Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ventar stor import av 
ribbe til jul

For lite norsk svineribbe gjer at kvar femte juleribbe kan måtte importerast. Ingen kan garantere at kjøttet er fritt for MRSA-smitte.

Importbehov: Kvar femte juleribbe kan måtte importerast i år, men stor førekomst av antibiotikaresistente bakteriar på svin i EU skaper bekymring. Mattilsynet kan ikkje garantere at importribba er MRSA-fri. Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen

Resistente svinebakteriar

MRSA er gule stafylokokkar som er resistente mot antibiotika. Grisar blir ikkje sjuke, men bakterien kan smitte mellom dyr og menneske.

I Danmark har fire personar døydd av svine-MRSA. Talet på smitta danskar blei tredobla i fjor.

Måling på slakteria viser at 77 % av danske svin er smitta. 21% av svinekjøttet i danske butikkar har MRSA, viste kontroll denne veka.

Norge vil prøve å halde griseproduksjonen fri for smitte og 26 bruk har sanert. Kontroll av 986 smågrisbruk viste eitt nytt tilfelle.

Liten tilgang på norsk svineribbe fører til at kjøttbransjen førebur seg på storstilt ribbeimport fram til jul. Førebelse anslag viser at kvar femte juleribbe kan måtte importerast i år.

Kvar femte juleribbe

Kjøttbransjen seier importbehovet ser ut til å bli større i år enn i fjor.

– Vi må importere betydelege volum i år. Det er ikkje usannsynleg at opp mot kvar femte juleribbe i år vil vere importert. Signala vi får tyder på at importbehovet i år iallfall ikkje er mindre enn i fjor, seier administrerande direktør Bjørn-Ole Juul-Hansen i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF).

Ifølgje Nortura, som er marknadsregulator for kjøtt, vart det importert rundt 1800 tonn svineribbe før jul i fjor. Det utgjer rundt tjue prosent av salet. Nortura utelukkar ikkje at importbehovet i år blir minst 1000 tonn, men er forsiktige med anslag.

– Kor mykje som blir importert i år kjem an på fleire faktorar, blant anna kor stor grad ribbe blir brukt som kampanjeprodukt, seier direktør Jakob Simonhjell i Nortura totalmarked.

Landbruksdirektoratet har varsla at tollen på importert svineribbe truleg vil bli sett ned frå midten av oktober.

MRSA i kvar femte kjøttbit

Importbehovet for svineribbe melder seg samtidig som debatten om antibiotikaresistente bakteriar på svin rasar i Danmark, som er ein av verdas største eksportørar av svinekjøtt. Danske TV Syd kunne sist veke avsløre at 21 prosent av svinekjøttet i danske butikkar inneheld den frykta svine-MRSA-bakterien, som har tatt livet av fire personar i Danmark den siste tida. Forskarane som gjennomførte undersøkinga er ikkje overraska over at MRSA er så utbreidd i Danmark.

– Vi har jo sett ein klar stigning i talet på svin med MRSA, og det avspeglar seg naturlegvis også i at det er meir svine-MRSA i svinekjøttet, seier seniorforskar Yvinne Agersø på DTU Fødevareinstituttet til TV-kanalen.

Forskingsleiar Hans Jørn Kolmos på Odense Universitetshospital er blant fagfolka som kallar funna sterkt foruroligande.

Utbreidd i EU, utrydda her

Ei undersøking frå veterinærbyrået til EU, EFSA, viste at MRSA på svin alt i 2008 var utbreidd i dei fleste EU-land. Blant landa med størst utbreiing var Spania, Tyskland og Benelux-landa. Sidan den tid har smitten spreidd seg kraftig i blant anna Danmark.

Her i landet har Mattilsynet beordra nedslakt av over tjue grisebesetningar for å hindre at svine-MRSA skal spreie seg og bli eit problem for folkehelsa. Kontroll av nær 1000 svinebruk viste i sommar berre eitt nytt tilfelle og Mattilsynet har eit håp om å kunne halde bakterien borte frå norske grishus.

Risiko for smitteimport

Norske styresmakter har ifølgje Mattilsynet ikkje høve til å kontrollere om det følgjer MRSA-bakteriar med svinekjøttet som blir importert. Assisterande tilsynsdirektør Ole Fjetland kan derfor heller ikkje garantere at juleribba er smittefri.

– Vi har ikkje grunnlag for å be om garantiar eller dokumentasjon per i dag. Det er dermed ingenting som hindrar at det følgjer MRSA med importert svineribbe. Gjennom EØS-avtalen er vi ein del av EU-marknaden. Det avgrensar handlingsrommet vårt, seier Fjetland.

