme ressursar å by på. Problemet for det norske landbruket, er likevel at ein har blitt så «sektoriserte» – så fullstendig fanga i dei to t’ane (teknologi og tonnasje) og i eiga produksjonsboble – at ein ikkje ser desse enorme endringane som skjer rundt oss på alle kantar og dei potensial dei fører med seg.

Er «produksjon» berre noko dei store driv med?

«Me legg til rette for produksjon», seier ministeren, og legg fram ei landbruksmelding som i enno større grad vil gjera oss til ein bleik kopi av det storskala tonnasjelandbruket me finn i så utruleg mange andre land. Meir avhengige av tollmurar enn nokon gong før vert me og.

Men det verste med denne retorikken, er signala ein sender til dei tusenar norske bønder som i generasjonar har forvalta vårt felles ressursgrunnlag, desse grøne flekkane som utgjer matjorda vår. Er det ikkje «produksjon» desse har drive? Er det ikkje «produksjon» dei enno driv?

«Den politiske overstyringa mot større og færre har knappast vore så sterk nokon gong.»

Annonse

Dei som utvikla, budde, dreiv og driv det norske landbrukslandskapet, har gjort oss andre ei stor teneste. Landbrukspolitikk kan ikkje handla om å maksimera utbytte i notid på kostnad av framtid. Det må handla om at folk skal bu og trivast der ressursane er. Det må handla om at både notidsmennesket og framtidsmennesket kan eta seg mette.

Norsk landbrukspolitikk er unntak i dag

Diverre er det ikkje sosial, kulturell og økologisk berekraft som står i fokus for landbrukspolitikken for tida. Den politiske overstyringa mot større og færre har knappast vore så sterk nokon gong. Pengeverdi er tilsynelatande den einaste gjeldande.

Likevel finst det ljos i enden av tunnelen. I andre land i Europa er trua på at større alltid er betre, i ferd med å bli utdatert ideologi. Også for parti på den tradisjonelle høgresida. Nye former for mangfaldig landbruk veks fram med kolossal fart, driftsformer som har det til felles at dei legg langt meir vekt på menneskenære verdiar.

Den evigvarande kampen mellom mangfald og einsretting

I ein enno meir overordna samanheng, kan me lesa historia om mennesket som kampen mellom standardisering, reduksjonisme, einfald og einsretting på den eine sida og alltid framveksande og utviklande mangfald på den andre. Denne kampen skjer i alle menneskesamfunn til alle tider. Den rasar også i vår tid. Det burde knappast vera naudsynt å peika på kva side makta og forvaltarane av dei etablerte sanningane oftast har kjempa.

Einfaldsforkjemparane har vunne enkeltslag, men dei vinn aldri krigen uansett kor store politiske og økonomiske ressursar dei evnar å mobilisera. Fordi mangfald er det næraste ein kjem eit svar på mennesket sitt søk etter «sanning». Mangfald er alt rundt oss. Frå det uendelege universet, ned til alle dei kryp som berre er synlege gjennom det sterkaste mikroskopet. Verda er mangfald. Då må menneskeverda også vera det. Elles døyr me ut.

Landbrukslandskapet fortel oss at eit liv borte frå køen ved kassaapparatet er mogleg

Skulle eg velja eitt ord for å skildra det som omgir meg som menneske, er det definitivt dette ordet eg ville valt. Både ordet og fenomenet er vakkert. Mange folkegrupper har opp gjennom historia prissett mangfald så høgt at dei har kalla det Gud.

Det norske landbrukslandskapet er eit fysisk og estetisk uttrykk for kor mangfaldige me menneske i røynda kan vera. I ei samtid som så lenge har vore prega av einsretting i form av forbruk og pengeverdi, har dette landskapet uhyre viktig symbolverdi for oss. Det viser at me menneske alltid har val, at det finst alternativ til den offisielle forteljinga om stadig større og stadig færre, at det finst andre måtar å leva livet på enn i kø framfor kassaapparatet.

Nyttårsønske: ein landbruksminister som vil arbeida for fleire bønder

Slik gårsdagen gjorde det, og slik dagen i dag gjer det, vil også morgondagen handla om mangfald. Ny vekst for norsk landbruk handlar om å sprenga dei snevre tonnasjerammene som i dag rammar inn debatten, og i staden arbeida for å kopla saman landbruket og bygda sine mangfaldige ressursar med fellesskapet og storsamfunnet sine mangfaldige behov.

Men då treng me ein landbruksminister som vil arbeida for fleire – ikkje færre – bønder. Det får vera nyttårsønsket for 2017!

Om kongeleg brev nummer to og eit hageselskap

Eg vil avrunda slik eg byrja. Med eit brev. Tidleg på sommaren kom det nemleg eitt til frå same royale adressat. No med invitasjon til kongeparet sitt hageselskap i Dronningparken. Heller ikkje denne gongen takka republikanaren nei.

Selskapet vart ei storstilt hylling av dei enorme variasjonane landet vårt består av, og korleis desse har påverka oss som folk og enkeltmenneske. Kongen sin tale var eit oppgjer med alle dei som ser variasjon som trugsmål, dei som klamrar seg til einfald og einsretting, som tviheld på eigne etablerte «sanningar» i møtet med det nye. Skilnader kan gje spenningar, men det er frå desse at det nye veks fram. Bygda og landbruket var så absolutt til stades denne solfylte ettermiddagen. Ikkje som dei to t’ane, men som menneske, kulturarv og identitet. Som noko folket samlast rundt.

Eg vil ønskja dykk alle ei god jol! Håpar at mange finn boka «Alt for Norge» under treet i år. Det er ei mangfaldig bok om eit mangfaldig land. Me er så uendeleg glade i dette mangfaldet.

Neste artikkel

Jordbruksmeldingen er en hån mot bonden og miljøet