Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vestfold får jordvernpris

Nasjonal jordvernpris 2017 går til Vestfold fylkeskommune på grunn av tydelege mål i den regionale planen om vern av matjordareal i fylket.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal (Frp) delte ut nasjonal jordvernpris 2017. Foto: Torbjørn Tandberg

Prisen blei delt ut under fylkestinget i Vestfold torsdag, skriv Landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal (Frp) delte ut prisen, og seier at det har vore mykje merksemd kring jordbruk og omdisponering av dyrka mark dei siste åra.

– Vi treng kommunar, fylkeskommunar, innbyggjarar, næringsliv og organisasjonar som har kunnskap om jordvern for at vi skal klare å bevare jord og sørgje for auka matproduksjon i åra framover, seier ho.

Annonse

Nasjonal jordvernpris skal auke medvitet om jordvern og fremje gode idear og tiltak som tek vare på matjorda. Prisen er eit tiltak i den nasjonale jordvernstrategien til Regjeringa.

Neste artikkel

Markant økning i antall dyrevelferdssaker