Trass risikoen for at det følgjer MRSA med importribba vurderer Mattilsynet faren for å bli smitta som liten.

– Vi vurderer risikoen for å bli smitta som svært liten så lenge hygieneråda blir følgt. Det er viktig å ha god hygiene på kjøkkenet ved handtering av rått kjøtt, seier han.

– Gir smittesituasjonen i Danmark grunn til bekymring?

– Vi følgjer situasjonen tett, men per i dag har vi ikkje grunnlag for å endre våre råd, seier Fjetland.

«Det er ikkje 
usannsynleg at opp mot kvar femte juleribbe 
i år vil vere importert.»

Bjørn-Ole Juul-Hansen, administrerande direktør i KLF
Annonse

Her er landa vi importerer mest landbruksvarer frå.

Importørar vurderer tiltak for å redusere smitterisiko

Importørar vurderer tiltak for å redusere smitterisiko

Fleire daglegvarekjeder som Nationen har vore i kontakt med seier seg bekymra for utbreiinga av antibiotikaresistente bakteriar. Utsiktene til å måtte importere svineribbe til jul vekkjer ikkje begeistring.

– Vi ønskjer å selje mest mogleg norsk svineribbe. Dersom det blir nødvendig å importere, så vil førekomsten av resistente bakteriar i ulike land vere eit av forholda vi vurderer, seier direktør for næringspolitikk Bård Gultvedt i Norgesgruppen.

Bekymra for MRSA-smitte

Gultvedt seier at antibiotikaresistens er eit stort globalt helse- og samfunnsproblem som Norgesgruppen både er bekymra for og opptatt av. At det er funne MRSA-bakteriar i meir enn kvar femte pakke med svinekjøtt i danske butikkar seier han at Norgesgruppen vil ta med i vurderinga av situasjonen.

– Er det aktuelt å droppe import viss de ikkje kan vere sikre på at kjøttet er fritt for MRSA?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere, men generelt må vi vere trygge på den maten vi importerer, seier han.

Matkjeder vurderer tiltak

Kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop skriv i ein epost til Nationen at Coop ser alvorleg på at land utanfor Norge har utfordringar med aukande grad av MRSA på svin. Han stadfestar at det ikkje er rutinar for å MRSA-teste importert kjøtt.

– Coop og våre underleverandørar har førebels ikkje rutinar for prøvetaking. Per i dag er det ingen krav eller råd frå norske styresmakter, som Folkehelseinstituttet og Mattilsynet, om testing, skriv han.

– Korleis vil de unngå at det blir importert og selt svinekjøtt med resistente bakteriar i dykkar butikkar?

– I dagens situasjon, med underskot av ribbe i den norske marknaden, må Coop selje importert svineribbe for å dekkje etterspørselen frå våre kundar. Coop og vår leverandør er i løpande dialog med det tyske slakteriet for å kartlegge problemstillinga rundt MRSA og eventuelt setje i verk relevante tiltak før vi starter årets import, skriv Kristiansen, som avviser at det er aktuelt å droppe import om det ikkje går å sikre seg mot at det følgjer med svine-MRSA.

– Coop har som ambisjon å vere leveringsdyktig på juleribbe til våre kundar. Vi skulle gjerne selt berre norsk kjøtt, men manko på ribbe tvingar oss til å importere for å dekke etterspørselen, skriv han.

Ifølgje kommunikasjonsdirektør Mette Fossum Beyer vurderer òg Rema 1000 tiltak for å unngå MRSA-smitte i juleribba.

– Dersom behovet for juleribbe blir større enn det vi har tilgang til, vil vi vurdere alternative produsentar og land. Vi vil då gjennomføre relevante testar i forkant, skriv ho.

– Ingen kan garantere

Administrerande direktør Bjørn-Ole Juul-Hansen i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF), som òg har mange kjøttimportørar som medlemer, seier det er vanskeleg å gradere seg mot at det følgjer med MRSA-smitte på importert juleribbe.

– Eg er ikkje kjent med at ein kan MRSA-teste kjøttet og garantiar mot smitte kan ein ikkje få frå noko land. Ein kan derimot prøve å redusere risikoen ved å importere frå landa med minst smitteførekomst og frå slakteri med gode rutinar og god kontroll, seier Juul-Hansen, som elles viser til råda frå Mattilsynet om å ha god kjøkkenhygiene og varmebehandle kjøttet for å unngå smitte.

Neste artikkel

MRSA og norsk svinenæring